søndag 28. desember 2008

Jul, løypekjøring mv.


Me er midt i romjula, og her i huset er dei fleste julegjestene no reist. Det har vori ei litt spesiell jul, med sjuke og skadde folk. Verst gikk det ut over Gaute, som ser ut til å ha rivi av korsbandet i eine kneet under aking nedi bakkane her! Det skjedde forrige dagen – andredag jul.
Om kvelden kjørte eg han til lagevakta i Veggli. Derifrå vart han sendt vidare med drosje til Kongsberg sjukehus for å ta røntgen, og ein ny drosjetur til Kongsberg dagen etter til spesialist/ortoped. Dermed må han truleg gjennom ein operasjon - med ventetid opptil eit halvt år -. Ikkje heilt lystelege utsikter.
Me andre har vori gjennom ”fårången” etter tur, med magesjau og kvalme. Vesle Viil hadde nok smitta med seg frå barnehagen i Oslo. Deretter vart mamma Marte sjuk, og tilslutt eg og Mona. Ho har vori meir i senga enn på beina like frå juleeftan til idag!

Men uansett er det veldig triveleg med masse folk i huset, og rikeleg med god mat.
Juleeftan vart det Marte som fekk hovudansvar for festmaten, noko ho greidde med bravour! Ribba var fyrsteklasses og moltekremen sette spissen på måltidet. Så var det gavedryss, utan nissebesøk. Men seinare i jula hadde me eiga nissejente på garden! Sjå bildet.

Som ein fortsettelse på den forrige bloggen min, såg me 2.-dags morgon eit rådyr som låg daudt i vegkanten ovanfor idrettsplassen. Det var eti på av rovdyr, og me tenkte straks på gaupe. Eg ringte rovdyrkontakt Sigurd, men da han kom litt seinare på dagen var dyret borte. Her er eit bilde eg tok av rådyret der det låg. Dyret var tydelegvis flytta 10-15 meter. Heile halsregionen var eti opp, men ellers var det ikkje ei skramme å sjå. Truleg har reven vori på ferde, for den prøvar gjerne å få laus hovudet for å ta det med seg. Det var ikkje tydelege spor etter større dyr eller kamp, så helst truleg er dyret påkjørt og har daua momentant. I tilfelle har sjåføren gjort noko ulovleg, for Viltnemnda har ikkje fått melding om påkjørsel, slik lova pålegg!




Med det fantastiske vinterværet me har fått, vil eg anbefale ein skitur i løypene oppå høgda. Slik såg det ut da eg kjørte løypa over Barketjønnmyra, akkurat i solnedgangen forrige dagen! Saman med Nils i Torsrud har eg kjørt og slodda løypa frå Langevatn og sørover, nesten til Vrågå. For å koma heilt dit, må me ha meir snø. Men dei som vil gå ei fin rundløype no, kan starte i Søre-Bergan og følgje vegen til Korsløkjin. Deretter oppkjørt løype langs Møretjønnvegen nordover til Svartetjønn, Holmetjønn og Langevatn, og heimatt om Bufjell og ned løypa etter vegen til Bjørndalen. Ein passeleg dagstur no tidleg på vinteren!
Ellers er det moro å sjå at Sigurd Pettersen er i draget att, sjølv om dei beste er samla i hoppuka. Håpar han snart slær heile hurven att! http://www.laagendalsposten.no/article/20081228/SPORT/288557785/1099

Ei fortsatt god jul og eit godt nytt år ønskas alle blogglesarar her frå Nord-Li!

mandag 15. desember 2008

Gaupe

Idag har eg vori med Sigurd Storemoen i skogen. Han er rovdyrkontakt i Rollag, knytta til SNO (Statens Naturoppsyn), og er den som skal ha beskjed om vi ser gaupespor mv. Sjå heimesida til Sigurd: http://sigurd.storemoen.net/rovdyr.htm.
Igår efta kjørte eg skuter for å brøyta skiløypa etter Bufjellvegen, og der oppdaga eg ganske ferske spor etter minst 2 gauper. Så idag kom Sigurd på sporing. Og heilt riktig, det var 2 gauper som hadde passert sørover frå Nilsset/Måsåvåberget, under Torsrudåsen og vidare etter Løytekøsvegen til Larsgardkøsin, truleg i går morgon. Så no er dei gjerne komne til Djupdal, og kanskje over Ulvikbrua til vestsida, ein plass der dei ofte passerar Laugen.

Det er ikkje uvanleg å sjå spor etter gaupe lenger. Ofte kan det sjå ut til å vera berre eitt dyr, for dyra kan gå nøyaktig i spora etter kvarandre lange strekningar, for så plutseleg å deile lag i 2 eller 3 spor.

Det spesielle denne gongen er at ei hogaupe omtrent samtidig vart fanga i gaupebås litt lenger opp i bygda. Ho fekk GPS-utstyr og blei døpt Kari, og er no på vandring nordover i Veggli. Og dagen etterpå kom det enda ei gaupe opp til fella, som ikkje var gjort klar etter forrige fangst. Så det manglar ikkje på gauper her i bygda! Utfordringa er å setta jaktkvoter som er høge nok til å hausta tilveksten, så ikkje folk mistar trua på forvaltinga, og tek seg til rette på eiga hånd!

Bildene er teki av Sigurd. Det fyrste viser dokumentasjon av dagens sporing, og det andre Kari med ei bedøva Kari.
Kari kan etterkvart følgjas på internett, noko forsinka. Slå opp på NINA Dyreobservasjonar og logg deg på http://www.dyreposisjoner.no/
Meir om gaupe kan du lesa på http://scandlynx.nina.no/

Tillegg: Det er masse spor å sjå i skogen no, både etter hare, rev og rådyr. Og ferske elgspor "tussa" det av omtrent overalt mellom bygda og høgda. På turen møtte eg elgkyr med kalv nørst i Løytekøsvegen. Ved Pjolterbordet, i enden av Tobakkrullvegen, flaug det opp ein flokk på rundt 20 orrar, den største flokken eg har sett på mange år! Og fleire stader flaug det opp orrfugl frå "dokk" - nedsnøga grop i snøen.

mandag 8. desember 2008

Norges største skogreservat.

Sist fredag vart Trillemarka/Rollagsfjell freda i statsråd. Dermed er Norges største skogreservat på nær 150.000 dekar eit faktum. Til stor skuffelse for oss grunneigarar, som hadde strekt oss ”110%” for å vera med på ei minneleg løysing saman med dei 3 kommunane våre - Rollag, Sigdal og Nore & Uvdal. Sjølv med 3 einstemmige kommunestyrer, eit einstemmig fylkesting (-1 stemme frå SV), eit einstemmig fylkeslandbruksstyre og ei fagleg tilråding frå miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Buskerud v. Fylkesmann Kirsti Kolle Grøndal, den ”frivillige” løysinga nådde ikkje fram til den norske Regjering. Det eg vil kalla ”den femte statsmakta” i Norge, naturverneliten med sitt propagandaapparat, vant sjølvsagt denne "krigen" og. Dei lever av oppslag i media, ønskar difor konflikt, og har derfor vist seg å vera omtrent umoglege å argumentera sakleg mot.
Dermed er Fjøsli-gardane, der bestefar (Narve Lid f.Fjøslien) voks opp til han var 18 år, vorti reservat! Noko eg aldri ville trudd kunne vori mogleg! Onklane hans, som alle lærte smedkunsten i Fjøslien, har eg skrivi om før (kanskje meir om dei seinare).
Når naturvernfolka fyrste gong lanserte dette kjempeområdet for 12 år sia, vart det omtala som ”urskog”! Ein provokasjon: Over 60 setrar og fleire gardar er ikkje urskog, det skjønar alle. Men bløffen vart godt planta i media. Seinare vart det omgjort til ”naturskog”, eit svært omdiskutert begrep, utan nokon klar skogfagleg definisjon. Derfor har naturvernforbundet no lansert ”eventyrskog”. Dei held kurs i registrering av eventyrskog. Den lar seg neppe katalogisera, men er basert på den enkelte sine følelsar! Og dei kan som kjent ikkje diskuterast.

Som dei fleste skjønar har eg sterke band til dette området. Frå eg som 2-åring vart kløvja til seters på Nybu, tvers gjennom det nye reservatet, har dette vori skogen og fjellet for meg. Som tømmerhoggar i sommarferiane i ungdomen, trytefiskar i tjønnane, moltehentar på myrane osv. Alt dette har eg fortalt om i innlegg frå grunneigarsida på folkemøte i Sigdal, med daverande miljøvernminister Helen Bjørnøy. Og seinare på samling i gardstunet på Fjøslien, med 4 av dei mest sentrale stortingsrepresentantane frå Buskerud, med stortingspresident Torbjørn Jagland, Per Olaf Lundteigen (Sp), Trond Helleland (H) og Sigrun Eng (Ap). Men til inga nytte!
Eg skreiv ein kortversjon av foredraget i Aftenposten. Sjå på heimesida til grunneigarane.
http://www.trillemarka-rollagsfjell.no/default.aspx?ArticleID=64284&MenuID=11699

Bildet over er frå heimesida til naturvernforbundet, og viser Tjønnsetertjønn med Svartetjønnåsen bak.

Mange forskarar har interessert seg for området vårt. Skogforskarane har m.a. publisert denne rapporten frå området ved Gamlevolltjønna, der dei eldste levande grantrea i landet er.
http://www.skogoglandskap.no/filearchive/storaunet_et_al_aktuelt_5_05.pdf
Her ein artikkel som viser 2 bilder frå Øvre Fjøslien (Bestefar står nederst av dei 4 bak på bildet) http://www.skogoglandskap.no/filearchive/rolstad_and_storaunet_2003_trille.pdf

Og Norske naturfotografar har vori her og teki mange fantastiske bilder frå eit flott område:
http://www.trillemarka.no/bilder/art49.htm

søndag 7. desember 2008

Knivbladet og tussekniven frå Sigdal

Ja, no er siste nr. av Knivbladet for i år komi, med masse interessant stoff, mest frå Telemark. I bladet nevner redaktøren bloggen min. Og den til Per Toresen, som er ein rein knivblogg med masse knivstoff. Bloggen min er og kalla knivblogg, sjølv om eg skriv om mange andre ting og. Men tanken er at litt av det eg veit om knivmakarar og gamle knivar vil eg gjerne fortelja om i bloggen min - og gjerne få kommentarar til!
Eg har vori med i knivforeninga sidan starten, og har etterkvart ei stor samling med "Knivblad". Når ein blar i desse, dukkar det stadig opp nye ting som ein ikkje har lagt merke til før, og som får ny aktualitet fordi kunnskapen min om kniv aukar. No har eg sendt inn eit par artiklar til bladet. Ein er basert på noko eg har skrivi om her i bloggen, men litt meir utfyllande om emnet. Den andre er svar på eit spørsmål i Knivbladet på 90-talet. Her er det bilde av eit knivskaft med innrissa nissar/tussar, med spørsmål om nokon har opplysingar om kniven.

Eg har hatt fleire slike tusseknivar gjennom åra. Den eg har no er ikkje spesielt fin, med sprekk i skaftet. Men akkurat den kniven som vart vist i Knivbladet, fekk bestefar min, Nils Bjørge, som betaling for ei geit han hadde på setra ein sommar. Eigar av geita var Kittelsen frå Sigdal. Eg har trudd det var kunstmålar Theodor Kittelsen, som budde på Lauvlia ved Sonern mange år, men det ser ikkje ut til å stemma.
Meisteren for tusseknivane er Engebret Båse frå Sigdal. Knivane er store etter dagens standard, godt over 20 cm lange, og er som regel utan slir. Engebret hadde visstnok ein skomakar til å laga slirer for seg. På dei knivane eg har sett er det gjerne 4 tussar/nissar rundt skaftet, 2 på kvar flatside. Ofte spelar ein av dei fele. Tussane er rissa inn med såkalla "kolrosing": Figurane er fyrst rissa inn med ein kvass kniv, og deretter gnidd inn med ei blanding av finmalen ore- eller furubark og olje. Når dette blir gnidd bort og pussa fint, kjem mønsteret tydeleg og skarpt fram.

Men meir om geita og gjevaren kjem i Knivbladet.

mandag 1. desember 2008

Kvennhølet kraftverk

Her om dagen hadde kraftverket mitt 5-årsjubileum. 5 år - du verden kor tida går! Eg syns nettopp eg dreiv å bygde det, med god hjelp av Leif Haug frå Borgegrenda i Nore. Og den 11.09.03 (nøyaktig 2 år etter Twin Towers) slo Al Kaida? til under kraftverksarbeidet i tunet her, og slapp ein kumring av betong ned på okla mi så den vart knust. Deretter ein 4 timars operasjon med montering av jernskinner, skruar og spiker. Den var heldigvis vellykka, så eg kunne dansa numedalsspringar på den fyrste nyttårsfesten etterpå!

Men attende til kraftverket; eit såkalla mikrokraftverk - eller kanskje det bør kallas eit mikromikrokraftverk. Ingeniøren frå Tsjekkia kalla den i hvert fall "ungen sin", den minste av dei nærare 50 han hadde hatt ansvar for. Kvennhølet kraftverk har fått sin plass i referanselista til Hydrolink /Hydrochom 2003, ( http://www.hydrohrom.cz/reference.htm ) saman med Grønhovd kraftverk som Anders Bjørnsrud i Sigdal kjøpte på turen saman med Sigmund Båstad og meg til Praha. Mikrokraftverk er navnet på dei aller minste, under 100 kilowatt, så har me minikraftverk opp til 1000 Kw, og småkraftverk vidare opp til 5000 KW.

Så korleis har det gått desse 5 åra? Den tsjekkiske Pelton-turbinen berekna på 86 m fall, kan produsera opptil 14 kilowatt. Rundt 10% av dette blir friksjonsvarme i kraftverket. Ved å kjøra verket på ca.11 Kw går det stort sett utan problemer. På 5-årsdagen den 26.november hadde eg produsert i alt 376000 KwH. Altså 75200 KwH i året i gjennomsnitt. Det er omtrent det me bruka her på garden da kraftverket vart bygd, og me enno dreiv med mjølkeproduksjon.
Men produksjonen er ikkje jamn gjennom året, og heller ikkje frå år til år. Li-åa, som i hovudsak kjem frå Bufjellvatnet og frå tjønnet nordom Skarpmosetra, er ein typisk flaumbekk. Den flyg veldig opp i regnvær og vårløysing, og blir omtrent tørr i lengre tørkeperiodar. Heilt typisk i fjor (2007) da alle hugsar 50/100-årsflaumen fyrst i juli. Bildet øverst er teki den 3.juli da vatnet i åa var på det største. 2 månader seinare, fyrst i september, var Li-åa tørr!
Som alle skjønar gjev dette svært ujamn produksjon, og periodevis mykje pass av vatn og utstyr. No brukar me litt mindre strøm enn det me produserar i året. Derfor blir litt levert på nettet - til spot-pris. Andre periodar må me kjøpa strøm, som alle andre, til full pris. Differansen blir som regel pluss i strøm, men minus i "blanke kronur"!
Heile investeringa var på omtrent ein halv million kroner (På størrelse med ein ny VAN 4-hjulstrekk). Slik det no ser ut kan pengane tenas inn att i løpet av 15 år, i spara strømutgifter, og utan å rekna på renter og arbeid/pass. Så det stemmer vel det som eg vart fortalt på kurs om småkraftverk før eg starta opp: "Den som satsar på småkraft, han lever fattig, men dør rik"! Kvennhølet blir nok ingen rik av, men turbinen bør kunna gå lenge etter mi tid. Legg merke til spikeren og konestykket på bildet, som balanserer oppå turbinen. Inga "slingring i valsen" her!

"Inn på tunet" og fotoregistrering


Me har i nokre år vori med på eit prosjekt som bondelaget kallar "Inn på tunet". Me har stort sett hatt besøk av ungar, og etterkvart har det vorti mange bilder. Her eitt med dyre-elskaren Jon med veslepusen - og løvetannkrans i håret.

Løvetann har forresten hatt fleire navn her dalen. Lekkjeblom eller Kjeeblom er to av dei. Alle som har laga lange lekkjer av løvetannstilkar skjønar kvifor. Eit anna navn frå Uvdal er Nattsøva. Dei fleste har vel lagt merke til at løvetann-blomane sprett ut om dagen, og knepper seg att om natta. Det ser ut som dei søv.

Her om dagen ringte eg fylkesfotografen i Buskerud, i forbindelse med registreringsarbeidet me skal i gang med. Og han ville svært gjerne koma og visa oss i gang med arbeidet. Dette skjer neste onsdag, den 10.desember. Men fyrst har me bedi oss sjølve til Lampeland i morgon, så heile gjengen reiser på besøk til fotogruppa i Flesberg, for å sjå og læra. Det blir sikkert både triveleg og nyttig, og gode kontaktar å ha for framtida. Alle gledar seg til å koma skikkeleg i gang!