mandag 23. februar 2009

Martnàn på Røros og kniv frå Gudbrandsdalen


Så var Røros-Martnàn over, ei stor oppleving for den som aldri har vori der før! Masse folk, stapp fulle gater i eit kompakt arrangement, bakgårdar med hestefolk, husflid, salg av varmmat, felespell, alt i ein eim av tradisjonar i denne velfortente "Verdensarven"! Og dans på fleire stader frå kl.12 om dagen til langt på natt. Riktignok stort sett pols, men som alle skjønar har det vori flotte dagar på Røros, og fin temperatur rundt -5 grader.
Ekstra moro var det å treffa ein trøndersk numedøling med feleskrin og toradervenner. Det vart flott musikk og stor stemning i Kaffestuggu, takka vera Bjørnar!
Det einaste eg sakna var knivar. Riktignok var det sameknivar i mange salgsboder, både fabrikklaga og heimegjorte, men berre nye. Eit par lokale knivmakarar sat og viste knivmakeri - flott arbeid, og eit par svenskar seldte eigne knivblad og knivar frå salgsbua si. Men knivhandel med eldre knivar (og klokker) såg eg ikkje. I alle fall var det langt att til aktiviteten på Kongsberg-Marken, som kjem denne veka.
Me overnatta på Vinstra på turen til Røros, og her dukka det opp ein go`bit for ein knivkar: Ein gamal kniv frå Sel som skulle vera frå 1800-talet! Og svært original så langt eg kunne sjå. Knivmakaren visste ingen noko om, men frampå slira sat det ei nysølvplate med navnet G.Rudset inngravert med gamal skrift (Navnet ser ut til å ha vori skori inn i slira under skiltet fyrst).

Det er felt inn perlemor som pynt i skaftet, og rissa eit enkelt geometrisk mønster i treet som ramme rundt perlemorplatene. Innerst på knivbladet er det ei brei pynteplate i nysølv heilt rundt bladet, dekorert med to paralelle striper. Slira har ein enkel doppsko i nysølv nederst, og ingen holk høgare opp. Den er nokså originalt dekorert, med ein utskoren figur forma som eit tre i læret over doppskoen. Ellers er det opphenget som ein legg merke til; Fyrst ei enkel hempe av lær sydd bak på slira. Til ein messing?ring på toppen av hempa, er det festa ei lærreim med spenne i, klemt fast av ei nysølvramme og med ei trekanta nysølvplate i tuppen av reima. Begge er pynta med enkel dekor.

Her er bilder som viser kniven og nokre av detaljane. Dei kunne vori betre, men viser litt av det eg har beskrivi. Eg vil gjerne høyra frå folk som veit meir om knivmakar eller eigar.

mandag 16. februar 2009

Marken, Oskar-knivar mv

Snart er det Marken på byen att, men fyrst reiser Mona og eg til Røros-Martnàn. Det blir ei ny oppleving, med eit ekte folkeliv med hestar, dans og musikk som ingen andre kan oppvisa maken til - ifylgje omtala på førehand. Kanskje tek eg med nokre knivar, for det finns sikkert knivfolk her som på alle andre markenar. Spennande blir det i alle fall. Me skal bu hjå svigerforeldra til Marte midt i byen!

Neste veke kan me fortsetja på Kongsberg, der knivfolket no har fått eigen samlingsplass i den søre fløya innanfor utstillarane i Bergverksmuseet - ei framifrå løysing etter mitt syn. Per Toresen skriv meir om dette i sin blogg, og i referatet frå fjoråret presenterar han ein kniv laga på Kongsberg, som ingen veit kven har laga. Nedre doppskoen er dekorert med både svaner og gevær. Er det nokon her i distriktet som har peiling, er me fleire som gjerne vil høyra. Sjå nederst i artikkelen http://kniver.blogspot.com/search/label/Kongsberg-Marken%202008

Trygve Bjerknes, som no er død for nokre år sia, var tidlegare KV-arbeidar og ivrig knivmakar. Eg køpte ein gong ein kniv av han, som skulle vera ein etterlikning av ein Kongsberg-kniv laga på KV. Modellen var svært lik dei andre knivane han laga, lik ein Numedalskniv, men på den nedre doppskoen var det forma ei fløy rundt enden av kniven (sjå bildet). Eg er og veldig interessert i om det finns nokon som kan bekrefta det Trygve fortalte, eller kjenner til gamle knivar som liknar denne.

Eg har tidlegare nevnt Oskar Bye, som dreiv keramikk-verkstad her på garden. Han var veldig glad i besøk, og satt gjerne med noko trearbeid i hendene medan praten gikk. Enten vart det sleiver eller treskeier, eller han laga knivar. Det var typiske bruksknivar, gjerne med gjennomgåande tange og ein gamaldags dansk 25-øre med hol i som topp-plate på skaftet.
Ein spesiell knivtype han spikka, med snitta skaft, hadde han i ungdomen sett ein gamal kar på Rødberg som gjorde. Her er bilde av Oskarknivane me hadde på utstillinga på Rollag Bygdetun for eit par år sia. Den med snitta skaft er nr.2 til høgre. Denne modellen har eg prøvd å laga etter, med slir som står litt i stil med skaftet. Her ei gave til Terje, etterfylgjaren min som skogbrukssjef i Flesberg.

Lågdalsmuseet på Kongsberg fekk ei fin gave frå arvingane til Oskar, både keramikk og trearbeid/knivar. No i Marken er nokre av knivane hans stilte ut der saman med trearbeidet, medan keramikken er teki vekk for å gje plass til teikningar og maleri av Kongsberg-kunstnaren Herman Gundersen. For interesserte er utstillinga åpen frå 10-15 på kvardagane.

mandag 9. februar 2009

Kampen for tilværelsen

Det fantastiske vinterværet heldt seg, og med kulda og djupsnøen kjem fuglar og dyr ut av skogen og søkjer inn til folk.


No "tussar" det av elgspor oppover i skogen heilt ned mot tunet her. I natt har det liggi dyr under epletreet ved grisestallen, etter fyrst å ha kosa seg med kvistar frå siljua og morelltreet ved postkassa. Frå bergryggen ovom grisestallen har elgen hatt flott utsikt til tunet - og dramaet som det var så tydelege spor etter då me kom ut i dag:

Etter vegen mellom bygningane her var det spor etter både rådyr og rev. Begge hadde heldi stor fart. Tydeleg at det eine dyret hadde jaga det andre - og gjett kven? Det fyrste eg såg var spor etter rådyr i lange hopp rett mot huset vårt. 3 meter unna hadde det bråsnudd attende rundt tuntreet. Men bak lønnen hadde reven tydelegvis kutta svingen, angripi rådyret i eit par byks og fått det i bakken. Etter litt basking hadde rådyret kjempa seg i tunge hopp nokre få meter til det deisa i bakken att. Parallelt med rådyret var spora etter bakbeina til reven, som tydelegvis hadde hangi på rådyret. Sjå bildet.

Rådyret hadde kjempa seg laust att, byksa ein runde rundt bua - med reven etter! Deretter i full fart nedom huset vårt, ein runde inn under verandaen - og reven etter. Rart ingen av oss vakna?
Så i fullt sprang nord mot låven, under låvebrua og ned i snøhaugen nordom låven, der reven på nytt hadde fått rådyret i bakken. Eit nytt basketak før dyret slapp laus att, ein kjapp sving rundt foringsplassen til kyrne nedmed bjørka, med reven i hælane, den hadde kutta svingen utan å nå att rådyret denne gongen.

Etter å ha følgd kyrtråkket nedom låven, forsvant spora nedover jordet, inn i eit skuterspor ned til huset til tante Sigrid nedst i jordet. Reven hadde hoppa etter oppi rådyrspora, men neppe i full jakt, og spora forsvant til skogs nordover mot boligfeltet. Det var ikkje blodflekkar å sjå på "kampplassane", berre nokre få hår.

Dette vart litt av ei historie, og kva som vidare skjedde, om rådyret greidde seg i djupsnøen, eller reven fekk steika si, veit eg ikkje, for her stoppa sporinga mi. Det er sjeldan ein kan "lesa" så tydeleg ein kamp på liv og død - og det rett utanfor eiga stugudør! Og at rådyra har strie dagar no, sjølv utan reven i hælane, er det ikkje tvil om.
Reven har forresten vori gjengangar her dei siste nettene. Så da katta vart borte nokre dagar før helga, rekna me med at ho hadde enda som revemat. Men den gang ei, her ein morgon var ho ved fjøsdøra att, utan ei skramme. Og katta har som kjendt ni liv!



På foringsplassen i dag kosa kyrne seg som vanleg i solskinnet, utan å ane kva for drama som der hadde gått føre seg nokre timar tidlegare.

søndag 1. februar 2009

Vinter i Norge

Det har vori "tørke" i bloggen min ei tid no. Etter begravelsen til mor, hadde me ei minnerik samling i Kjørkjestugu, med familie, vener og grannar, ei høgtidsfull og triveleg minnestund.
Og sia har det gått slag i slag, som AFP-pensjonist går dagane i ein fei!

No i månadsskiftet januar-februar er vinteren her for fullt - slik me hugsar`n frå "gamle døgør"; Snø, sol og kulde! I dag tidleg viste gradestokken -20, det kaldaste me har hatt i vinter. Best er det å sitta inne å fyre, men det er så fint ute at ein må ut i snøen og sola ein tur. Vedhenting, sjekking av vatnet i kraftverket og foring av kryture er faste gjeremål.
Og naturen innbyr til fotografering. Her er 2 bilder frå kjøkkenglaset kans: Fyrst ved soloppgang på morgonen, med kulde og skodde over Rollag sentrum, og solskin på Trynefjell og Bratteberg. Så ved solnedgang, med skugge over dalen og Bergsjø, og motsol gjennom bjørketrea i Storerøys. Og så eit bilde frå stuguglaset: Frå takrenna heng det svære istappar og blinkar i sola!

Fredagskvelden var det plateslepp på Veggli vertshus. Folkemusikkgruppa "Hått" med Nils Øyvind Bergset i spissen har spela inn gammal dansemusikk her frå Numedal, Telemark og Valdres. Med seg har han Per Anders Buen Garnås på hardingfele og Anders Erik Røine på gitar mm. Eg sit og hører på plata no mens eg skriv. Mange av melodiane er nye for meg, men musikken er kjend - det var denne me dansa etter i ungdomen, da det var fest omtrent kvar einaste helg på eit eller anna ungdomslokale her i dalen. Ein tradisjon som no dessverre er heilt borte. Litt frå "plata" kan høras på videoopptak i Laagendalsposten: http://www.laagendalsposten.no/article/20090131/NYHET/273411264/1099