Sist veke var det landskappleik, eller folkemusikkNM som det heiter no i år, når landskappleik og landsfestival er slått saman til eitt arrangement. Vi var på Geilo og dansa lagdansen onsdag (nr 31 og sist, sjølv om me syntest det gikk svært bra, med liv og latter ;-). For fyrste gong stilte Numedal spel- og dansarlag 2 lag, og ungdomane i det andre laget smelte til med ein 4.plass - gratulerer! Og formann Thov vart Norgesmeister på munnharpe, poenget framom vinnaren på fløyte, Steinar Ofsdal. Slå den!!
eksemplar i alle fall. Er det nokon av lesarane som veit noko?
På pinsetreffet i Eidsfoss i slutten av mai er det noko for ein kvar knivsmak! Emner, knivblad og gamle og nye knivar til salgs. Og samlarar med flotte samlingar, der dei flottaste "knivtya" ikkje er til salgs? Av nye knivar tok eg bilde av dei treslips- og knivmakar Martin Elgum frå Drammen hadde laga. Flott håndverk! Sjå heimesida hans: http://home.ebnett.no/melgum/index.html
Kva meir er å fortelja? Jau, at eg for ei tid sia kravla i brattaste lia under Ørneflaget. Frodig var det her øverst i lia; Hegg og rogn blomstra, og på bakken voks firblad og nybeita turt!
Og der, på eit toppbrekk i toppen av den grøvste grana oppunder åsen, låg ørnereiret. Tydelegvis ikkje bebudd i år, og rart er det: Ifjor var det liv her, sjølv om det iblant var snøskutertrafikk under lia. Men før jul fekk me muntleg beskjed frå Hege i kommunen om å stansa all kjøring her p.g.a.ørnereiret, etter fyrst å ha fått løyve til nyttetransport.
Kravet kom visst frå Fylkesmannen. Så det var inga skuterkjøring her i vinter - og ikkje liv i reiret no sommaren etter! Dyrelivet er viss ikkje heilt logisk og beregneleg?
Innstillingane på kameraet mitt har svikta, så no ser eg ikkje korleis bildene blir før eg lastar dei ned på pc`en. Men idag dukka eit flott motiv fram nedom kraftverksdammen, og her er resultatet. Ei fevril, utan namn så langt.
Litt uskarpt vart det visst, men ok--.