lørdag 12. desember 2009

Nytt og gamalt frå skog og mark

Ei "intetsigande" bloggoverskrift ;)
Eigentleg er det to vidt forskjellige tema eg ville skriva om, nemleg Gaupe og Gløersen -.

Her om dagen var det ferske spor etter gaupa att, rett nedom kraftverksdammen sønnom Våsedokk. Det er no meir vanleg å sjå gaupespor enn det var å sjå elgspor da eg var liten - på 50-talet. Da hugsar eg me gjekk "mann av huse" ein vinter for å sjå på elgspor som kryssa vegen ovanfor garden!
Attende til gaupespora. Fyrst såg det ut til å vera fleire i følgje, men så såg eg at gaupa hadde gått i same sporet i begge retningar. Dette er visstnok ganske vanleg iflg. rovviltkontakt Sigurd Storemoen, som kom og såg på spora.

Så, knappe 100 meter sønnom dammen, låg det eit halv-eti kadaver av eit rådyr. Ja her hadde gaupa meska seg! På ein stein oppå ein haug rett på sørsida hadde ho liggi og kvilt, og spretti avgarde i lange byks sørover. Kanskje vart ho skremt da eg kom på snøskutern for å renska snø ved inntaket til kraftverket?? Ho hadde nok full kontroll, sjølv om ho kunne sjå bort til husa på Våsedokk!







Bildet viser kvileplassen, med rådyret mellom bjørka og grana bak, og husa på Våsedokk.





Så var det Jacob Gløersen, kunstmålaren som med jamne mellomrom gjennom mange år budde og måla sine bilder her i bygda. Fyrste gongen han var i Numedal, det me kjenner til, var på studiereise i 1884. Da reiste han gjennom Numedal, Sigdal og Krødsherad.

Eg har etterkvart samla ganske mykje opplysingar om Gløersen, bl.a. frå 122 brev i Håndskriftregisteret i Oslo, og bilder frå katalogar og auksjonar. Dei siste par åra har det vori "tørke" med Gløersen-maleri på internett, men i sommar dukka det opp eit bilde i Sverige, som ikkje vart seldt. Da det på nytt dukka opp no seinhaustes, til rimelegare pris, baud eg på bildet. Så no er eg den lykkelege eigar av eit bilde måla i Sigdal i 1889! Eit flott maleri, etter min smak!

Kva veit eg så om dette bildet? Andreas Mørch skriv i bygdeboka for Sigdal at "Jens Varsla ble, som felemaker, malt av Jakob Gløersen i 1889, men bildet kom til Sverige". På Haustutstillinga dette året hadde Gløersen to bilder frå Sigdal, "Felemaker" og "Landskap". Det siste er sannsynlegvis bildet "mitt", som har tittelen "Landskap med vårbäck og flicka".
Korleis bildene har havna i Sverige, veit eg ikkje. Men det var nokså vanleg på den tida å senda bilder til utstillingar i Sverige, der det var meir internasjonal kunst og fleire kjøparar. Om nokon blogglesarar derute veit meir om dette, vil eg svært gjerne høyra :-)

lørdag 5. desember 2009

Kurs i knivlaging og smiing av knivblad

Ja, så er knivkursa avslutta, med bra resultat :)
Det var 5 som fullførte kvart av kursa, slik at me no skulle ha fleire nye knivmakarar og smedar i laget. Kanskje me snart kan kjøpa blad av vår eigen knivsmed? Sist onsdag hadde me forresten besøk av Edvin Flesvik frå Rukkedalen, tidlegare Rødberg, med sine knivar og knivblad. Optimismen blant dei nye knivmakarane er stor, med innkjøp av mange knivblad!

Her er 3 av dei ferdige knivane. Og kursdeltakarar i arbeid, under kyndig leiing av erfarne medlemer i Rollag knivlag.
Og her er den flotte kommentaren på bloggen til ein av deltakarane på knivkurset vårt:

Frå smedkurset har eg desverre ikkje noko bilde, men kommentarane frå deltakarane hjå Jan på Søre Vatnebryn var og svært positive. Alle fekk smidd kvart sitt knivblad, og eit par greidde to. Deltakarane der kom både frå Oslo, Kongsberg og Rollag. Oslokaren som hadde lengst reiseveg, var ein skikkeleg tøffing som overnatta i eige telt på tunet på Vatnebryn - trass i snø og kuldegrader!
Så dukka det opp ein ny knivbloggar som kommenterte bloggen min da eg skreiv om kursa fyreåt. Kjempeflott med nye kontakter! Av bildene på bloggen hans ser han ut til å vera ein utsøkt knivsmed, Asbjørn Solheim frå Østfold. Sjå bloggen http://hobbysmed.blogspot.com/ og heimesida: http://home.online.no/~j-irenb/index.cfm

Forrige fredag var eg i på årsmøtet i Nore & Uvdal historielag og snakka blant anna om knivar og knivmakarar. (Hovedtemaet var om gamle plantenamn og bruk av planter, særleg frå Uvdal - der lærar Andreas Flom samla tradisjonsstoff på 1940-talet og sendte folkeminneregisteret i Oslo. Og litt om kunstmålar Jacob Gløersen sitt opphald i Nore i 1892. Altså ganske variert, kanskje i meste laget?)

På møtet hadde fleire med seg gamle knivar. Spesielt ei samling frå Øvre Uvdal var spesielt interessant. Fleire med Tinndølsblad. Blant anna denne frå 1918 med stempil som eg ikkje finn i smedboka frå Tinn!
Bildene er teki i all hast, men eg håpar å få betre tid og bilder ved eit seinare høve!

torsdag 22. oktober 2009

SNIPP - SNAPP - SNUTE

Så har makta talt. Rollag kommunestyre vedtok i kveld med 9 Ap-stemmer mot 8 frå Sp og Krf: Bygda skal trappas ned! Skulen skal vekk!
Dette står i Laagendalsposten, lokalavisa her i Numedal og Kongsberg: http://www.laagendalsposten.no/article/20091022/NYHET/754474803/1099

6 grendeskular vart til ein sentralskule ved Rollag sentrum i 1958, og eg gikk det 7.skuleåret mitt her. Møtet i kveld fekk meg til å skriva denne kommentaren til Laagendalsposten:

"SNIPP - SNAPP - SNUTE.
Huff, detta vart ei flau forestilling for over 50 engasjerte frammøtte! Det fekk meg til å tenkja på folkeeventyret:
"Det var ein gong for lenge, lenge sia - i 2007, at 3 parti gikk til valg i Rollag kommune. Alle lova at dei neste 4 åra skulle det ikkje bli ny eigedomsskatt i kommunen, og skulestrukturen skulle ikkje røras!!
Alle tri vart valgte, og den store bukken Bruse fekk styringa.
- Så gikk eit laaangt år, og kommunen vart fattig må veta: No må me ha ny eigedomsskatt, sa dei største bukkane Bruse! Da fær me så mykje pengar, at me lovar å ikkje røra skulane (Greitt å lova påny det samma som ifjor). Slik pressa dei på - til dei fekk det som dei ville, koste kva det koste ville!
- Ikkje før hadde dei fått tak i desse pengane, så fant ein glup bukk på ein ny idè: Me fær "Bukken med havresekken" til å finna ut om 1 skule er billegare enn 2 - og det fant han greitt ut! Med eit enkelt reknestykke som han kalla "konsekvensanalyse"!
Da bestemte den største bukken Bruse at dette gjer me! Og han var så stor og sterk at den mellomste og den minste bukken Bruse ikkje hadde noko dei skulle ha sagt!
Og snipp, snapp, snute - så var Rollag skule ute!”


Ps. Problemet med dette eventyret er at politiske lovnader blir som døgnfluger - utan verdi dagen etter. Og interessa og respekten for politikk går den vegen høna sparkar, dessverre!"



Eg er ikkje den einaste som reagerer. Ganske sterkt frå Bloggen til CORVUS CORAX, med dette bildet:

"fredag 23. oktober 2009
Fader, forlat dem! for de vet ikke hvad de gjør.
- Lukasevangeliet 23:34 -"



Og ein anna blogg: http://rollagdailyphoto.blogspot.com/

lørdag 17. oktober 2009

Pentagon-samling!

Hei, kva betyr dette? Amerikansk historie? Neida, men eit viktig treff for oss det gjaldt, nemleg 6 hybel-sambuarar på Pentagon - studentboligane på Landbrukshøgskulen på Ås. Me budde sammen i kjellaren i blokka med namnet "Grotten" for 40 år sia!

Ole og Marit ba inn til samling på Haneberg, Hauge i Dalane. 4 par møttes, og me hadde ei flott helg med masse mimring, bl.a. lysbildeframsyning av Harald frå den store "Generalutferden" vinteren 1970, da 8 av oss hovedfagsstudentar "tok fri" frå alle forelesingar, og arrangerte privat fagtur rundt Sørland/Vestland i 14 dagar!


På vegen vestover kjørte me om Jøssingfjord, med den berømte plassen Helleren, som fram til 1916 var husmannsplass under garden Haneberg.

Lenger vest ligg den idylliske strandstaden Sogndalsstrand, som frå gamalt av har vori deilt mellom gardane på Hauge, Aarstad, Frøiland og Haneberg. Her har Marit etablert "Bryggegalleriet" ytterst på brygga, der ho sel dei flotte batikkbildene sine. Ho og Mona gikk kurs i batikk da me budde på Ås fyrst på 1970-talet. Marit har seinare utvikla kunsten sin, med eige nybygd atelier på garden.



"Gjester i atelieret" - og til høgre - "Mottakelse i galleriet"



Sjå bilder frå utstillinga Marit hadde i Egersund i sommar på:
http://egersund-terracotta.no/Sommeraktiviteter.asp

Sogndalsstrand med smale gater og gamal bebyggelse, er eit attraktivt turistmål idag, med rundt 60000 besøk kvart år!

På 1700-talet var det blomstrande trelasthandel og gode fiskeri på kysten her, og Sogndalsstrand vart ein viktig strandstad, med kjøpstad-status (ladested) før Stavanger, og eigen kommune fram til 1948.
Her renn elva Sokna ut i havet. Elva var eingong ei god lakseelv. Etter at grunneigarane langs elva fekk igang eit kalkingsprosjekt på slutten av 80-talet, er laksen no attende i elva i store mengder!
På den "nye" moloen ut frå ei nybygd amfiscene, er det laga kunst av naturstein, med stiliserte menneskefigurar plasserte med jamne mellomrom langs sjøsida.
Ei lita hytte ytst på berga, med utsikt like til Lista fyr, vart i si tid bygd som vakthus for tollvesenet, og seinare bruka som vaktpost for statslosen i Sokndal.
Onkelen til Ole, Bernt Marcelius Haneberg, var los og tok hytta i bruk som loshytte. Han seila i mange år som kystlos mellom Oslo og Bergen, mellom anna med kystruta "Kronprinsesse Märta". Seinare blei han fast stasjonert statslos, og bruka losskøyta "Sjøløven", som no ligg på sjøfartsmuseet i Oslo.
Hytta er idag eigd av Haneberg realsameige, og vart sist bruka i innspelinga av fjernsynsprogrammet "Queendom: Alle snakker norsk", som vart sendt på NRK sist onsdag: Fire farga jenter kjem til Sogndalsstrand for å underhalda, der den lattermilde og litt surrealistiske arrangørdama bur i denne hytta. I fleire av filmsenene er det flotte gamle gatebilder frå Sogndalsstrand, stort sett det einaste som gjorde filmen interessant etter min smak!

Meir om Sogndalsstrand finn du på heimesida http://www.sogndalstrand.no/default.htm

lørdag 10. oktober 2009

Knivkurs og smikurs

Ja, så har me endeleg fått bestemt knivkursa me har prata om i mange år, både smiing og knivlaging. Og begge kursa var nesten fulltegna i sommar, på Vegglidagane, så kanskje må me ha fleire seinare? Sjå omtala i Numedalsnett:
På denne nettsida er det bilder frå tidlegare arrangement på Rollag bygdetun. Fyrst med Svein Bekkjorden og Halvor Næsset med knivutstilling og knivmakeri, og deretter Edvin Flesvik frå Rukkedalen, opprinneleg "Vikugrending", med smiing av knivblad.

Desse arrangementa har vori populære både blant bygdefolk og gjester på bygdetunet. Me har prøvd å stille ut både gamle og nye knivar, fyrst og fremst av knivmakarar her frå bygda. Det er mykje arbeid med innsamlinga, men du verden så moro det er når ein får til ei fin og omfattande utstilling. Slik kan det sjå ut på kjøkkenbordet når me har samla inn gamle knivar av Storemoen, Deildokk-karane, Sigvart Viken, Nils Skarpmoen, Ingebret Landerud m.fl. Da er det lurt å ta bilder, for ettertida.

I tillegg til knivmakarane, har me hatt eit betydeleg antal eggsmedar her i bygda, dei fleste aktive på slutten av 1800-talet. Da er det naturleg å ta med stempla knivblad, gjerne montert i gamle knivar som enno finns i bygda. På bildet er den øverste kniven ein spesialkniv til bruk ved snurufangst, laga av knivsmeden Knut Bjørndalen i 1910.

Så er det å få med knivar av dagens knivmakarar, medlemene i Knivlaget. Her er knivane til Jan Løkseth, som no har såpass produksjon at han sel knivar. Bildet er eit par år gamalt, så modellar og finish er utvikla vidare på dei knivane han lagar idag.

Ellers er det viktig å formidla vidare kunnskapen om knivar og knivmakarar, både i fagblad og lokalt. Derfor har eg skrivi litt i "Knivbladet" som Norsk knivforening gjev ut. Og når ein er så heldig å få profesjonell hjelp med fotograferinga av redaktøren i bladet, er det moro å sjå resultatet :-) Dette gjeld forresten alle som har ei historie eller anna å fortelja som få kjenner til; Skriv ned det du hugsar for etterkomarane, det kan bli gull verdt.
Her om dagen kom det nytt nummer av Knivbladet, der artikkelen min om Kittelsengeita og tussekniven står. Det er moro å sjå det ein har arbeidd med koma på trykk, og i Knivbladet blir det meste bra!

mandag 5. oktober 2009

Snø og jakt.

Lurdag kom fyrste snøen. 10-15 cm våt snø på høstfarga lauvskog, rognebær og epler. Alt for tidleg, men eit fantastisk skue!

Eit gammalt ordtak seier at "rogna skal ikkje bera bør to gongar same året". Her skjedde det same dagen! Men eigentleg betyr det at det skal bli lite snø i vinter - så me får sjå -.
Hadde forresten celebert foto-besøk i tunet, nemleg mangesidig bloggar Stormel, alias Corvus Corax. Sjå bilde av kryturflokken under Rollag Daily Photo http://4.bp.blogspot.com/_t3tL6LOTubU/SsiTFvdnMuI/AAAAAAAABNM/ULzBJIzsd-A/s1600-h/folk+og+fe3.jpg

Eg rakk og vera med på elgjakta 2 dagar sist veke. Og det morosame var at det same skjedde no som under reinsjakta i høst; Eg skaut dyr fyrste dagen! Det eg trudde var ei einsleg elgkvige, var truleg ei 2,5 år gamal kyr utan mjølk i juret. Altså utan kalv. Den datt ovanfor Hoffsmoen, rett sønnom Bergangrenda. I dette området er målet å redusera elgbestanden på grunn av beiteskadene på innmarka. Det same gjeld "Uttakleiva". Hittil har me fått 4 dyr på kvart område, og alt i alt 11 dyr fyrste veka. Ein elgukse er felt - slik som planlagt - og fleire flotte uksar er sleppte forbi postane. Så langt ser elgstamma ut til å vera minst like stor som før, og fortsatt kanskje i største laget i forhold til beitegrunnlaget -?
Her er eit bilde av knivmaker og bikkjemann Ronny som åpnar buken på elgen "min" med sin spesielle bukåpnar-kniv.

Og eit bilde frå vidda. Det regna under slaktinga av reinsbukken eg fekk ved Meinsbunutane. Eit lite skimt av Bjornesfjorden mot Lågaros i bakgrunnen.






onsdag 30. september 2009

Frå Vidda















Bjornesfjorden "Morgon" og "Kveld"

Er forlengst nede att frå Vidda - med ein masse inntrykk og gode opplevelsar!
Ein ting var det fantastiske fisket i Bjornesfjorden. Med gjennomsnittstørrelse på råkåfisken på 800 gram etter sløying. Her ein stolt fiskar i full jobb.
Resultat av årets råkåfisk blir presentert på Fjellmatfestivalen i Uvdal. Sjå http://www.fjellmatfestivalen.no/default.aspx?ArticleID=52942&MenuID=10712
No har Ola fått si eiga heimeside om råkåfisken frå Vidda, der du kanskje kjenner att eit par bilder frå denne sida? http://hardangervidda-rakfisk.no/index.php

Jakta gikk bra i starten: Even fekk simla si og eg bukken alt fyrste jaktdagen. Seinare gikk det ikkje fullt så bra. Me fylte ikkje kvoten på 5 dyr, men hadde fleire sjanser og dyr i området dei fleste jaktdagane.
Ellers er det alle merkene etter bruken av Vidda gjennom århundrer ein legg merkje til. Og da særleg alle steinbuene som ein finn restar av nesten overalt. Her er tre bilder: Fyrst to frå Kilebua, som har hatt eige lagerrom ved sida av bua. Så restar av ei steinbu ved Langebuåa.

Seint ein kveld flaksa det plutseleg ei svær ugle i lommelyktskinnet utanfor bua. Kasta seg omtrent som ei flaggermus, berre eit par meter over hovudet på oss. Den såg heilt kvit ut under vengane, men var kanskje i minste laget til å vera ei snøugle. Ein kveld seinare var det 3 ugler der i skumringa, og på Fønnebu hadde dei besøk av 4 ein kveld. Det var dessverre så mørkt at dei var vanskelege å artsbestemma.

Når eg kom heim frå fjellet, var siste nr. av Knivbladet komi, med artiklen min om "Kittelsengeita og tussekniven". Moro å sjå det ein har skrivi på trykk.

torsdag 27. august 2009

Hardangervidda neste!


No er fiske- og jaktsesongen for bygdefolket på Vidda igang, og 2 gamle og eitt nytt fiskelag her frå bygda er i gang med råkåfiskhøsting i Bjornesfjorden. Det nye er at Ola Hov har leigd Kilefisket, og kjøpt inn 140 garn! Han og Halvor Næsset har hatt meir enn full jobb dei fyrste 14 dagane - med bra resultat! No gler eg meg til å koma innover :-)
Ola, Halvor, Even Tråen og eg har jaktlag med 5 fellingsløyve, 2 bukkar, 2 simler og ein kalv.
Bildet viser Anders Eriksrud på reinsjakta 2007.
I går var det 2. jaktdagen, med dyr på sørsida av fjorden og mot Lågaros, og fleire Numedølar fekk dyr. Ein av dei heldige/dyktige var Roy Sjødal, som debuterte som Rølling i allmenningen, sjå bloggsida hans http://hjortefot.blogspot.com/2009/08/reinsjakt-pa-storbukk.html.
Men idag er sønnaveret her att, og med det er dyra nedom Telemarksgrensa att. Så er det berre å følgja med på nettet, på Oluf Fønnebø si heimeside http://www.fonnebo.net/ , på reinsmeldinga på Numedalsnett: http://www.numedal.net/reinsmelding - og været på http://www.yr.no/stad/Noreg/Buskerud/Nore_og_Uvdal/Bjornesfjorden/langtidsvarsel.html

Naturen er forresten raus på mange måtar i år; Brukbart med molter i det nye verneområdet kans, og masse flotte blåbær. Og no kjem tyttebæra og store mengder med sopp. Meir kantareller enn eg nokon gong kan hugse å ha sett! Så kom dekkan ut og plukk sunn og god matauk.

Eg hadde tenkt å skrive meir om namn i skog og mark, og sagn og forteljingar, om hendingar her, og kva namna kjem av. Gjerne med eit bilde eller to til. Og kanskje aller helst koordinatar med GPS. Men dette krev forarbeid, og må venta litt.
Og om knivar og knivlaget. Me har vori med på 2 arrangement i sommar. Dagen på bygdetunet har eg skrivi om før.
Så var det Vegglidagane midt i august, der me hadde eigen stand med knivutstilling, litt salg mm. Mange interesserte var innom. Ein av dei reiste heim og henta samlinga si av Tore Noddeland-knivar, som knivmakaren sjølv meiner kanskje er den finaste samlinga av knivane hans som finns! I alle fall ei oppleving å sjå, med fint utskorne Olavsknivar i gull, i elfenbein og "årets kniv" frå Elverum for eit par år sia. Desse knivane håpar me å stilla ut ved eit seinare høve, så mange fleire får sjå dei.
Sjå dei flotte knivmodellane på heimesida: http://www.noddeland.com/kniver.php
Og så var det utlodding av 2 knivar. Brukskniven laga av eldstemann i knivlaget, Asbjørn Hovd, vart vunni av Gjermund Fugleåsen. Han har i tillegg ei fin knivsamling frå før. Men hovedgevinsten, ein flott sølvkniv av Gunnar Berg med skaft i bøffelhorn, havna hjå same karen som vant bunadkniven til Halvor Næsset ifjor - nemleg vertshuseigaren i Veggli, Paul Tore Halvorsen! GRATULERER! (Dessverre glømte eg å ta bilder :(




lørdag 18. juli 2009

Bygdetunet med foto, kniv og dans.

Ja, no er det full fart på bygdetunet att. Sist helg åpna me med fotoutstilling, mest gamle bilder frå bygda, med folkeliv, gardar og landskap. Og bryllupet på Wårviken med sekkepipeblåsaren fekk ein spesiell plass, med brura i autentisk brudekjole og gavene til brudeparet!
Meir om utstillinga på bloggen til Randi, som har gjort ein kjempejobb for å få alt klart!
http://mormor-tanker.blogspot.com/2009/07/manda-morra.html

I tillegg har me lånt utstillinga "Tilbakeblikk" frå NIJOS på Ås, som og viser endringane i landskapet rundt i landet. Sjå http://www.skogoglandskap.no/slideshows/tilbakeblikk_mediabilder

I dag var det knivar og lausdans som var i fokus.
Bjørnar Heimdal viste sine kunster, med Hellik Lislien som spelemann. Og inniblant spela dei hardingfele til underhalding. Og eit par gutetravar prøvde seg og litt - og sparka hatten. Men ikkje som Bjørnar - gjer dette etter!

Og så var det knivane. Frå Rollag knivlag viste Jan, Ronny og Asbjørn fram knivane sine og demonstrete knivmaking. Eli tok seg av dei minste, som fekk prøva seg på å spikke knaggar og leiker. Og Halvor og eg viste fram utstillinga av gamle knivar frå bygda, der me hadde eit par heilt spesielle klenodier denne gongen:

Fyrst ein eldgamal kniv som har vori på ein gard her i bygda i uminneleg tid. Av liknande bilder i knivbøker, kan me tidfesta den til ein 16-1700-tals kniv. Det er ein stor kniv, som har rundt skaft med lange graverte messingholkar, og langt blad. På toppen har det vori krokar som det har hengi metallringar i, for å gje lyd når
kniven vart dregi i slagsmål. Slike knivar sat ofte i gamle tvislirer.

Den andre kniven følgjer det ei lang historie med: Den kom frå Telemark i 1813. Åsne Lognvik frå Rauland hadde den med seg til Storemoen, da ho med god hjelp av venen Hans Nielsen Hauge vart gift med Simen Storemoen.
Heile historia om denne kniven vart presentert på eit ark i utstillinga, og her står bl.a. dette: "Den er nokså liten, det me kan kalla ein dame- eller gutekniv. Skaftet ser ut til å vera av risnute av bjørk? Skaftholkane har grunn gravering, med maske øvst på toppholken, noko som var nokså vanleg på stasknivar frå Telemark rundt 1800-talet. Slira er av lær, med ein enkel smal sølvholk oppe. Ho har fasong omtrent som slirene me kjenner til at Tarjei Vesås, bestefar til diktaren, seinare laga på midten av 1800-talet. Slira har trykt mønster, og det trykte mønsteret ser ut til å ha fått ekstra markering med skjæring og pauting?"
Dei fyrste kjende knivmakarane frå Vest-Telemark vart født omtrent på den tida da denne kniven kom til Rollag. Det viser at det har vori ein eldre knivtradisjon her, kanskje er den knytta til sølvsmedkunsten? Me vil gjerne høyra frå dei som veit meir om dette.
Nokre av bildene er dessverre uskarpe, da kameraet fortsatt er i ustand.

tirsdag 30. juni 2009

Høgsommar og travle tider

No har me hatt eit fantastisk sommarvær dei siste 14 dagane, med steikande solskin og borti 30 grader i skuggen. Naturen viser seg fram i dei mest fantastiske farver, sjølv for ein farveblind -. Derfor eit bilde teke frå verandaen vår, like etter at sola gikk ned bak Skagsåsen kl. halv elleve forrige kvelden.
Sist veke var det landskappleik, eller folkemusikkNM som det heiter no i år, når landskappleik og landsfestival er slått saman til eitt arrangement. Vi var på Geilo og dansa lagdansen onsdag (nr 31 og sist, sjølv om me syntest det gikk svært bra, med liv og latter ;-). For fyrste gong stilte Numedal spel- og dansarlag 2 lag, og ungdomane i det andre laget smelte til med ein 4.plass - gratulerer! Og formann Thov vart Norgesmeister på munnharpe, poenget framom vinnaren på fløyte, Steinar Ofsdal. Slå den!!

På dei hundrevis av bunadene som ein ser på dette arrangementet finns det eit utal av knivar, alle slags bunadknivar - i alle aldrar og modellar. Så her kan ein knivinteressert boltra seg hvis han vil. På ein Numedalsbunad oppdaga eg kniven til venstre. Slira er original og gamal, og kniven nylaga til slira, av svigerfar til beraren. Men kan den vera her frå dalen? Ikkje noko typisk
eksemplar i alle fall. Er det nokon av lesarane som veit noko?


På pinsetreffet i Eidsfoss i slutten av mai er det noko for ein kvar knivsmak! Emner, knivblad og gamle og nye knivar til salgs. Og samlarar med flotte samlingar, der dei flottaste "knivtya" ikkje er til salgs? Av nye knivar tok eg bilde av dei treslips- og knivmakar Martin Elgum frå Drammen hadde laga. Flott håndverk! Sjå heimesida hans: http://home.ebnett.no/melgum/index.html

Kva meir er å fortelja? Jau, at eg for ei tid sia kravla i brattaste lia under Ørneflaget. Frodig var det her øverst i lia; Hegg og rogn blomstra, og på bakken voks firblad og nybeita turt!
Og der, på eit toppbrekk i toppen av den grøvste grana oppunder åsen, låg ørnereiret. Tydelegvis ikkje bebudd i år, og rart er det: Ifjor var det liv her, sjølv om det iblant var snøskutertrafikk under lia. Men før jul fekk me muntleg beskjed frå Hege i kommunen om å stansa all kjøring her p.g.a.ørnereiret, etter fyrst å ha fått løyve til nyttetransport. Kravet kom visst frå Fylkesmannen. Så det var inga skuterkjøring her i vinter - og ikkje liv i reiret no sommaren etter! Dyrelivet er viss ikkje heilt logisk og beregneleg?

Innstillingane på kameraet mitt har svikta, så no ser eg ikkje korleis bildene blir før eg lastar dei ned på pc`en. Men idag dukka eit flott motiv fram nedom kraftverksdammen, og her er resultatet. Ei fevril, utan namn så langt.
Litt uskarpt vart det visst, men ok--.

torsdag 4. juni 2009

Sekkepipe i Rollag?

Gamle fotografier er moro, særleg når ein finn noko nytt i eit bilde! Det hendte meg her om kvelden, da eg satt og studerte nærare eit bilde me skal ha med på utstillinga på Bygdetunet i sommar, frå eit bryllup på Wårviken i 1914 - mellom dotter på garden Kjersti og Nils Ulvik.

For midt på bildet sto det tydeleg fram ein sekkepipeblåsar! Med sekkepipa, og ei kasse på bakken ved sia av seg! Og folk sto rundt og hørte på han. Brura var heilt i ytterkanten til høgre i bildet, så det kunne neppe vera noko seremonielt for brudeparet, truleg berre eit reint underhaldingsinnslag på bryllupet.

Men så kjem det rare: På internett står det at den siste sekkepipeblåsaren i Norge reiste til Amerika i 1849! Så kanskje me har oppdaga ein sensasjon?

Even Traaen tok tak i spørsmålet, og fant ut at det måtte vera ein tilreisande, helst ein italienar etter sekkepipemodellen å døma. Helst truleg Ludvigio Berto Torelli, som budde på Øvre Skjørstad i Oppdal, og reiste rundt med lirekasse. Han var født i Nord-Parma i 1862, og fyrst trudde me han hadde sekkepipe og. Lirekassa hans mm er på bygdemuseet i Oppdal, så bilder derifrå kan kanskje bekrefta om me har rett. Slik kan eit gamalt bilde plutseleg bli veldig interessant! (No viser det seg at Ludvigio ikkje hadde sekkepipe sjølv, og kanskje heller ikkje spela på sekkepipe, dermed er det berre å starte på nytt - og forska vidare. Kom med innspel hvis du veit noko)

Her eit bilde frå internett til sammenligning. Sjå fleire: http://74.125.39.132/translate_c?hl=no&langpair=en%7Cno&u=http://www.prydein.com/pipes/&prev=/translate_s%3Fhl%3Dno%26q%3Dbagpipe%2Basia%26tq%3Dbagpipes%2Basia%26sl%3Dno%26tl%3Den&rurl=translate.google.no&usg=ALkJrhgOxncUZVptjakvCUlhHT6-yHbJsg

Ellers kom "Knivbladet" i dag, med artikkelen min om Stener Storemoen. Den blei bra, med flotte bilder! Og no i pinsehelga var me på knivtreffet på Eidsfoss, i kampingvogna til Halvor og Maren Næsset. Her var det noko for einkvar smak, eit imponerande arrangement i det varme sommarværet!
Fekk forresten nettopp melding frå Halvor at både han og eg var trekt ut med bukkekort på møte i kveld om høstjakta i Numedalsalmenningen! Da blir det både jakt og fiske ved Bjornesfjorden til høsten.

I efta var det ei voldsom piping nedi enga nedom huset vårt. Det viste seg at ei kvinandho var på veg nedover bakkane med eit kull med 8 svarte smånyster, og dette hadde pus oppdaga. Vesle-Viil og eg fekk såvidt berga dei frå katteklørne, men dei vart spreidde i 3 grupper. Den eine følgde me ned til åa, der den sømte av garde. Me får håpa alle fant att mor si til slutt!

mandag 18. mai 2009

Tidleg vår! Og litt "skrytealbum".



Dette blir ein blogg med bilder frå det som har hendt i det siste:

2 hyblar er no omtrent klare i Schweigaardsgate - og utanfor balkongen blomstrar mandeltreet!







I slutten av april var me på Operaen, på Carmen, ei flott oppleving i eit fantastisk byggverk, både ute og inne!

Men fyrst var me ein tur på Huk med vesle-Viil. "På huk på Huk" var det masse rart å studera for ei nysjerrig sjel!






Så kom 17.mai-helga, med barnebarnet på besøk i Rollag. Mest interessant var alt som skjer på garden på denne tida: Nyfødte kattungar og kalvar (som beundras på litt avstand) og alle slags blomar som veks på jordet, i blomsterbed og oppe i trea (morelltrea på sitt vakraste).


Dermed vekkas sansane, og alt skal studeras. Og i sandkassa med utsikt over heile bygda var det intens jobbing!




For ei god veke sia, hadde eg besøk av sjølvaste redaktør Øystein Køhn i "Knivbladet", som kom for å ta bilder av knivar til eit par artiklar eg har sendt inn til bladet. Så no vert det spennande å sjå resultatet. Det blir sikkert fyrsteklasses, slik det alltid er når han har teki fotografia sjølv!
Og kniven frå Gudbrandsdalen som eg viste her i bloggen etter Røros-martnan, blir kanskje midtsidekniv? I alle fall er den både interessant og spesiell nok!

Den eine artikkelen er om knivmakaren Steinar Storemoen her frå bygda. Det vart bilder både av dei store knivane hans, med 2 og 3 mageband, og dei små som me ikkje er heilt sikre på. Her er den eine som det hører slir til.

I morgon går turen til Ørje ved svenskegrensa, for å studera kva Havass (Haldenvassdragets skogeierforening) har gjort for å laga næring av fiskeressursane sine. Med gjedda som ein stor attraksjon for utlanlandske turistar!