lørdag 12. desember 2009

Nytt og gamalt frå skog og mark

Ei "intetsigande" bloggoverskrift ;)
Eigentleg er det to vidt forskjellige tema eg ville skriva om, nemleg Gaupe og Gløersen -.

Her om dagen var det ferske spor etter gaupa att, rett nedom kraftverksdammen sønnom Våsedokk. Det er no meir vanleg å sjå gaupespor enn det var å sjå elgspor da eg var liten - på 50-talet. Da hugsar eg me gjekk "mann av huse" ein vinter for å sjå på elgspor som kryssa vegen ovanfor garden!
Attende til gaupespora. Fyrst såg det ut til å vera fleire i følgje, men så såg eg at gaupa hadde gått i same sporet i begge retningar. Dette er visstnok ganske vanleg iflg. rovviltkontakt Sigurd Storemoen, som kom og såg på spora.

Så, knappe 100 meter sønnom dammen, låg det eit halv-eti kadaver av eit rådyr. Ja her hadde gaupa meska seg! På ein stein oppå ein haug rett på sørsida hadde ho liggi og kvilt, og spretti avgarde i lange byks sørover. Kanskje vart ho skremt da eg kom på snøskutern for å renska snø ved inntaket til kraftverket?? Ho hadde nok full kontroll, sjølv om ho kunne sjå bort til husa på Våsedokk!







Bildet viser kvileplassen, med rådyret mellom bjørka og grana bak, og husa på Våsedokk.





Så var det Jacob Gløersen, kunstmålaren som med jamne mellomrom gjennom mange år budde og måla sine bilder her i bygda. Fyrste gongen han var i Numedal, det me kjenner til, var på studiereise i 1884. Da reiste han gjennom Numedal, Sigdal og Krødsherad.

Eg har etterkvart samla ganske mykje opplysingar om Gløersen, bl.a. frå 122 brev i Håndskriftregisteret i Oslo, og bilder frå katalogar og auksjonar. Dei siste par åra har det vori "tørke" med Gløersen-maleri på internett, men i sommar dukka det opp eit bilde i Sverige, som ikkje vart seldt. Da det på nytt dukka opp no seinhaustes, til rimelegare pris, baud eg på bildet. Så no er eg den lykkelege eigar av eit bilde måla i Sigdal i 1889! Eit flott maleri, etter min smak!

Kva veit eg så om dette bildet? Andreas Mørch skriv i bygdeboka for Sigdal at "Jens Varsla ble, som felemaker, malt av Jakob Gløersen i 1889, men bildet kom til Sverige". På Haustutstillinga dette året hadde Gløersen to bilder frå Sigdal, "Felemaker" og "Landskap". Det siste er sannsynlegvis bildet "mitt", som har tittelen "Landskap med vårbäck og flicka".
Korleis bildene har havna i Sverige, veit eg ikkje. Men det var nokså vanleg på den tida å senda bilder til utstillingar i Sverige, der det var meir internasjonal kunst og fleire kjøparar. Om nokon blogglesarar derute veit meir om dette, vil eg svært gjerne høyra :-)

5 kommentarer:

Mormor sa...

God jul til alle på Nord - Lid
Hilsen oss i Broms. ;o)

Kjell J. Varsla sa...

Hei, jeg ble veldig interessert i det bildet "Felemakar" fra Sigdal. Har du muligheter til å sende meg et fotografi av dette bildet? Grunnen til at jeg er så frekk å spørre om dette, er at felemakeren er min tippoldefar, Jans Pedersen Slotfeldt, født i Løkka 24. sep 1816. Han var, som flere i generasjoner, flemaker og skomaker. Hilsen Kjell J. Varsla (kjv@varsla.net)

Kjell J. Varsla sa...

Vet ikke om jeg forsto deg riktig....var det "Felemaker" eller det landskapsmaleriet du hadde fått tak i?
Kjell J. Varsla
(Gammelt slektsnavn for Varsla er Slotfeldt).
kjv@varsla.net

gvass sa...

Hei Kjell.

Har ikkje sett på kommentarene sia jul. Men no er bildet henta i Sverige:) Det heiter "Landskap" frå Sigdal og er datert 1889.
Skulle gjerne sett felemaker-bildet, men det er vel fortsatt ein eller anna plass i broderlandet?
Har berre lesi om det i Sigdalsboka, og sett at desse 2 bildene var på høstutstillinga i 1889!
Kanskje finns det foto eller reproduksjon av bildet med tippoldefar din? I Sigdal f.eks?

Hører gjerne frå deg om du finn ut noko, så skal eg gje beskjed om noko dukkar opp her.

Helsing Narve

Kjell J. Varsla sa...

Hei Narve; Takk for svaret på mine kommentarer. Forstår at det ikke er "Felemaker" som du har fått tak i, så da blilr det vel å leite videre. Har vært opptatt med Åmot pensjonistforening og Modum og Sigdal hørsellag, men nå er jeg ferdig med min periode som leder, og kan bruke min tid etter eget ønske. I tillegg er jeg radioamatør, og er litt på radio og computer. Ha en god kveld og vi holder vel kontakten om det skulle dukke opp noe. Se også http://slotfeldt.blogspot.com Kjell