torsdag 9. desember 2010

Fint besøk i tunet på Nordli!


Me har stadig besøk av ei rådyrmor med to bukkekje i tunet. Dei står i husveggen og et roseknuppar, eller grev etter epler under snøen. Tørre bringebærblad smakar visst godt og.

Kjea er nesten like store som mora, og runde og fine i pelsen.

Midt i tunet tok bukkane plutseleg rennafart og small isammen med pannebraskane, akkurat som geitungar og lam ofte gjer. Fekk dessverre ikkje filma det, men duverden så moro det var å sjå på!

Gaupa har vori nordpå jordet her 2 veker på rad, og da såg det ut til at rådyra stakk ned i bygda. Gauper tok fleire rådyr rundt her i fjor vinter! Truleg var det 2 gauper i følgje denne gongen, etter spora ned på jordet frå grendevegen å døma. 

Har teki mange bilder av rådyra med det nye kompaktkameraet mitt. Og dei fleste bildene står eg inne i stugu og tek ut gjennom glaset :) Kanskje legg eg ut fleire på Picasa internettalbum.

onsdag 10. november 2010

Gjetargutane på Løkmyra

Der Fjøslibekken renn ned på det flate lendet nedom Fjøslien heiter det Løken, som betyr ein bekk som slyngar seg fram i flatt lende. Mykje av lendet her var før myr, og namnet er da naturleg nok Løkmyra. Litt lenger ned passerar bilvegen til Nybu over ei lita bru, før bekken kastar seg dei siste metrane ned ein foss ned i Øgnevatnet. Mykje av Løkmyra vart grøfta og planta til med skog på 1960-70-talet.

Våren og sommaren 1893 er kunstmålaren Jacob Gløersen på eit studieopphald i Paris. Han trivs ikkje i Paris, og skriv til sin gode ven Gerhard Munthe: "Her er ækkelt.... Jeg vil forsøge at lægge mig til Skogen etsteds - iaar".  Og det gjer han. Han reiser heimatt til Norge - og Fjøslien, og målar dette bildet, som han kallar "Gjetergutter"! 

Bestefar Narve H Lid, f.Fjøslien, skriv om dette i "Fjøsliboka"(Ola Kvisle mfl: I ring om Fjøslia): "Ein somardag med gråver og regn kom Gløersen og vilde få meg med.  Han hadde da «tufta» eit maleri nede på Løkmyran.  Ola Aasberg og eg skulde vera «modell» som gjætslegutar. (O.Aa. var gjætar i Fjøslia den somaren).  Vi heldt oss under ei svær lurvegran inni ein haug i myra.  Ola stod innått granleggen med ein sekk over aksler og rygg til varning mot regnet.  Eg satt på ei høg granrot og hadde ei velbrukt oljetrøye som regnverje.  Framfor oss hadde vi ein bra varme og laut verja oss mot røyken.  Buskapen hamna - rogjengde i regnet - nordover dei lange myrane.  I bakgrunnen regntung dis over lendet som stig mot Gudbrandsæterfjellet.  Dette maleriet fekk Gløersen 800 kr for.  Det var mange pengar i dei tider.”

Dette bildet dukka opp i ein katalog på Bergen Billedgalleri for mange år sidan, med denne beskrivelsen: “To gutter ved et bål under et grantre. Myrlendt terreng. Lett skodde.” "Gave fra banksjef C.J.Ege, 1907."  Altså same bildet! Dette måtte me sjå! Etter skriftleg søknad fekk me bli med, inn gjennom fleire stengde dører, til eit arkiv der det hekk masse verdifull kunst - og det flottaste av alle etter vårt syn - bildet med bestefar på - 110 x 91 cm stort. 

Seinare har bildet komi fram i dagslys; Siste gong eg såg det var i 2003, da det hang utstilt saman med m.a. "Kampen for tilværelsen" av Chr.Krogh, i lysverksbygget i Bergen, som da var det nye maleriutstillingslokalet i byen.

Gløersen blir buande i Fjøslien heile vinteren, og målar no fleire av dei mest kjende billeda sine. Både «Gjetergutter», «Tømmerkjørere» og «Vinter» er med på Haustutstillinga året etter.

Venen Elling Holst skriv om ei reise frå Kongsberg gjennom Lyngdal til Sigdal iDen norske turistforenings Årbok” i 1896: ”Fra Lindteigen tog vi indover vildmarken, holdt uden synderlig bestemt sti paa nordsiden af den langstrakte eg Teksle, hvorfra der skal være ypperlig udsigt, i retning af Øinevandene, hvor den øverste af de to fjeldgaarde Fjøslien ligger og lyser lang vei.”  Etter eit par timar kjem han fram til Fjøslien. ”Da jeg kom ind, kjendte jeg mig igjen, jeg kjendte baade stuen og folkene. Gløersen har boet der og malt altsammen. Det har hængt i forskjellige udgaver paa høstudstillingerne, og skogen i vinterdragt hænger i Nationalgalleriet”.

torsdag 28. oktober 2010

Bufjell, Rausteinvarden, Himmelspeildokka og Saltblekklia.

Finns det ei mykje gamlare historie enn den me idag kjenner til, her inni nærområdet vårt i Trillemarka - Rollagsfjell naturreservat? Ein kan sloss om namn, men namnet på verneområdet har vorti Trillemarka, sjølv om den opprinnelege Trillemarka ligg i Nedre Eggedal. - Og namnet er bra nok! Området "mitt" som eg no vil fortelja om, er rundt 20 km lenger sør (sør i Numedal er som kjent øst på kartet!), men godt inne i verneområdet lell!

Eg snakkar om Bufjell, som var heimsetra til Nord-Bjørge, der mor mi voks opp. Her setra mor i ungdomen , og her kom far på frieri (sjå bildet). Over vollen gikk den gamle ferdselsvegen mellom Rollag og Sigdal via Fjøslien, og her vart eg kløvja på hesteryggen "tørkesommaren 47" på veg til langsetra Nybu ved Øgnevatn. Dette har eg vorti fortalt. Det fyrste eg hugsar herifrå, var ein skitur i Påska "snøvinteren 50-51". Det var skirenn på Bufjellvollen, og skiløypa gikk over taket på eit av seterhusa! Utatt liane satt eg på stavane, i ei løype ned den bratte setervegen til bygds.

For 2-3 år sia oppdaga eg ei djup grop på Bufjellvollen, tydeleg opparbeidd av folk. Denne har eg aldri høyrt nokon snakka om. Under kulturminneregistreringane her i sommar vart gropa tolka som "Dyregrav". Interessant! Da kjem spørsmåla: Når er den laga? Kven laga ho? Budde dei her? Ingen hadde vel dyregrav langt av lei, utan å vera der? Historia her må i tilfelle vera mykje eldre enn seterdrifta! I tillegg viser det seg at staden er veldig typisk for eldre busetting: Ei solvendt li med god jord ut mot ein tange ut mot Bufjellvatnet. Kanskje er det meir å finna om ein leitar? Dette er spennande! 

Rett på nordsida (=vest) er Fagerliåsen med "St Olavs nakkehøl" (sjå bloggen min 4.okt.2008), og Rausteinvarden, som med sine 897 moh er den høgaste toppen i området. Stadnavn med "rau(d)" i, har som regel med jern å gjera.  Sjå til dømes bloggen til Randi under  http://mormors-skrivebordchable.blogspot.com/2008/11/eg-sit-ved-raustein-navnet-kjem-t-jern.html             Noko jernforekomst her har eg aldri hørt om, men ein skal aldri si aldri -! Kanskje meir forsking kan fortelja oss om ei omfattande historie frå eldre tider?

Namn er fasinerande: I stigen rett nord for Rausteinvarden ligg Himmelspeildokka, ei lita moltemyr med ein vassdipil i. Og nord for Søgje, som er namnet på dæla mellom Bufjell og Svartetjønn, har me Himmelsynnatten. Alle toppane rundt er høgare, men utsikten herifrå er likevel god, både til Veggli og Tekslehogget. I lia nordafor, opp frå setervollen på Bufjell, var det bra beite for bølingen om kvelden. Lia heiter Saltblekklia. Forskarar har funni ut at vassplanter har mykje høgare saltinnhald enn andre. Dette visste dei gamle - og elgen, som du ofte ser står uti vatnet og et! Derfor vart fleire av plantene våre knytta til våtmark, i gamal tid kalla "Saltblekkje" her i dalen. Det gjeld blant anna bukkeblad og mjødurt, utan at eg har greidd å finna nokon av dei i denne lia. Lia er nok alt for attgrodd med skog for desse plantene no. Namnet finns andre stader og, i Flesberg ligg Saltblekktjønn nord for Fleksåsen, omtrent på deilet mellom Evju og Kjølset.


onsdag 6. oktober 2010

Segn og sannhetar frå Tjønnsetertjønn

I heitaste striden om freding av kjempeområdet Trillemarka-Rollagsfjell, kravde me rundt 150 grunneigarane at kulturminnene i området fyrst måtte registreras, for å visa kor aktivt forfedrane våre har bruka området! Trua vår var at ”ansvarlege myndighetar” da ville skjøna at "urskog"-begrepet som naturvernforbundet bruka på skogen her var total skivebom? Men til inga nytte, dette ville dei ikkje kosta! No, etterat vernet er innført, er det likevel pengar, og registreringar er komne igang. Ikkje det grann for tidleg -!

Eg har vori med som kjentmann eit par dagar. Det er masse å visa fram, både av tidlegare verksemd og av stadnavn, som ofte fortel noko om bruken. Til dømes Kastet, ei steinrøys langs setervegen østafor Tjønnsetertjønn. Som gutunge hugsar eg så vel far sa at me måtte plukke med oss kvar vår stein, og kaste den på denne røysa når me gikk forbi. Kvifor det?
Frå ei skuleinnsamling av stadnavn i 1930-åra finns fleire segn, blant anna om dette kastet: "På den staden som heiter Kaste, er det sagt at ein mann som drog høy frå setra, sette seg ned for å kvile. Så sovna han og fraus i hel. Når folk gjeng forbi så kastar dei gjerne ein stein bortpå. Solein er det no ei heil røys her."

No finns det fleire segn om kvifor denne røysa er her; - at dette var kvileplass ein gong dei bar eit lik heim frå setra - eller at ei jente eingong skal ha fått eit dødfødt barn her. Ja, dei kan alle vera sanne nok - kven veit? I alle fall var dette ein naturleg kvileplass når dei drog heim høy frå setrane på kjelke, for her var dei akkurat ferdige med dei lengste motbakkane. På bildet til høgre ser ein Øgnevatn i bakgrunnen.

Navnet Tjønnsetertjønn er og litt rart, for her er inga seter som nokon kjenner til. Men i ei gamal segn fortel bestefar om at Bjørkesett, ei heimseter til Nord-Bjørge, vart ”utlagt” (nedlagt) fordi det spøkte så her. Så skriv han til slutt:
Elles er det nok fleire setrar her som er blitt utlagt nokonær av same grunn som Bjørkesett. Gamlevollane – litt vest for Minneskleiv - setrar under Skarpmoen, og Kjønnsetra i den gamle Hov, Bergan og Nessameiga, der vegen til Langsetrane og østmorkine går over – vart det på begge stader så brysamt og uhuglegt å vera at setrane vart utlagt.” Så forklaringa på navnet er grei nok. Gamlevollsetra har heller ingen visst kor var, før skogforskarar for få år sia fant tuftene.
Sjå http://www.skogoglandskap.no/filearchive/storaunet_et_al_aktuelt_5_05.pdf

At det har vori seter her, er ikkje så rart, for her er gode vekstvilkår. I ein artikkel i det lokalhistoriske tidsskriftet ”Under Norefjell” i 1985, står det at ”Det i mange år lå en kjempestokk under et tekke ute ved Warhus på Modum... - Vi lar Engebret Hiåsen fortelle: ”Je veit`kje akkurat året, men de måtte vel vøri fyst i tjueåra. Grana vart høggi oppi Tjønnseterskoroa i Røllageige, rett vest for Øgnevatna ved den gamle seterveigen te Berjanroa i Røllag. De e` frå `n Kal Bjørnsen je har detta. Kal Bjørnsen va mann som høgg `o, han og n` Sigvart..... Han Kal og n`Sigvart hadde høggi ein heil dag på denne buska, så `o va stor, ser `u...”

Ved utløpsoset på Kjønnseterkjønn ligg Kjøytehaugen. Navnet fortel at har det liggi ei kjøyte her - ei enkel skogskoie bygd av trevirke og jord, omtrent som ei same-gamme. Som regel kan ein sjå restar av ei pipe o.l, men her har eg ikkje funni noko, sjølv om eg har leita. Gunvald Bergan fortel at han hugsar far min og onkel Niri låg her og hogg tømmer. Kanskje låg dei da i kjøyta her, slik dei gjorde i 1930-åra i kjøyta heimom Svartetjønn, da dei låg der og hogg tømmer? Slik ser restane/pisten etter den ut.

På nordsia, omtrent midt på Tjønnsetertjønn, møtes to gamle setervegar. Stigen frå Bergan møter den stigen me gikk med sauer heimante, om Torsrudsaga og Gamlesett. Setervegen vår opp Tjønnseterlia var bratt og vanskeleg å finna. Ein gong me kom der, dreiv Ola Skuggerud (Våsedokk) og grov ny veg opp lia med spade og grev. Kanskje var det for tømmerkjøring, eller det berre var for å ha betre seterveg, - ikkje veit eg. Men resultatet vart bra!





Dette vart ein blogg med meir tekst enn vanleg, men når eg fyrst var i gang så... :)

søndag 3. oktober 2010

Navnefest og "ut på tur".


Ja, så har me feira Aune! Med det moderne alternativet til gammaldags kjørkjedåp - Navnedag. Og hovudpersonen sjølv er ikkje oppteken av formalitetane, men det naturlege midtpunktet denne dagen! Spesielt med 2 ferske tennar og syster Viil sin "Pippi Langstrømpe-parykk":)

Det har skjedd lite på bloggen i sommar, men eg har vori med på ein masse som kunne vori fortalt om. Men noko er privat og mindre egna for nettet, og kompaktkameraet mitt svikta, og med det bildene. No har eg kjøpt nytt Lumix-kamera som virkar svært bra - berre eg får lært alle innstillingane -! Har hatt det med på Vestlandstur i historielaget (http://mormor-tanker.blogspot.com/2010/08/tirsdag.html)  og på jakt/fisketuren på Hardangervidda, med masse flotte bilder. På Irlandsturen i sommar med nysamanslutta Flesberg skogeigarlag (tidlegare Flesberg, Svene og Lyngdal) sleit eg med det gamle, men resultatet vart brukbart lell. 

På Vidda hadde me fantastiske dagar i høst, med all slags vær - snøvær den eine dagen, og klarvær og vindstille den neste. Og meir reinsdyr enn eg har sett på lenge, den eine flokken større enn den andre, og masse flotte bukkar! Og fisket gikk som aldri før. Reine eventyret :) Her er reinsflokken under Elsjøhovda som nesten kom på skotthald, men som vanleg gikk dyra så tett at det var uråd å skyta - og storbukkane midt i flokken! Jammen fekk eg 3 dyr lell - ein kvar dag eg jakta - .

Så eit par "smakebetar" frå høsten på Vidda: "Slakt i solnedgang" og "Kokken med den raude fisken".  

søndag 18. juli 2010

På`n igjen.

Forts.frå sist:
Og namnet på veslegutten blei Aune!

Etter ein hard runde med lungebetennelse i Påska, er han no reine storsjarmøren! Men han må inhalera fuktig damp med medisin 2 gongar om dagen - inntil vidare. Men eg skal si me følte oss ganske hjelpeslause på langfredag, da den vesle skrotten på vel ein månad berre surkla i brystet, og slim og fanteri stengte for all morsmjølka. Så tusen takk til doktoren og Drammen sjukehus som handla så raskt ein helgekveld!
No har me hatt besøk av både han og syster Viil ei veke, og det er fantastisk å berre vera bestefar ;) Viil fekk forresten sin fyrste fisk i dammen like ved kraftverksinntaket, og den smaka visst utruleg godt!

Etter ei vekes Irlandstur med bortimot 50 skogeigarar frå Flesberg, har eg denne veka forberedt ei utstilling på Bygdetunet om kunstmålaren Jacob Gløersen. Det dukka opp eit bilde frå Ulvik, måla i 1898, som eg ikkje har sett før. Ellers hadde eg 4 originalmaleri, eit par reproduksjonar og nokre kopiar, dei aller fleste måla her i bygda.
Under utstillinga på laurdagen orienterte eg rundt 50 interesserte tilhøyrarar om Gløersen sitt liv og virke her i Rollag. Det har vori mykje arbeid med utstillinga, men du verden kor moro det er når du får så god respons!
Bildet her viser ein skimakar på Ulvik i 1903, med ein liten medhjelpar ved sida (truleg Ola Ulvik som da var 8 år). Like over nyttår 1903 sender Gløersen brev frå Ulvik til Gerhard og Sigrun Munthe, der han skriv:
Jeg faar foreløpig ogsaa nok at gjøre inde forresten, for om 14 Dage maa jeg selvfølgelig holde op igjen i den Stuen, hvor jeg skulde male Snedker. For da kommer der en Lægdekjærring naturligvis. Ja, hvad kan ikke Fanden finde paa? Men jeg skal vel bli færdig her engang.”

Attende til Irlandsturen, ein fantastisk tur med flott opplegg, både fagleg, sosialt og kulturelt. Sitkagranbestand på under 90 år, med enkelttre over 50 meter høgde på vel 13 kubikkmeter, og med 120 kubikk på målet, er ganske imponerande! Og Dublin kan anbefalas, med botanisk hage med kjempestore redwoodtre, massevis av pubar med irsk musikk, riverdansprogram og verdens største ølbryggeri Guinnes. Sjølv var eg innom både vikingmuseum og nasjonalmuseet, og i det siste var det blant masse anna interessant utstilt mange-tusenår gamle knivar med lærslirer - pynta med fine mønster.


mandag 1. mars 2010

Kosegvil :)


Endeleg kom veslegutten som me har venta så på :) - omtrent på gebursdagen (skuddårsdagen) til tante Viil på Hawaii! Her er fyrste møte med syster Viil, fotografert av pappa.
Skal tru kva slags framtid du vil møta? Største forandringa har du vel alt opplevd, å koma i frå den trygge magen til mamma og ut i den stooore verden! Me gledar kan i alle fall over at du no har komi, velskapt og fin, og at alt gikk bra.
Og så var det namnet da.....?

torsdag 18. februar 2010

Knivhandlarar og knivarrangement.

I bloggen sin den 15.februar fortel Per Thoresen om at ein av veteranane blandt knivhandlarane nettopp er død, Bjarne Delbekk.

Sjå http://kniver.blogspot.com/

Med sitt karakteristiske skjegg, og blide og utadvendte væremåte, var Bjarne lett å koma i kontakt med. Med god kunnskap om knivar, og ivrig for ein handel, fekk han mange vener i miljøet.

Her, under låveskuten på Rollag bygdetun sommaren 2006, studerar eg knivar saman med Bjarne Delbekk og sittande nærast kameraet Leif Tangen frå Sigdal.

Som nystifta knivlag, hadde me eit sommararrangement med knivutstilling og demonstrasjon av knivarbeid inne i låven på Rollag bygdetun.
I smia hadde me besøk frå Rukkedalen. Edvin Flesvik, født og oppvaksen i Vikugrend ovanfor Rødberg, viste oss smiing av knivblad.

Det var sendt melding til Knivbladet og til lokalaviser i aust og vest. Ein telemarking og eit par sigdølingar var alt som møtte av knivfolk - og Bjarne Delbekk! Han var ute på ein av knivturnèane sine, via Numedal og vidare til Valdres. Og som alltid vart det knivprat. Og ein liten handel vart det visst.

Ja, dette var nokre år attende, med ein knivinteressert Bjarne Delbekk i sentrum, slik mange av oss vil minnast han!

mandag 15. februar 2010

Skifest for Haiti!

Forrige helg skjedde det noko viktig her i grenda. Systrene Lill og Viel ba inn til skifest til inntekt for jordskjelv-ofra på Haiti. Flott at nokon bryr seg :)
Og arrangementet var vellykka! Her var det litt av kvart å velgja i: Det var kjørt opp rundløype rundt Skuggerudjordene med natursti-spørsmål, me kunne hoppe på spretthopp eller kjøre kuleløype - og kjøpa oss vaflar og kaffi eller varm saft - til sjølvvalgt pris! I det heile - eit flott tiltak - som gjerne kan bli tradisjon!!

Her frå Andletsbokje (Facebook) til Lill Skuggerud: "Me har hatt 75 !!!!!! gjester i Skuggerud i dag :) REDD BARNA fekk 9457,50 kr til ungan på Haiti !!!! ein utrule fin dag :D Takk til alle som kom!!!! TAKK til Haldis for egg, Gry for kake og parkeringsplass, Grete S med mjøl, Joker med kaffe og krus, pappa for brøyting og mamma for god hjelp, Lerum med saft og syltetøy, Color Line og Gjensidige med premier."
Og her bilde av arrangørane på Facebook: http://www.facebook.com/profile.php?id=577845776&ref=nf#!/photo.php?pid=30573104&id=1107253204
Ps. Dette innlegget vart forsinka. Kameraet mitt har vori borte nokre dagar, så no fyrst har eg bildene til bloggen.

mandag 8. februar 2010

Gaupejakta er alt over i Numedal!

Ja, detta gikk omtrent som venta - eller kanskje enda litt raskare. Igår kom meldinga om at gaupejakta i Numedal var over for i vinter, med fyllt kvote på 3 dyr.

Nytt iår er at det er godt organiserte jaktlag i alle 3 kommunane, som har fått ei gaupe kvar! Og det har vori jakt på gaupe ein eller anna plass i dalen kvar einaste dag etter at jakta starta, altså har det vori mange dyr å jakta på! Truleg er det fortsatt slik at det blir født mange fleire gaupeungar til våren enn dei 3 som er felt - så stamma veks fortsatt ukontrollert vidare!

Her er eit bilde frå Facebook, og eit blogginnlegg om felt hangaupe i Nore fyrste jaktdagen, ved Lindtveit på østsia av Norefjorden: http://hjortefot.blogspot.com/search?updated-min=2010-01-01T00%3A00%3A00-08%3A00&updated-max=2011-01-01T00%3A00%3A00-08%3A00&max-results=1

Her er eit kort samandrag av det eg har fått med meg av jakta dei neste dagane:
Same dagen og begge dei to neste dagane vart det jakta på 1 eller 2 gauper ved Koppargarden, på vestsia av dalen på begge sidene av kommunegrensa mellom Nore og Rollag. Her hadde gaupa(ene) forsynt seg med 2 hjortar!! - med eit par dagars mellomrom. Nesten utruleg at det går an, sjølv om snøen er ganske djup. Eit fenomenalt rovdyr -!
Neste dag vart det jakta på eit dyr opp for Idrettskulen i Rollag, men dyret har truleg merka jegerane - og drog opp bratte lia og rett til fjells!
dagen etter vart det jakta på ei gaupe på østsida av dalen, opp for Prestmoen og Kongsjorden. På ein jaktpost passerte gaupa i bilvegen ca.10 meter frå posten, men det var berre hårdottane på øyrene som kunne sjåas over brøytekanten, så dyret fekk passera.
Så kom søndagen, med ny jakt etter ei gaupe i same området, som enda med vellykka felling av ei hangaupe! Og utruleg nok kunne jaktlaget fortsetta med jakt på enda ei gaupe til rett nordanfor, men utan resultat.
Sjå http://www.laagendalsposten.no/article/20100208/NYHET/702099989/1009/ABONNEMENT
Så på mandag var Flesbergingane igang med jakt på ei gaupe på østsia av dalen nær kommunegrensa mot Rollag. Og ei lita hogaupe vart felt på eftan! Og dermed var jakta for i år over - etter berre ei veke!! Eit fantastisk resultat, med effektive og dyktige jegerar! Her er ei ny Facebook-side, med bilder: http://www.facebook.com/group.php?gid=295367603987&v=info#!/group.php?v=wall&gid=295367603987
Eg kjenner alle dei 3 skyttarane godt, som rolege og sindige karar. 2 av dei er yngre og har vori med i gjengen av flinke skogsarbeidarar me hadde her i dalen for nokre år sia. Tredjemann må vel kallas "vel vaksin", ein av dei aktive knivmakarane i knivgjengen vår!
Det som er skremmande, er alle trugsmåla som kom etter at Lp viste bilde og navn på jegeren frå Nore fyrste dagen. Såkalla dyre- eller naturvernfantastar utan bakkekontakt :(

Dei trur vel at desse rovdyra berre kosar seg, som her frå ein bildeserie på internett.

fredag 29. januar 2010

Meir gaupe og Gløersen.

Gaupejakta startar 1.februar, altså mandags morgon. Det er tydelegvis meir gaupe i området enn nokon gong før, med rekordskader på saueflokkane rundt oss i sommar. Dei 2 gaupene som vart merka her i bygda i fjor, Torstein og Kari, har havna ut av dalen til andre jaktmarker. Truleg pressa ut av ei stamme som alt fyller terrenget?!
Medan jegerane i Nore og Uvdal har skyti 1-2 gauper kvart år i mange år, må me nesten 50 år attende til den siste gaupa vart felt her i Rollag, av Andres Fløtterud. Men i kveld var rundt 20 jegerar samla i kjellaren på herredshuset, for å organisera gaupejakta betre, som oppi dalen!

Utgangspunktet skulle vera det beste:
Etter siste blogginnlegg, der eg skreiv om gaupa med rådyrkadaveret sønnom Våsedokk, fekk me i forrige veke gaupebesøk rett ovanfor hagen her. Ho hadde lista seg oppover mot dei 13 foringsdyra me har gåande ute rett oppi skogen, 100 meter frå husa. Dei var tydelegvis veldig interessante, i likhet med ein elgfamilie rett ovanfor! Gaupa hadde passert like ved kyrflokken, og teki ein runde eller to før ho drog vidare sørover i retning mot dei tomme revebura i Meli.

Ikkje nok med det; Frå mandag til tirsdag overnatta eg og eit par andre i Svartetjønnbua. Me vakna til ein fantastisk soloppgang, og i løpet av natta hadde det komi ei stor gaupe nordafrå over Bufjellnatten, fylgd spora våre rett ovanfor hytta, og teki strake vegen østover ned "Himmelstigen" i retning Sigdal. På same tida vart det meldt at ei anna gaupe hadde passert over Ulvikbrua - til vestsia av Laugen.

Med litt tur bør me derfor no få vår deil av årets kvote på 3 dyr i Numedals-regionen. Lite tydar på at me med denne avskytinga greier å høsta tilveksten, eit mål som normalt gjeld for ei balansert forvaltning av ei viltstamme!

Så til Jacob Gløersen:
Midt i januar reiste me til Uppsala etter bildet frå Sigdal (sjå forrige blogg). Ein litt travel tur til ein gamal flott by, som eg gjerne skulle besøka på sommaren. Bildet var nesten større enn eg hadde tenkt meg, ettersom den originale ramma satt på. Ramma var forgylt, av høvla bord på 7-8 tommar, og med eit dekorativt gipsmønster frampå. Sjølv om ramma ikkje er spesielt fin, blir ho liksom ein deil av heile kunstverket.
I mellomtida var fleire Gløersen-bilder til salgs på auksjon i Oslo, og det eine fekk eg tilslaget på. Eit vinterbilde kalla "Snøveir" frå Dagali, skrivi med Gløersen si eiga handskrift bak på lerretet. På blindramma står dette: "GAVE TIL SIMON THORBJØRNSEN FRA ONKEL JAKOB GLØERSEN". Kven var så dette? Han var sjølv kunstmålar, er omtala i Norsk kunstnerleksikon, og var son til ei syster til Jacob Gløersen.
Dermed var eg plutseleg eigar av to originale Gløersenmaleri - i tillegg til det eg har frå før - "Der Erlkønig" etter diktet til Gøethe!
Her er eit dårleg bilde av maleriet.