Viser innlegg med etiketten smiing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten smiing. Vis alle innlegg

torsdag 18. februar 2010

Knivhandlarar og knivarrangement.

I bloggen sin den 15.februar fortel Per Thoresen om at ein av veteranane blandt knivhandlarane nettopp er død, Bjarne Delbekk.

Sjå http://kniver.blogspot.com/

Med sitt karakteristiske skjegg, og blide og utadvendte væremåte, var Bjarne lett å koma i kontakt med. Med god kunnskap om knivar, og ivrig for ein handel, fekk han mange vener i miljøet.

Her, under låveskuten på Rollag bygdetun sommaren 2006, studerar eg knivar saman med Bjarne Delbekk og sittande nærast kameraet Leif Tangen frå Sigdal.

Som nystifta knivlag, hadde me eit sommararrangement med knivutstilling og demonstrasjon av knivarbeid inne i låven på Rollag bygdetun.
I smia hadde me besøk frå Rukkedalen. Edvin Flesvik, født og oppvaksen i Vikugrend ovanfor Rødberg, viste oss smiing av knivblad.

Det var sendt melding til Knivbladet og til lokalaviser i aust og vest. Ein telemarking og eit par sigdølingar var alt som møtte av knivfolk - og Bjarne Delbekk! Han var ute på ein av knivturnèane sine, via Numedal og vidare til Valdres. Og som alltid vart det knivprat. Og ein liten handel vart det visst.

Ja, dette var nokre år attende, med ein knivinteressert Bjarne Delbekk i sentrum, slik mange av oss vil minnast han!

lørdag 5. desember 2009

Kurs i knivlaging og smiing av knivblad

Ja, så er knivkursa avslutta, med bra resultat :)
Det var 5 som fullførte kvart av kursa, slik at me no skulle ha fleire nye knivmakarar og smedar i laget. Kanskje me snart kan kjøpa blad av vår eigen knivsmed? Sist onsdag hadde me forresten besøk av Edvin Flesvik frå Rukkedalen, tidlegare Rødberg, med sine knivar og knivblad. Optimismen blant dei nye knivmakarane er stor, med innkjøp av mange knivblad!

Her er 3 av dei ferdige knivane. Og kursdeltakarar i arbeid, under kyndig leiing av erfarne medlemer i Rollag knivlag.
Og her er den flotte kommentaren på bloggen til ein av deltakarane på knivkurset vårt:

Frå smedkurset har eg desverre ikkje noko bilde, men kommentarane frå deltakarane hjå Jan på Søre Vatnebryn var og svært positive. Alle fekk smidd kvart sitt knivblad, og eit par greidde to. Deltakarane der kom både frå Oslo, Kongsberg og Rollag. Oslokaren som hadde lengst reiseveg, var ein skikkeleg tøffing som overnatta i eige telt på tunet på Vatnebryn - trass i snø og kuldegrader!
Så dukka det opp ein ny knivbloggar som kommenterte bloggen min da eg skreiv om kursa fyreåt. Kjempeflott med nye kontakter! Av bildene på bloggen hans ser han ut til å vera ein utsøkt knivsmed, Asbjørn Solheim frå Østfold. Sjå bloggen http://hobbysmed.blogspot.com/ og heimesida: http://home.online.no/~j-irenb/index.cfm

Forrige fredag var eg i på årsmøtet i Nore & Uvdal historielag og snakka blant anna om knivar og knivmakarar. (Hovedtemaet var om gamle plantenamn og bruk av planter, særleg frå Uvdal - der lærar Andreas Flom samla tradisjonsstoff på 1940-talet og sendte folkeminneregisteret i Oslo. Og litt om kunstmålar Jacob Gløersen sitt opphald i Nore i 1892. Altså ganske variert, kanskje i meste laget?)

På møtet hadde fleire med seg gamle knivar. Spesielt ei samling frå Øvre Uvdal var spesielt interessant. Fleire med Tinndølsblad. Blant anna denne frå 1918 med stempil som eg ikkje finn i smedboka frå Tinn!
Bildene er teki i all hast, men eg håpar å få betre tid og bilder ved eit seinare høve!