tirsdag 1. mai 2012

1.mai og Stabbursnatt

Dette vart ein dag på liv og død, både her heime og ute i verden. Ei ufatteleg melding kom på radioen idag tidleg: Aleksander Dale Oen var funnen død på hotellet sitt i USA, der han var på treningsleir med symjelandslaget. Kanskje vår største idrettsmann idag var brått borte. Med VM-gull og 8 kongepokalar. Men fyrst og fremst var han ein likanes kar og ein flott ambassadør for Norge!

Her heime har det komi nye liv, både idag og før helga. Idag kom vårens 2 fyrste kalvar, fyrst Reiulf og like etter Gro, som på ein 1.mai-dag ville ha kontrollen! Begge er fantastisk flotte dyr, med utsjånad sterkt påverka av faren, som hadde mykje SNT (Sida nordlands- og trønderfe) i blodet. Dei er raude og kvite, Gro med flekkute ansikt og Reiulf heilt kvit, med ei umiskjenneleg kvit stripe etter ryggen. På bildene er kalvane 2-4 timar gamle, og utruleg spreke!

Her er fleire av same rasa: http://www.stn-avl.no/  og http://no.wikipedia.org/wiki/Sidet_tr%C3%B8nder-_og_nordlandsfe

Før helga kom det 4 kattungar, og ein er fortsatt i live. Det blir nok kosekatten her i sommar!

I går natt hadde me den fyrste overnattinga på stabburet! Tante Sigrid på snart 97 år skjøna ingen ting; Da ho var ung flutte dei aldri på bue før uti juli, når det var skikkeleg varmt i været! Dette var heller inga vanleg "Stabbursnatt", men ein del av ein test-tur som reiselivsmagasinet "Reiselyst" ville ha til Stasjonsfruene og Stabbursnatt, for å skriva om oss i sommarmagasinet sitt! Natta vart kald, ned mot 0 grader, men gjestene var godt budde og hadde hatt ei god og varm natt under dyna, og sovi godt!

Under frokosten hjå Stasjonsfruene byrja det å regne, så Even og eg fylgde dei til Alfstad-loftet fyrst. Sjå http://www.visitmiddelalderdalen.no/default.aspx?MenuID=10449
Hovedtemaet for heile dagen var alle dei flotte middelalderbygga me har her i dalen, og det tette samkvemet med Kongsberg og Sølvverket, og via dei den europeiske kultur. Derfor alle dei fine stabbura som folk no kan få oppleva :)

Så var det eit sterkt ønske om dressintur, trass i det kalde været. Turen gikk frå Rollag stasjon til bygdetunet, stavkyrkja, og til Kari på Me-Tråen med lefse og råkåfisk frå Bjornesfjorden, servert på bue som ho leiger ut til Stabbursnatt. Avslutning med lunsj på stasjonen.
Alt i alt ein kald men likevel fin dag saman med trivelege folk. No er me spente på "fasiten" frå Marte i Reiselyst!

Tidlegare har Stabbursnatt fått masse flott omtale, og her har Hytteavisa ei oppsummering: http://www.hytteavisen.no/stor-interesse-for-lverdens-minste-hotellkjeder.4919598-49617.html

2 kommentarer:

Mormor sa...

Dere er flinke !
Sånn skal gjester tas imot, ta de med rundt for å se på det som er rundt oss
Håper mange vil til bygda og stabburene i sommer

gvass sa...

Takk! Me fekk i alle fall 3 bestillingar til bue kans for ei tid sia :) Og det er et Even(tyr) å vera med Even på tur.