onsdag 10. november 2010

Gjetargutane på Løkmyra

Der Fjøslibekken renn ned på det flate lendet nedom Fjøslien heiter det Løken, som betyr ein bekk som slyngar seg fram i flatt lende. Mykje av lendet her var før myr, og namnet er da naturleg nok Løkmyra. Litt lenger ned passerar bilvegen til Nybu over ei lita bru, før bekken kastar seg dei siste metrane ned ein foss ned i Øgnevatnet. Mykje av Løkmyra vart grøfta og planta til med skog på 1960-70-talet.

Våren og sommaren 1893 er kunstmålaren Jacob Gløersen på eit studieopphald i Paris. Han trivs ikkje i Paris, og skriv til sin gode ven Gerhard Munthe: "Her er ækkelt.... Jeg vil forsøge at lægge mig til Skogen etsteds - iaar".  Og det gjer han. Han reiser heimatt til Norge - og Fjøslien, og målar dette bildet, som han kallar "Gjetergutter"! 

Bestefar Narve H Lid, f.Fjøslien, skriv om dette i "Fjøsliboka"(Ola Kvisle mfl: I ring om Fjøslia): "Ein somardag med gråver og regn kom Gløersen og vilde få meg med.  Han hadde da «tufta» eit maleri nede på Løkmyran.  Ola Aasberg og eg skulde vera «modell» som gjætslegutar. (O.Aa. var gjætar i Fjøslia den somaren).  Vi heldt oss under ei svær lurvegran inni ein haug i myra.  Ola stod innått granleggen med ein sekk over aksler og rygg til varning mot regnet.  Eg satt på ei høg granrot og hadde ei velbrukt oljetrøye som regnverje.  Framfor oss hadde vi ein bra varme og laut verja oss mot røyken.  Buskapen hamna - rogjengde i regnet - nordover dei lange myrane.  I bakgrunnen regntung dis over lendet som stig mot Gudbrandsæterfjellet.  Dette maleriet fekk Gløersen 800 kr for.  Det var mange pengar i dei tider.”

Dette bildet dukka opp i ein katalog på Bergen Billedgalleri for mange år sidan, med denne beskrivelsen: “To gutter ved et bål under et grantre. Myrlendt terreng. Lett skodde.” "Gave fra banksjef C.J.Ege, 1907."  Altså same bildet! Dette måtte me sjå! Etter skriftleg søknad fekk me bli med, inn gjennom fleire stengde dører, til eit arkiv der det hekk masse verdifull kunst - og det flottaste av alle etter vårt syn - bildet med bestefar på - 110 x 91 cm stort. 

Seinare har bildet komi fram i dagslys; Siste gong eg såg det var i 2003, da det hang utstilt saman med m.a. "Kampen for tilværelsen" av Chr.Krogh, i lysverksbygget i Bergen, som da var det nye maleriutstillingslokalet i byen.

Gløersen blir buande i Fjøslien heile vinteren, og målar no fleire av dei mest kjende billeda sine. Både «Gjetergutter», «Tømmerkjørere» og «Vinter» er med på Haustutstillinga året etter.

Venen Elling Holst skriv om ei reise frå Kongsberg gjennom Lyngdal til Sigdal iDen norske turistforenings Årbok” i 1896: ”Fra Lindteigen tog vi indover vildmarken, holdt uden synderlig bestemt sti paa nordsiden af den langstrakte eg Teksle, hvorfra der skal være ypperlig udsigt, i retning af Øinevandene, hvor den øverste af de to fjeldgaarde Fjøslien ligger og lyser lang vei.”  Etter eit par timar kjem han fram til Fjøslien. ”Da jeg kom ind, kjendte jeg mig igjen, jeg kjendte baade stuen og folkene. Gløersen har boet der og malt altsammen. Det har hængt i forskjellige udgaver paa høstudstillingerne, og skogen i vinterdragt hænger i Nationalgalleriet”.

2 kommentarer:

Mormor sa...

Koselig lesing Gvass !
Øinevandene var et fint ord !!
Istedet for det som blir brukt nå: "Øgnevatna"
Men det var vel det de sa her den gangen også, rollingene sa vel aldri Øinevann ?

gvass sa...

Nei, du har sikkert heilt rett: Det har støtt heitt Øgnevatn på Røllags-dialekt.
Midt på vatnet var det et smalt sund, før det vart demt opp ved Horgautbygginga rundt 1990. Her var det ei klopp over frå gamalt, der gangvegen frå Hiåsen (via Svenskerud i Grytehøgda) til Fjøslien gikk over. Det heiter Mjøgespol, av mjå = smal, som i Mjåvatnet mfl. Hørt dette?: "Ho er mjå om livet, som ein maur".