lørdag 18. juli 2009

Bygdetunet med foto, kniv og dans.

Ja, no er det full fart på bygdetunet att. Sist helg åpna me med fotoutstilling, mest gamle bilder frå bygda, med folkeliv, gardar og landskap. Og bryllupet på Wårviken med sekkepipeblåsaren fekk ein spesiell plass, med brura i autentisk brudekjole og gavene til brudeparet!
Meir om utstillinga på bloggen til Randi, som har gjort ein kjempejobb for å få alt klart!
http://mormor-tanker.blogspot.com/2009/07/manda-morra.html

I tillegg har me lånt utstillinga "Tilbakeblikk" frå NIJOS på Ås, som og viser endringane i landskapet rundt i landet. Sjå http://www.skogoglandskap.no/slideshows/tilbakeblikk_mediabilder

I dag var det knivar og lausdans som var i fokus.
Bjørnar Heimdal viste sine kunster, med Hellik Lislien som spelemann. Og inniblant spela dei hardingfele til underhalding. Og eit par gutetravar prøvde seg og litt - og sparka hatten. Men ikkje som Bjørnar - gjer dette etter!

Og så var det knivane. Frå Rollag knivlag viste Jan, Ronny og Asbjørn fram knivane sine og demonstrete knivmaking. Eli tok seg av dei minste, som fekk prøva seg på å spikke knaggar og leiker. Og Halvor og eg viste fram utstillinga av gamle knivar frå bygda, der me hadde eit par heilt spesielle klenodier denne gongen:

Fyrst ein eldgamal kniv som har vori på ein gard her i bygda i uminneleg tid. Av liknande bilder i knivbøker, kan me tidfesta den til ein 16-1700-tals kniv. Det er ein stor kniv, som har rundt skaft med lange graverte messingholkar, og langt blad. På toppen har det vori krokar som det har hengi metallringar i, for å gje lyd når
kniven vart dregi i slagsmål. Slike knivar sat ofte i gamle tvislirer.

Den andre kniven følgjer det ei lang historie med: Den kom frå Telemark i 1813. Åsne Lognvik frå Rauland hadde den med seg til Storemoen, da ho med god hjelp av venen Hans Nielsen Hauge vart gift med Simen Storemoen.
Heile historia om denne kniven vart presentert på eit ark i utstillinga, og her står bl.a. dette: "Den er nokså liten, det me kan kalla ein dame- eller gutekniv. Skaftet ser ut til å vera av risnute av bjørk? Skaftholkane har grunn gravering, med maske øvst på toppholken, noko som var nokså vanleg på stasknivar frå Telemark rundt 1800-talet. Slira er av lær, med ein enkel smal sølvholk oppe. Ho har fasong omtrent som slirene me kjenner til at Tarjei Vesås, bestefar til diktaren, seinare laga på midten av 1800-talet. Slira har trykt mønster, og det trykte mønsteret ser ut til å ha fått ekstra markering med skjæring og pauting?"
Dei fyrste kjende knivmakarane frå Vest-Telemark vart født omtrent på den tida da denne kniven kom til Rollag. Det viser at det har vori ein eldre knivtradisjon her, kanskje er den knytta til sølvsmedkunsten? Me vil gjerne høyra frå dei som veit meir om dette.
Nokre av bildene er dessverre uskarpe, da kameraet fortsatt er i ustand.

1 kommentar:

gvass sa...

Siste nytt er at tilbakeblikk har fått eigen heimeside: http://www.tilbakeblikk.no/