mandag 24. november 2008

Ranvik-knivar

I Flesberg har det vori fleire flinke knivmakarar. Dei best kjende er vel Ranvik-karane, fyrst og fremst Hellik Ranvik (1885-1971). Begge brørne hans, Niri og Ola, og faren Kittil har og laga knivar. Hellik var ein utruleg handig kar, og kunne laga omtrent kva det var. Derfor vart han bruka av mange i bygda når dei trengte noko nytt, anten det var ski, river, korger, knivar eller andre ting dei trengte. Olaf Aannestad fortalte meg at far hans ein gong fekk Hellik til å laga ski for alle barna, alle av same rognetreet. Sjølv hadde han aldri bruka skiparet sitt. For nokre år sia var det skiutstilling på Skogbruksmuseet på Elverum, der skiene til Olaf var utstilt. Etterpå ga han dei til museet som gave! Så kanskje me kan sjå dei der under knivdagane?
Hellik var ein framifrå hardingfelespelar og felemakar. Han kunne ei mengd slåttar, og slåttesamlaren Arne Bjørndal og seinare Sigbjørn Bernhoft Osa var og lærte slåttar av han. I likhet med far sin var han svært musikalsk, og sa ein gong at "når je hadde hørt en spellemann en stann, kunne je høre`n i dagavis etterpå - slåttæn song så tydele i hue på meg".
Men det er som knivmakar Hellik er best kjend. Han må ha hatt ein stor produksjon, for det finns mange knivar etter han. Han kunne prøve seg fram med ulike modellar. Ein gong han hadde vori i Telemark på ei utstilling, laga han ein flott telemarkskniv etterpå.

Bildet her viser ein modell som Hellik ofte laga. Den kan likna på stasknivane til Magnus Støvern frå Sigdal. Kanskje ein tanke slankare i forma. Ellers er Numedalsknivar og Sigdalsknivar ofte nokså like. Denne kniven fekk ein kar i Lyngdal i konfirmasjonsgave, omtrent maken til den bror hans fyrst hadde fått. Den har treslire og nokså lange holkar, der magebeltet på slira er nokså lik toppholken, berre litt mindre. Graveringa er enkel og velkomponert, og nøyaktig utført.
Knivbladet er smidd av Olav O Grimsrud frå Tinn.

Hellik var perfeksjonist og nøye i arbeidet. Da han skjøna at han ikkje fekk det til like bra lenger, vart det brått slutt med knivmakeriet, som med felespelet.

Hellik laga og bunadsknivar med lærslir. Knivmakar og smed Jan Lislien i Lyngdal har bruka modell av Hellik Ranvik i sine Numedalsknivar. Ein annan modell som er bruka av mange knivmakarar her i Numedal, er det bilde av på s.111 i Norsk Knivbok av Øystein Kostveit. Desse knivane er laga av Hellik, og er eigd av barnebarnet Arvid Dokken. Det er derfor feil når det står i boka at Arvid har laga dei. Hellik er og meister for kniven på s.56 i same boka. Den er nok meir lik den eg har bilde av her.
I same boka, på s.63 er det bilde av 2 knivar som Ola (1888-1921), bror til Hellik, har laga. Svært spesielle og flotte knivar, med perlemorinnlegg lik dekoren på ei hardingfele! Han reiste til Amerika i ungdomen, og rakk ikkje heim att før mora døydde. Det gjorde han sørgmodig og tungsindig dei få åra han levde etter han kom heim.
Me hadde og med ein kniv av eldstebror Niri (1880-1965) på knivutstillinga på Lågdalsmuseet 1996, der Numedalsknivane hadde ein sentral plass i presentasjonen av knivar frå Buskerud.

Tillegg 30.11.: At Hellik Ranvik var ein framifrå gravør av rosemønster er ikkje så rart. I tillegg til alle andre håndtverk, dreiv han med rosemåling. Telemarksrosene kunne han sikkert herifrå, da han hadde kurs i rosemåling hjå A Hylland frå Telemark. Han var derfor både stilsikker og kreativ nok til å laga sine eigne rosemønster.

Meir om Hellik Ranvik kan du lesa i Flesbergboka Bind V av Sigurd Vinger, og i Langs Lågen 1995 Hefte I.

onsdag 19. november 2008

Ein pangkveld på bridgen!

Dei siste dagane har eg treft mange som har spurt om helsa mi, og korleis det står til - fordi eg ikkje har vori på bloggen på ei tid. Godt at nokon saknar skrivinga mi!
Det har skjedd litt av kvart i det siste, med besøk frå Bergen og Sørlandet forrige langhelg, og ei triveleg 60-årsfeiring i Bergen/Os no sist helg. Kari, svigermor til Viil, fyller år i slutten av november. Ho og mannen Sigbjørn reiser til New Orleans, der dei skal feire dagen saman med Hawaiifolket Alexander og Viil. Det blir sikkert ei oppleving, og ein flott markering av dagen, på høgde med festen i Os!

I går kveld hadde Harald og eg ein pangkveld på Flesberg-bridgen, og slo par nr.2 med utrulege 45 poeng! Og Jorun/Jan Erik havna heilt sist. Så der fekk dei for å ha slått oss med 3 poeng og seier forrige tirsdag. SMS frå Harald idag: "Vi fikk det til igår! Meldinger, spilling, med et par unntak for meg, alt funka! Andres feil gir og poeng!" Vegen er kort frå topp til bånn, og tur må ein ha for å gå heilt til topps. Men dette lever me lenge på!

I dag hadde me fyrste samlinga for fotoregistreringsgruppa i historielaget. Me har fått arbeidsrom i kjellaren i kommunehuset, med tilgang til det gamle bankarkivet hjå kommunekassa. Moderne skanne-utstyr og skrivar er kjøpt inn. No treng me ein ny datamaskin og etterkvart kanskje utstyr til avfotografering av filmar og fotoplater. I Flesberg har dei drivi med tilsvarande registrering, digitalisering, katalogisering og arkivering i fleire år, i nært samarbeid med fylkesfotografen i Buskerud. Ein takk til Asbjørn Brekhus frå fotogruppa i Flesberg som var med oss idag, og instruerte oss i skanning og lagring av data. Når alt kjem i gjenge skal bildene sendas til ein felles database i Drammen, og kopiar kan blir tilgjengelege på datasidene til kommunen. Endeleg er me igang med dette viktige arbeidet - og Randi sin draum (sjå http://mormor-tanker.blogspot.com/)!

På nettet finns masse rart, bl.a. bilde av John Aasen som vart født i Amerika like etter at mor hans utvandra her frå bygda! Han spela i fleire av filmane til Harold Lloyd. Sjå meir om han på http://74.125.77.132/search?q=cache:iMrzWC-N3F4J:en.wikipedia.org/wiki/John_Aasen+john+aasen&hl=no&ct=clnk&cd=1&gl=no

Eg er Rollag kommune sin styremedlem i Lågdalsmuseet, og var på styremøte i Kongsberg i kveld. Blant alt det andre positive som skjer på museet, kunne Gry Charlotte visa oss ein ny go`bit i samlinga; Dei hadde nyleg fått kjøpt kista som Sebjørn Kverndalen laga som brudekiste til kona si. Litt av eit klenodium.
For meg var det og moro å sjå att knivar, tresleiver og keramikk som Oskar Bye hadde laga medan han budde her på Nord-li. Samlinga var stilt ut i museet, og viser formingsevnene til Oskar på ein flott måte.

søndag 2. november 2008

Bilder før og no (moderne telefoni)


Ved frokostbordet idag prata eg i telefonen med begge døtrene mine samtidig! Viil på Hawaii og Marte i Oslo - og Vesle-Viil. I dag lar det seg gjera gjennom "Skype"-telefon. Me har dessverre ikkje Web-kamera som i orden, men dei andre har. Og 1 time etter fekk eg e-post frå Hawaii med bilder frå samtala deres på telefonen idag. Hvis kvaliteten er bra nok for bloggen viser bildet Marte og Viil som les om Krokodille Knut og alle dyra, medan tante Viil frå Honolulu ser på nede til venstre på skjermen! Eigentleg ganske utruleg; Om me hadde fortalt dette for få år sia, ville vel ingen trudd oss.

Som fortsettelse på bloggen igår kan eg fortelja om åssen mi interesse for kunstmålar Jacob Gløersen starta. Det fyrste bildet av han fant me på eit julekort i Drammen. Kortet viste kolmilebrenning i snøen. Dette hadde eg lesi om i slektsboka ”I ring om Fjøslia”, der bestefar (Narve H Lid, f.Fjøslien) skreiv om Gløersen og Fjøslien. «Milebrenning måla Gløersen ein vinter. Det var noko sør for Kjennmyra mila stod, og det var vel helst Gunnar som hadde denne mila. Det var ein gamal hardhaus frå Lyngdal - gamle Kolsru'en som var milebrennar. Synest hugse at han stod med noko vedhogging utanfor kjøyta - på maleriet. Gløersen sjølv rekna visst dette målarstykket for sers verdfullt».


Dette stemte med bildet på julekortet, bortsett frå at Kolsru`n hogg veden like ved kølmila, og ikkje ved kjøyta. ”Kjøyta” er namnet på den jordhytta dei budde i for å halda vakt medan mila brann. Frå mila på bildet går det ein tydeleg ”stolp” – tråkka stig – i snøen fram til kjøyta, som ein berre ser døra av inni snøen. Gunnar var forresten onkel til bestefar, og ein av dei 4 kjende knivsmed-brørne frå Fjøslien. Han stempla blada GOF (Gunnar Olsen Fjøslien). Og Kjennmyra er like heimom Røvsrovedalen og Tjuveskuten, der den gamle driftevegen frå Nybu heim til bygda går.


Den fyrste bildebokforfattaren her i landet heitte Elling Holst. Han og Gløersen var vener, og den 6.des 1895 skriv Gløersen brev til han frå Fjøslien: «Jeg blir altsaa her i Julen iaar og tror, jeg kan faa det hyggeligt. Ungerne er virkelig svært morsomme, og det gjør vist meget til, at jeg trives saa godt idethele. Det er nemlig ikke saa ligetil at arbeide her og mangengang blir jeg noksaa grætten af at rende frem og tilbage til Kulmilen uden videre Resultat et Par Gange om Dagen. Det har virkelig adskillig at si, at Motiverne ligger lidt nær, selv om baade Skia og Beina er i orden».

Og i brev til Erik Werenskiold den 21.jan.1896: «Det var noget specielt jeg reiste hid for ogsaa. Jeg indbildte mig nemlig, det maatte være noksaa moro at male en Mile i Skogen. Jeg tænkte, det maatte gaa an at karakterisere det ødslige Liv derinde paa den Maade. Jeg holder paa med det nu, men de lokale Forholde er desværre ikke riktig heldige og det er vrient at faa Stemning i det».

Året etter er bildet på utstilling, da han skriv i eit brev til Gerhard Munthe: «At min ”Kulmile” hænger daarligt, faar jeg finde mig i. Det kan være, at det er et daarligt Billede ogsaa (jeg indbildte mig egentlig ikke det)


Dette var altså for 113 år sia. Og no har eg fått ei heil kulturhistorie av eitt julekort. Men utan at bestefar hadde skrivi om bildet i ”Fjøsli-boka”, hadde ikkje eg (eller nokon andre) visst noko som helst om dette. Så – sett igang og skriv Folkens!

Men eitt tankekors til slutt: Kva kan blir att til etterslekta i vår dataverden, utan brevskriving?


Ps. Beklager problemer med skrifttypene att :-(


lørdag 1. november 2008

Røvsrovedalen og Tjuveskuten

"Blogge-Viel" frå Juveligrenda syntest det var moro å lesa om stadnamna i bloggen min! Så her kjem meir: Er du østpå Mørkje (Røllagsdialekt for Marka), og kjører vegen til endes forbi avkjøringa til ny-hytta til Per på Løken, da endar du i Røvsrovedalen. Eit rart namn vil mange si, men her er forklaringa.

Røvsrove var det lokale namnet på Skogsnelle (Equisetum sylvaticum) her i bygda før. Slektsnavnet Equisetum kjem av Equus som betyr hest og Seta som betyr børste eller stivt hår. Den er meir buskute og mjuk enn dei andre snelleartane, og er i gamle skrifter her frå dalen kalla Ikønrove! Eit anna namn er Kjerringrokk, som er bruka om fleire av snellene. Kjerringrokk vart i folkemedisinen bruka som urindrivande middel, men da er det Åkesnelle me tenkjer på. I likhet med kråkefot-plantene formerar snellene seg med sporer, og ikkje med frø som andre planter. Dei kan leva på våtlendt og rå mark med lite oksygen, fordi den kiselrike stilken er fylt med luftekanalar til å hjelpa oksygenet ned til rotstokken eller rotknollen under bakken.

Frå Uvdal fortel Andreas Flom i brev til botaniker Ove Arbo Høeg i 1941 om bruk av kjerringrokk, at ”Ullen av denne plante ble brukt til putefyll. Den var meget mjuk og behagelig til hodepute, og denne ull er nesten uslitelig”. Sjå meir om røvsrove på http://linnaeus.nrm.se/flora/orm/equiseta/equis/equisyl.html

I åsen ovanfor Røvsrovedalen ligg Tjuveskuten. På 80-talet organiserte Rollag Mållag innsamling av stadnamn frå bygda. Mor reiste rundt på gardane her i grenda, og samla namn med forklaringar, og merka dei inn på kart.Alt i mellomkrigsåra hadde skuleungar rundt i landet registrert stadnamn rundt på gardane, og dette materialet var til god hjelp der det fanns! Tjuveskuten har eg nok så vidt hørt om som gut, men namnet er forlengst borte frå daglegtala. Når eg no fann det i mors notater, med forklaringa at det er ein bergskut (skorte/hule?) der det eingong i gamal tid er funni tjuvegods, vart eg nysjerrig på å sjå plassen. ”Skut” er såvidt eg veit namnet på eit lite overbygd rom med åpen front i f.eks. ein gamal låve.

Ein fin søndag no i oktober drog eg på leiting, og omtrent der den var merka på kartet, var det ei ganske stor fjellhylle under eit overheng. Som ein ser på bildet er det fin utsikt til det karakteristiske Tekslehogget som ligg på grensa mellom Flesberg og Rollag (og nesten Sigdal).


Rett ovanfor denne åsen ligg Tjønnmyra, der kunstmålar Jacob Gløersen måla brenning av kolmile ein vinter, med gamle Kølsru`n frå Lyngdal som milebrennar. Det får eg fortelja meir om ein annan gong.