Her er fleire av same rasa: http://www.stn-avl.no/ og http://no.wikipedia.org/wiki/Sidet_tr%C3%B8nder-_og_nordlandsfe
Før helga kom det 4 kattungar, og ein er fortsatt i live. Det blir nok kosekatten her i sommar!
I går natt hadde me den fyrste overnattinga på stabburet! Tante Sigrid på snart 97 år skjøna ingen ting; Da ho var ung flutte dei aldri på bue før uti juli, når det var skikkeleg varmt i været! Dette var heller inga vanleg "Stabbursnatt", men ein del av ein test-tur som reiselivsmagasinet "Reiselyst" ville ha til Stasjonsfruene og Stabbursnatt, for å skriva om oss i sommarmagasinet sitt! Natta vart kald, ned mot 0 grader, men gjestene var godt budde og hadde hatt ei god og varm natt under dyna, og sovi godt!
Under frokosten hjå Stasjonsfruene byrja det å regne, så Even og eg fylgde dei til Alfstad-loftet fyrst. Sjå http://www.visitmiddelalderdalen.no/default.aspx?MenuID=10449
Hovedtemaet for heile dagen var alle dei flotte middelalderbygga me har her i dalen, og det tette samkvemet med Kongsberg og Sølvverket, og via dei den europeiske kultur. Derfor alle dei fine stabbura som folk no kan få oppleva :)
Alt i alt ein kald men likevel fin dag saman med trivelege folk. No er me spente på "fasiten" frå Marte i Reiselyst!
Tidlegare har Stabbursnatt fått masse flott omtale, og her har Hytteavisa ei oppsummering: http://www.hytteavisen.no/stor-interesse-for-lverdens-minste-hotellkjeder.4919598-49617.html