Viser innlegg med etiketten lokalhistorie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lokalhistorie. Vis alle innlegg

mandag 6. februar 2012

Fyrste bloggen i 2012

Endeleg har eg fått logga meg inn på bloggen min att :) Den vart oppretta på den gamle gmail-adressa mi, som vart "kapra" av hakk-karar (Laga eit nytt ord?) frå både Canada og Afrika for vel 1 år sia!
Det er mange intertessante tema å skriva om, - så me får sjå -- Kunne tenkt meg ein bloggmal som var lettare å bruka, bl.a. til innlegging av bilder og redigering av tekst. - Forslag??
Kva skal eg så velgja å skriva om fyrst?
Gaupejakta, som alt er avslutta i Numedal etter 3 dagar, med 3 felte dyr av ei (tvilsamt) halvert kvote på 2? Bilde frå Lp. http://laagendalsposten.no/nyheter/tre-gauper-felt-1.6750823
Dei 2 siste datt omtrent samtidig i Flesberg og Nore! Da får vel eks-leder i naturvernforbundet, "miljøvernminister" Heidi Sørensen "vatn på Solheim-mylla"? I Lp idag skriv ho kvifor ho må overprøva det lokalorganet ho sjøl har sett til å forvalta rovdyrstamma!!
Gamle eplesortar, der eg var så heldig å få bli med hagelaget i bygda til Gjennestad gartnerskule, for å lære poding. Me hadde med podekvistar av bl.a. Gvams-eplur, og vil gje 4 småapaler til bygdetunet. Fekk forresten ein podekvist av "Signe Tillisch" av ei Skiens-jente. Me hadde eit slikt epletre i hagen vår da eg var liten. Sjå meir om dette eplet og andre på nett, med bilde av Signe frå omtala: http://www.skogoglandskap.no/Artsbeskrivelser/signetillisch
Så var det kunstmålar Jacob Gløersen, som eg har fortalt om i bloggen før. Eg vart ringt opp av slektningar no etter nyttår, og har fått mange interessante opplysingar om han. Skal forresten ha foredrag om han i Flesberg og Rollag Rotary neste veke. I år er det 100 år sia han døydde, så kanskje burde det vori skrivi om han i eit kunst-tidskrift eller liknande?
Den andre kunstmålen eg har bruka mykje tid på det siste året, er vår eigen Anstein Risteigen. Det har vori ei interessant reise å setja seg inn i alt materialet me fant etter han, da me skulle arrangera utstilling om han på Rollag bygdetun i sommar! Eg skal halda foredrag nr 6 om han på årsmøtet i Rollag historielag i slutten av månaden. Bildet frå foredraget mitt på bygdetunet har eg lånt frå Lp.
Så har me frå i sommar vorti med i "Stabbursnatt" med alt det spennande som skjer der. 2 besøk i sommar, frå Nederland/Barcelona og eit nygift par frå ei øy i Hellas! -med fantastisk attendemelding :) På "Grühne Woche" no nyleg var Olav og Svein, og fortalte om det me driv med, med kjempegod respons. Det var laga ei egen fotobok for anledningen, og her viser landbruksministeren og Olav fram tunet og stabburet vårt i Nordli!
Andre ting eg gjerne kunne fortelja om er "Feleseminaret" på hytta til Sverre ved Risør i haust, eller meir om knivar, der denne Heimesida frå Sverige viser mange av auksjons-knivane i Norden (og ebay) dei siste 5 åra, med pris: http://www.cultur.nu/knivar/index.shtml
Sist helg var eg med på kretsmeisterskapet i lag-bridge i Flesberg, 2.runde i 4.divisjon. Det gikk ganske bra laurdag med Jan Terje og meg, og enda betre søndag med fast makker Harald, trass i tredje siste plass for Flesberg III . For dei interesserte, finns resultata på nett - http://nbfdata.bridge.no/Turnering/default.asp?Fil=BBK4div11 Under "spillestensil" kan ein sjå resultatet av kvart spel, med namnet på spelarane ved å peka på lagnummeret (Me er lag 6).
Var det meir da? Jau, alle turane saman med Hilde og Kjell i Trillemarka/Rollagsfjell for å vera med å vise fram alle kulturminnene som finns i dette store området. Eg var med som kjentmann lengst i sør, og høgdepunktet var nok dei 2 dagane me var i Fjøslien, med alle hus, tufter, jorder, røyser, steinmurar og -gardar, vegar og masse meir som fanns der! Med god hjelp av "Fjøsli-boka" fant me meir enn nokon kunne tru, og no er snart rapporten til Hilde ferdig :)
Det blir heilt sikkert eit flott dokument, som til gangs slår fast at dette ikkje er den "urskogen" som naturfantastane" lenge prøvde å bløffa styresmaktene med. Nei, her har folk levd og budd, og nytta kvar ein kvadratmeter for å overleva! Bildet har Hilde teki i Nedre Fjøslien, og vist på http://www.facebook.com/pages/Opplev-Sigdal-og-Trillemarka/138465729567277?ref=ts.
Så dette vart ein blogg utan eigne bilder! Men dei kan eg bruka seinare.

onsdag 10. november 2010

Gjetargutane på Løkmyra

Der Fjøslibekken renn ned på det flate lendet nedom Fjøslien heiter det Løken, som betyr ein bekk som slyngar seg fram i flatt lende. Mykje av lendet her var før myr, og namnet er da naturleg nok Løkmyra. Litt lenger ned passerar bilvegen til Nybu over ei lita bru, før bekken kastar seg dei siste metrane ned ein foss ned i Øgnevatnet. Mykje av Løkmyra vart grøfta og planta til med skog på 1960-70-talet.

Våren og sommaren 1893 er kunstmålaren Jacob Gløersen på eit studieopphald i Paris. Han trivs ikkje i Paris, og skriv til sin gode ven Gerhard Munthe: "Her er ækkelt.... Jeg vil forsøge at lægge mig til Skogen etsteds - iaar".  Og det gjer han. Han reiser heimatt til Norge - og Fjøslien, og målar dette bildet, som han kallar "Gjetergutter"! 

Bestefar Narve H Lid, f.Fjøslien, skriv om dette i "Fjøsliboka"(Ola Kvisle mfl: I ring om Fjøslia): "Ein somardag med gråver og regn kom Gløersen og vilde få meg med.  Han hadde da «tufta» eit maleri nede på Løkmyran.  Ola Aasberg og eg skulde vera «modell» som gjætslegutar. (O.Aa. var gjætar i Fjøslia den somaren).  Vi heldt oss under ei svær lurvegran inni ein haug i myra.  Ola stod innått granleggen med ein sekk over aksler og rygg til varning mot regnet.  Eg satt på ei høg granrot og hadde ei velbrukt oljetrøye som regnverje.  Framfor oss hadde vi ein bra varme og laut verja oss mot røyken.  Buskapen hamna - rogjengde i regnet - nordover dei lange myrane.  I bakgrunnen regntung dis over lendet som stig mot Gudbrandsæterfjellet.  Dette maleriet fekk Gløersen 800 kr for.  Det var mange pengar i dei tider.”

Dette bildet dukka opp i ein katalog på Bergen Billedgalleri for mange år sidan, med denne beskrivelsen: “To gutter ved et bål under et grantre. Myrlendt terreng. Lett skodde.” "Gave fra banksjef C.J.Ege, 1907."  Altså same bildet! Dette måtte me sjå! Etter skriftleg søknad fekk me bli med, inn gjennom fleire stengde dører, til eit arkiv der det hekk masse verdifull kunst - og det flottaste av alle etter vårt syn - bildet med bestefar på - 110 x 91 cm stort. 

Seinare har bildet komi fram i dagslys; Siste gong eg såg det var i 2003, da det hang utstilt saman med m.a. "Kampen for tilværelsen" av Chr.Krogh, i lysverksbygget i Bergen, som da var det nye maleriutstillingslokalet i byen.

Gløersen blir buande i Fjøslien heile vinteren, og målar no fleire av dei mest kjende billeda sine. Både «Gjetergutter», «Tømmerkjørere» og «Vinter» er med på Haustutstillinga året etter.

Venen Elling Holst skriv om ei reise frå Kongsberg gjennom Lyngdal til Sigdal iDen norske turistforenings Årbok” i 1896: ”Fra Lindteigen tog vi indover vildmarken, holdt uden synderlig bestemt sti paa nordsiden af den langstrakte eg Teksle, hvorfra der skal være ypperlig udsigt, i retning af Øinevandene, hvor den øverste af de to fjeldgaarde Fjøslien ligger og lyser lang vei.”  Etter eit par timar kjem han fram til Fjøslien. ”Da jeg kom ind, kjendte jeg mig igjen, jeg kjendte baade stuen og folkene. Gløersen har boet der og malt altsammen. Det har hængt i forskjellige udgaver paa høstudstillingerne, og skogen i vinterdragt hænger i Nationalgalleriet”.

torsdag 28. oktober 2010

Bufjell, Rausteinvarden, Himmelspeildokka og Saltblekklia.

Finns det ei mykje gamlare historie enn den me idag kjenner til, her inni nærområdet vårt i Trillemarka - Rollagsfjell naturreservat? Ein kan sloss om namn, men namnet på verneområdet har vorti Trillemarka, sjølv om den opprinnelege Trillemarka ligg i Nedre Eggedal. - Og namnet er bra nok! Området "mitt" som eg no vil fortelja om, er rundt 20 km lenger sør (sør i Numedal er som kjent øst på kartet!), men godt inne i verneområdet lell!

Eg snakkar om Bufjell, som var heimsetra til Nord-Bjørge, der mor mi voks opp. Her setra mor i ungdomen , og her kom far på frieri (sjå bildet). Over vollen gikk den gamle ferdselsvegen mellom Rollag og Sigdal via Fjøslien, og her vart eg kløvja på hesteryggen "tørkesommaren 47" på veg til langsetra Nybu ved Øgnevatn. Dette har eg vorti fortalt. Det fyrste eg hugsar herifrå, var ein skitur i Påska "snøvinteren 50-51". Det var skirenn på Bufjellvollen, og skiløypa gikk over taket på eit av seterhusa! Utatt liane satt eg på stavane, i ei løype ned den bratte setervegen til bygds.

For 2-3 år sia oppdaga eg ei djup grop på Bufjellvollen, tydeleg opparbeidd av folk. Denne har eg aldri høyrt nokon snakka om. Under kulturminneregistreringane her i sommar vart gropa tolka som "Dyregrav". Interessant! Da kjem spørsmåla: Når er den laga? Kven laga ho? Budde dei her? Ingen hadde vel dyregrav langt av lei, utan å vera der? Historia her må i tilfelle vera mykje eldre enn seterdrifta! I tillegg viser det seg at staden er veldig typisk for eldre busetting: Ei solvendt li med god jord ut mot ein tange ut mot Bufjellvatnet. Kanskje er det meir å finna om ein leitar? Dette er spennande! 

Rett på nordsida (=vest) er Fagerliåsen med "St Olavs nakkehøl" (sjå bloggen min 4.okt.2008), og Rausteinvarden, som med sine 897 moh er den høgaste toppen i området. Stadnavn med "rau(d)" i, har som regel med jern å gjera.  Sjå til dømes bloggen til Randi under  http://mormors-skrivebordchable.blogspot.com/2008/11/eg-sit-ved-raustein-navnet-kjem-t-jern.html             Noko jernforekomst her har eg aldri hørt om, men ein skal aldri si aldri -! Kanskje meir forsking kan fortelja oss om ei omfattande historie frå eldre tider?

Namn er fasinerande: I stigen rett nord for Rausteinvarden ligg Himmelspeildokka, ei lita moltemyr med ein vassdipil i. Og nord for Søgje, som er namnet på dæla mellom Bufjell og Svartetjønn, har me Himmelsynnatten. Alle toppane rundt er høgare, men utsikten herifrå er likevel god, både til Veggli og Tekslehogget. I lia nordafor, opp frå setervollen på Bufjell, var det bra beite for bølingen om kvelden. Lia heiter Saltblekklia. Forskarar har funni ut at vassplanter har mykje høgare saltinnhald enn andre. Dette visste dei gamle - og elgen, som du ofte ser står uti vatnet og et! Derfor vart fleire av plantene våre knytta til våtmark, i gamal tid kalla "Saltblekkje" her i dalen. Det gjeld blant anna bukkeblad og mjødurt, utan at eg har greidd å finna nokon av dei i denne lia. Lia er nok alt for attgrodd med skog for desse plantene no. Namnet finns andre stader og, i Flesberg ligg Saltblekktjønn nord for Fleksåsen, omtrent på deilet mellom Evju og Kjølset.


onsdag 6. oktober 2010

Segn og sannhetar frå Tjønnsetertjønn

I heitaste striden om freding av kjempeområdet Trillemarka-Rollagsfjell, kravde me rundt 150 grunneigarane at kulturminnene i området fyrst måtte registreras, for å visa kor aktivt forfedrane våre har bruka området! Trua vår var at ”ansvarlege myndighetar” da ville skjøna at "urskog"-begrepet som naturvernforbundet bruka på skogen her var total skivebom? Men til inga nytte, dette ville dei ikkje kosta! No, etterat vernet er innført, er det likevel pengar, og registreringar er komne igang. Ikkje det grann for tidleg -!

Eg har vori med som kjentmann eit par dagar. Det er masse å visa fram, både av tidlegare verksemd og av stadnavn, som ofte fortel noko om bruken. Til dømes Kastet, ei steinrøys langs setervegen østafor Tjønnsetertjønn. Som gutunge hugsar eg så vel far sa at me måtte plukke med oss kvar vår stein, og kaste den på denne røysa når me gikk forbi. Kvifor det?
Frå ei skuleinnsamling av stadnavn i 1930-åra finns fleire segn, blant anna om dette kastet: "På den staden som heiter Kaste, er det sagt at ein mann som drog høy frå setra, sette seg ned for å kvile. Så sovna han og fraus i hel. Når folk gjeng forbi så kastar dei gjerne ein stein bortpå. Solein er det no ei heil røys her."

No finns det fleire segn om kvifor denne røysa er her; - at dette var kvileplass ein gong dei bar eit lik heim frå setra - eller at ei jente eingong skal ha fått eit dødfødt barn her. Ja, dei kan alle vera sanne nok - kven veit? I alle fall var dette ein naturleg kvileplass når dei drog heim høy frå setrane på kjelke, for her var dei akkurat ferdige med dei lengste motbakkane. På bildet til høgre ser ein Øgnevatn i bakgrunnen.

Navnet Tjønnsetertjønn er og litt rart, for her er inga seter som nokon kjenner til. Men i ei gamal segn fortel bestefar om at Bjørkesett, ei heimseter til Nord-Bjørge, vart ”utlagt” (nedlagt) fordi det spøkte så her. Så skriv han til slutt:
Elles er det nok fleire setrar her som er blitt utlagt nokonær av same grunn som Bjørkesett. Gamlevollane – litt vest for Minneskleiv - setrar under Skarpmoen, og Kjønnsetra i den gamle Hov, Bergan og Nessameiga, der vegen til Langsetrane og østmorkine går over – vart det på begge stader så brysamt og uhuglegt å vera at setrane vart utlagt.” Så forklaringa på navnet er grei nok. Gamlevollsetra har heller ingen visst kor var, før skogforskarar for få år sia fant tuftene.
Sjå http://www.skogoglandskap.no/filearchive/storaunet_et_al_aktuelt_5_05.pdf

At det har vori seter her, er ikkje så rart, for her er gode vekstvilkår. I ein artikkel i det lokalhistoriske tidsskriftet ”Under Norefjell” i 1985, står det at ”Det i mange år lå en kjempestokk under et tekke ute ved Warhus på Modum... - Vi lar Engebret Hiåsen fortelle: ”Je veit`kje akkurat året, men de måtte vel vøri fyst i tjueåra. Grana vart høggi oppi Tjønnseterskoroa i Røllageige, rett vest for Øgnevatna ved den gamle seterveigen te Berjanroa i Røllag. De e` frå `n Kal Bjørnsen je har detta. Kal Bjørnsen va mann som høgg `o, han og n` Sigvart..... Han Kal og n`Sigvart hadde høggi ein heil dag på denne buska, så `o va stor, ser `u...”

Ved utløpsoset på Kjønnseterkjønn ligg Kjøytehaugen. Navnet fortel at har det liggi ei kjøyte her - ei enkel skogskoie bygd av trevirke og jord, omtrent som ei same-gamme. Som regel kan ein sjå restar av ei pipe o.l, men her har eg ikkje funni noko, sjølv om eg har leita. Gunvald Bergan fortel at han hugsar far min og onkel Niri låg her og hogg tømmer. Kanskje låg dei da i kjøyta her, slik dei gjorde i 1930-åra i kjøyta heimom Svartetjønn, da dei låg der og hogg tømmer? Slik ser restane/pisten etter den ut.

På nordsia, omtrent midt på Tjønnsetertjønn, møtes to gamle setervegar. Stigen frå Bergan møter den stigen me gikk med sauer heimante, om Torsrudsaga og Gamlesett. Setervegen vår opp Tjønnseterlia var bratt og vanskeleg å finna. Ein gong me kom der, dreiv Ola Skuggerud (Våsedokk) og grov ny veg opp lia med spade og grev. Kanskje var det for tømmerkjøring, eller det berre var for å ha betre seterveg, - ikkje veit eg. Men resultatet vart bra!





Dette vart ein blogg med meir tekst enn vanleg, men når eg fyrst var i gang så... :)

lørdag 17. oktober 2009

Pentagon-samling!

Hei, kva betyr dette? Amerikansk historie? Neida, men eit viktig treff for oss det gjaldt, nemleg 6 hybel-sambuarar på Pentagon - studentboligane på Landbrukshøgskulen på Ås. Me budde sammen i kjellaren i blokka med namnet "Grotten" for 40 år sia!

Ole og Marit ba inn til samling på Haneberg, Hauge i Dalane. 4 par møttes, og me hadde ei flott helg med masse mimring, bl.a. lysbildeframsyning av Harald frå den store "Generalutferden" vinteren 1970, da 8 av oss hovedfagsstudentar "tok fri" frå alle forelesingar, og arrangerte privat fagtur rundt Sørland/Vestland i 14 dagar!


På vegen vestover kjørte me om Jøssingfjord, med den berømte plassen Helleren, som fram til 1916 var husmannsplass under garden Haneberg.

Lenger vest ligg den idylliske strandstaden Sogndalsstrand, som frå gamalt av har vori deilt mellom gardane på Hauge, Aarstad, Frøiland og Haneberg. Her har Marit etablert "Bryggegalleriet" ytterst på brygga, der ho sel dei flotte batikkbildene sine. Ho og Mona gikk kurs i batikk da me budde på Ås fyrst på 1970-talet. Marit har seinare utvikla kunsten sin, med eige nybygd atelier på garden.



"Gjester i atelieret" - og til høgre - "Mottakelse i galleriet"



Sjå bilder frå utstillinga Marit hadde i Egersund i sommar på:
http://egersund-terracotta.no/Sommeraktiviteter.asp

Sogndalsstrand med smale gater og gamal bebyggelse, er eit attraktivt turistmål idag, med rundt 60000 besøk kvart år!

På 1700-talet var det blomstrande trelasthandel og gode fiskeri på kysten her, og Sogndalsstrand vart ein viktig strandstad, med kjøpstad-status (ladested) før Stavanger, og eigen kommune fram til 1948.
Her renn elva Sokna ut i havet. Elva var eingong ei god lakseelv. Etter at grunneigarane langs elva fekk igang eit kalkingsprosjekt på slutten av 80-talet, er laksen no attende i elva i store mengder!
På den "nye" moloen ut frå ei nybygd amfiscene, er det laga kunst av naturstein, med stiliserte menneskefigurar plasserte med jamne mellomrom langs sjøsida.
Ei lita hytte ytst på berga, med utsikt like til Lista fyr, vart i si tid bygd som vakthus for tollvesenet, og seinare bruka som vaktpost for statslosen i Sokndal.
Onkelen til Ole, Bernt Marcelius Haneberg, var los og tok hytta i bruk som loshytte. Han seila i mange år som kystlos mellom Oslo og Bergen, mellom anna med kystruta "Kronprinsesse Märta". Seinare blei han fast stasjonert statslos, og bruka losskøyta "Sjøløven", som no ligg på sjøfartsmuseet i Oslo.
Hytta er idag eigd av Haneberg realsameige, og vart sist bruka i innspelinga av fjernsynsprogrammet "Queendom: Alle snakker norsk", som vart sendt på NRK sist onsdag: Fire farga jenter kjem til Sogndalsstrand for å underhalda, der den lattermilde og litt surrealistiske arrangørdama bur i denne hytta. I fleire av filmsenene er det flotte gamle gatebilder frå Sogndalsstrand, stort sett det einaste som gjorde filmen interessant etter min smak!

Meir om Sogndalsstrand finn du på heimesida http://www.sogndalstrand.no/default.htm