torsdag 25. september 2008

Skribentar og diktarar

Eg sendte e-post her om dagen til Per Thoresen, med spørsmål rundt kniv-bloggen hans, og fekk ei hyggeleg og oppmuntrande melding attende! Men samtidig ein stusseleg nyhet, at han har svulst i hovudet som bl.a.set grenser for skrivinga hans på data.

Han er ein svært kunnskapsrik knivsamlar, og har skrive fleire bøker om kniv. Eg har 2 av dei i bokhylla mi. Den boka eg oftast blar i, er ”Litt av hvert om kniver”. Det er ei bok om laust og fast rundt temaet kniv, der gamle fabrikk-knivar har fått like mykje plass som dagens flottaste konkurranseknivar. Ei bok med personlege tankar og massevis av fakta.

Den andre heiter ”Kniver og knivmakere”. Her er det som vanleg lite stoff frå Numedal. Det næraste ein kjem er eit avsnitt om knivsmeden Einar Lauvlid, opprinneleg frå Lyngdal. Og om ein "kunstnar" på sitt felt frå Kongsberg, stempelgravøren Leif Røraas, som graverte ”stempil” til meg for nokre få år sia.


Idag fekk eg ein annan e-post eg sette stor pris på. Om at Oddbjørn Aardalen var valt ut til ”Månedens poet” i ”Diktkammeret” til Dagbladet! Fantastisk! Oddbjørn er ein av dei studievenene mine frå Ås som eg stadig har kontakt med. Han er fylkesskogmeister i Vest-Agder, med planer om snarleg pensjonering. Så får han betre tid til diktinga! Han har gjeve ut 2 flotte diktsamlingar på Setesdalforlaget.

I august var me 3 forstkandidatar frå 1970 på 100-års jubileumsarrangement for diktaren Olav H Hauge i ”Bokbyen ved Skagerak” Tvedestrand. Bildet viser Oddbjørn (nærast) og Torleiv Tho blant publikum denne dagen.

På heimesida
er det intervju med Oddbjørn, og omtale av diktet ved Helge Torvund.

Adressa er http://www.dagbladet.no/kultur/2008/09/17/547201.html


Her er pris-diktet ”Postludium”:


Ved inngangen til gravlunden
sit ein dau mann
ein Nokia N95
i venstrehanda

eg gjeng så nær
at eg høyrer den dempa musikken

eg kjenner ikkje melodien
men ei søtleg lukt av Sergio Tacchini
blandar seg med augustkvelden
si dose av kaprifol

han har eit ferskt persilleblad
i knappholet
og ser lukkeleg ut


onsdag 24. september 2008

I bærskogen.

Forrige kvelden var me innover til Oslo og besøkte barnebarnet vårt, ho vesle Viil. No kjenner ho oss att, og strålar som ei lita sol kvar gong me møtas :-) Det er moro å sjå åssen ho forandrar seg frå gong til gong, og utviklar sin til eit lite menneskje med eigen personlighet.

For snart 2 månader sia var me i blåbærskogen og henta bær. Det sette ho tydeleg pris på. Nam - nam, så godt det smakar! Sjølv om det ikkje var toppår i år, fant me såpass bra enkelte plassar at me kunne pella med bærhentar.

Tyttebæra er modne no, og finns i ganske bra mengder, på enkelte stader.

Molter var det ikkje særleg mykje av i år, men me fant noko "oppå høgda" - i 5-700 meters høgde. Særleg inni "risslet", der plantene var i ly under blomstringa.

Både molter og tyttebær inneheld naturlege konserveringsstoff. I gamle dagar vart dei derfor sanka, ofte i store mengder, til bruk i vinterhalvåret.
Blåbæra vart derimot stort sett berre bruka fersk. Det er fortalt at nokon tørka bæra og hadde til graut utover vinteren. Ellers vart ikkje blåbæra sanka i særleg grad, sjølv om ho helsemessig er den mest verdifulle av alle ville bær! Full av antioksydantar til styrking av immunforsvaret. Og bra for synet! Under 2.verdenskrigen bruka engelske flygarar å eta blåbær for å styrka nattsynet under flytoktene. Dei fleste er vel og kjende med at blåbæra har god virkning på fordøyelsen, både ved hard og laus mage.
Les meir om blåbær på http://linnaeus.nrm.se/flora/di/erica/vacci/vaccmyr.html.

torsdag 18. september 2008

Andres Jensen, børsemaker og knivmaker


I går fekk eg ikkje åpna Numedalsnett på ADSL-lina vår. Håpar me snart får skikkeleg breiband!
Den som vil lesa meir om Andres Jensen kan slå opp på
http://www.numedal.net/default.aspx?ArticleID=47436&MenuID=5804
Der er det linka til alle 4 artiklane om han.

Dette er kniven som eg lett kunne forveksla med ein Erik Deildok-kniv.
Skulle gjerne hatt denne kniven i handa for å studera detaljane. Det er alltid interessant.

onsdag 17. september 2008

Kva no?

I kveld har eg seti framom datamaskinen og fundert på kva eg skal skriva om fyrst i den nye bloggen. Eg har vori innom utkast til knivartiklar som eg ein gong tenkte å senda til "Knivbladet" - tidsskriftet til Norsk knivforening. Det får ligga litt - på sjekking av eit par opplysingar.

Det må bli noko om kniv! Per Thoresen sin knivpratblogg er både imponerande og inspirerande, med flotte bilder. Tenk om ein kunne få til berre litt av dette?

- Men tida går fort, og nye spørsmål dukkar opp. No har eg sendt e-post for å finna ut meir om kniv- og børsemakar Andres Jensen i Uvdal.

Numedalsnett hadde eit par artiklar om han for fleire år sia. Der var 2 av knivane hans avbilda. Den eine var utruleg lik knivar me har trudd Erik Deildok her frå Rollag har laga.

Dette bildet er frå ei utstilling Rollag knivlag hadde på Rollag bygdetun 24.juli 2006.
Erik Deildok smidde knivblada sjølv og stempla dei ED i opphøga bokstavar (negativ stempil). Han var og ein kjend spelemann, og far til Nils Deildok, som kanskje er den mest kjende knivmakaren frå Numedal.


tirsdag 16. september 2008

Prøve på ein ny blogg.

Alle som syns dei har viktige ting å fortelja, har vel etterkvart sin eigen blogg! Eller kva?
Her er min!
Men det er ikkje fyrste gongen eg prøvar. Eg har prøvd ein gong før - men utan å følgja opp som eg ønska. (http://www.blogging.no/blog.php/skogvern/) Dette var under heitaste kampen for lokaldemokratiet i Trillemarka-vernet, der me frå kommunane tapte "krigen" mot ein liten og ressurssterk naturvern-mafia langt borte! Men nok om det.
Kvifor blogge?
Jau, for det fyrste: Eg har interesser og hobbyar som eg gjerne vil fortelja andre om.
Og for det andre: Når eg samlar stoff og presenterer dette på bloggen min, kan de som er interesserte i same emnet, koma med kommentarar og nye opplysingar.
Dermed håpar eg at dette kan bli ein slags "kunnskaps-sentral"!
Kva for tema ser eg for meg? Ja, stoff frå natur og kultur i bygda og dalen er veldig interessant.
Litt har eg skrivi om før - i ulike tidsskrift. Nokså ulike emner, som knivar og knivmakarar i dalen, om lokale plantenavn og ulik bruk av ville planter gjennom tidene, om kunstmålaren Jacob Gløersen som budde her i bygda i mange år.
Og kanskje om bridge, som eg har vori i Flesberg og spela i kveld, om folke-musikk og -dans, og om observasjonar i naturen; når dei fyrste trekkfuglane kjem mm.
Ja, dette var fyrste presentasjon - og nokre tankar. Me får sjå kva som kjem: Bloggen blir til undervegs!
Idèen kom når eg las ein blogg eg syns er svært interessant og flott redigert, "Knivprat fra Per Thoresen" http://kniver.blogspot.com/

Til alle som vil legge inn kommentarar til blogg-artiklane mine:
Eg vil svært gjerne ha kommentarar og opplysingar du kjenner til om tema eg skriv om!
Da må du ha e-post-konto i gmail.com, som hører til Google. Blogspot tilhører her. Når du loggar deg på bloggen oppe til høgre, får du oppretta mailadresse + passord. Du treng ikkje bruke den som aktiv e-post-adresse, men må ha den for å skriva kommentarar. Lykke til :-)

Mvh Narve