Viser innlegg med etiketten vilt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vilt. Vis alle innlegg

mandag 6. februar 2012

Fyrste bloggen i 2012

Endeleg har eg fått logga meg inn på bloggen min att :) Den vart oppretta på den gamle gmail-adressa mi, som vart "kapra" av hakk-karar (Laga eit nytt ord?) frå både Canada og Afrika for vel 1 år sia!
Det er mange intertessante tema å skriva om, - så me får sjå -- Kunne tenkt meg ein bloggmal som var lettare å bruka, bl.a. til innlegging av bilder og redigering av tekst. - Forslag??
Kva skal eg så velgja å skriva om fyrst?
Gaupejakta, som alt er avslutta i Numedal etter 3 dagar, med 3 felte dyr av ei (tvilsamt) halvert kvote på 2? Bilde frå Lp. http://laagendalsposten.no/nyheter/tre-gauper-felt-1.6750823
Dei 2 siste datt omtrent samtidig i Flesberg og Nore! Da får vel eks-leder i naturvernforbundet, "miljøvernminister" Heidi Sørensen "vatn på Solheim-mylla"? I Lp idag skriv ho kvifor ho må overprøva det lokalorganet ho sjøl har sett til å forvalta rovdyrstamma!!
Gamle eplesortar, der eg var så heldig å få bli med hagelaget i bygda til Gjennestad gartnerskule, for å lære poding. Me hadde med podekvistar av bl.a. Gvams-eplur, og vil gje 4 småapaler til bygdetunet. Fekk forresten ein podekvist av "Signe Tillisch" av ei Skiens-jente. Me hadde eit slikt epletre i hagen vår da eg var liten. Sjå meir om dette eplet og andre på nett, med bilde av Signe frå omtala: http://www.skogoglandskap.no/Artsbeskrivelser/signetillisch
Så var det kunstmålar Jacob Gløersen, som eg har fortalt om i bloggen før. Eg vart ringt opp av slektningar no etter nyttår, og har fått mange interessante opplysingar om han. Skal forresten ha foredrag om han i Flesberg og Rollag Rotary neste veke. I år er det 100 år sia han døydde, så kanskje burde det vori skrivi om han i eit kunst-tidskrift eller liknande?
Den andre kunstmålen eg har bruka mykje tid på det siste året, er vår eigen Anstein Risteigen. Det har vori ei interessant reise å setja seg inn i alt materialet me fant etter han, da me skulle arrangera utstilling om han på Rollag bygdetun i sommar! Eg skal halda foredrag nr 6 om han på årsmøtet i Rollag historielag i slutten av månaden. Bildet frå foredraget mitt på bygdetunet har eg lånt frå Lp.
Så har me frå i sommar vorti med i "Stabbursnatt" med alt det spennande som skjer der. 2 besøk i sommar, frå Nederland/Barcelona og eit nygift par frå ei øy i Hellas! -med fantastisk attendemelding :) På "Grühne Woche" no nyleg var Olav og Svein, og fortalte om det me driv med, med kjempegod respons. Det var laga ei egen fotobok for anledningen, og her viser landbruksministeren og Olav fram tunet og stabburet vårt i Nordli!
Andre ting eg gjerne kunne fortelja om er "Feleseminaret" på hytta til Sverre ved Risør i haust, eller meir om knivar, der denne Heimesida frå Sverige viser mange av auksjons-knivane i Norden (og ebay) dei siste 5 åra, med pris: http://www.cultur.nu/knivar/index.shtml
Sist helg var eg med på kretsmeisterskapet i lag-bridge i Flesberg, 2.runde i 4.divisjon. Det gikk ganske bra laurdag med Jan Terje og meg, og enda betre søndag med fast makker Harald, trass i tredje siste plass for Flesberg III . For dei interesserte, finns resultata på nett - http://nbfdata.bridge.no/Turnering/default.asp?Fil=BBK4div11 Under "spillestensil" kan ein sjå resultatet av kvart spel, med namnet på spelarane ved å peka på lagnummeret (Me er lag 6).
Var det meir da? Jau, alle turane saman med Hilde og Kjell i Trillemarka/Rollagsfjell for å vera med å vise fram alle kulturminnene som finns i dette store området. Eg var med som kjentmann lengst i sør, og høgdepunktet var nok dei 2 dagane me var i Fjøslien, med alle hus, tufter, jorder, røyser, steinmurar og -gardar, vegar og masse meir som fanns der! Med god hjelp av "Fjøsli-boka" fant me meir enn nokon kunne tru, og no er snart rapporten til Hilde ferdig :)
Det blir heilt sikkert eit flott dokument, som til gangs slår fast at dette ikkje er den "urskogen" som naturfantastane" lenge prøvde å bløffa styresmaktene med. Nei, her har folk levd og budd, og nytta kvar ein kvadratmeter for å overleva! Bildet har Hilde teki i Nedre Fjøslien, og vist på http://www.facebook.com/pages/Opplev-Sigdal-og-Trillemarka/138465729567277?ref=ts.
Så dette vart ein blogg utan eigne bilder! Men dei kan eg bruka seinare.

torsdag 9. desember 2010

Fint besøk i tunet på Nordli!


Me har stadig besøk av ei rådyrmor med to bukkekje i tunet. Dei står i husveggen og et roseknuppar, eller grev etter epler under snøen. Tørre bringebærblad smakar visst godt og.

Kjea er nesten like store som mora, og runde og fine i pelsen.

Midt i tunet tok bukkane plutseleg rennafart og small isammen med pannebraskane, akkurat som geitungar og lam ofte gjer. Fekk dessverre ikkje filma det, men duverden så moro det var å sjå på!

Gaupa har vori nordpå jordet her 2 veker på rad, og da såg det ut til at rådyra stakk ned i bygda. Gauper tok fleire rådyr rundt her i fjor vinter! Truleg var det 2 gauper i følgje denne gongen, etter spora ned på jordet frå grendevegen å døma. 

Har teki mange bilder av rådyra med det nye kompaktkameraet mitt. Og dei fleste bildene står eg inne i stugu og tek ut gjennom glaset :) Kanskje legg eg ut fleire på Picasa internettalbum.

torsdag 28. oktober 2010

Bufjell, Rausteinvarden, Himmelspeildokka og Saltblekklia.

Finns det ei mykje gamlare historie enn den me idag kjenner til, her inni nærområdet vårt i Trillemarka - Rollagsfjell naturreservat? Ein kan sloss om namn, men namnet på verneområdet har vorti Trillemarka, sjølv om den opprinnelege Trillemarka ligg i Nedre Eggedal. - Og namnet er bra nok! Området "mitt" som eg no vil fortelja om, er rundt 20 km lenger sør (sør i Numedal er som kjent øst på kartet!), men godt inne i verneområdet lell!

Eg snakkar om Bufjell, som var heimsetra til Nord-Bjørge, der mor mi voks opp. Her setra mor i ungdomen , og her kom far på frieri (sjå bildet). Over vollen gikk den gamle ferdselsvegen mellom Rollag og Sigdal via Fjøslien, og her vart eg kløvja på hesteryggen "tørkesommaren 47" på veg til langsetra Nybu ved Øgnevatn. Dette har eg vorti fortalt. Det fyrste eg hugsar herifrå, var ein skitur i Påska "snøvinteren 50-51". Det var skirenn på Bufjellvollen, og skiløypa gikk over taket på eit av seterhusa! Utatt liane satt eg på stavane, i ei løype ned den bratte setervegen til bygds.

For 2-3 år sia oppdaga eg ei djup grop på Bufjellvollen, tydeleg opparbeidd av folk. Denne har eg aldri høyrt nokon snakka om. Under kulturminneregistreringane her i sommar vart gropa tolka som "Dyregrav". Interessant! Da kjem spørsmåla: Når er den laga? Kven laga ho? Budde dei her? Ingen hadde vel dyregrav langt av lei, utan å vera der? Historia her må i tilfelle vera mykje eldre enn seterdrifta! I tillegg viser det seg at staden er veldig typisk for eldre busetting: Ei solvendt li med god jord ut mot ein tange ut mot Bufjellvatnet. Kanskje er det meir å finna om ein leitar? Dette er spennande! 

Rett på nordsida (=vest) er Fagerliåsen med "St Olavs nakkehøl" (sjå bloggen min 4.okt.2008), og Rausteinvarden, som med sine 897 moh er den høgaste toppen i området. Stadnavn med "rau(d)" i, har som regel med jern å gjera.  Sjå til dømes bloggen til Randi under  http://mormors-skrivebordchable.blogspot.com/2008/11/eg-sit-ved-raustein-navnet-kjem-t-jern.html             Noko jernforekomst her har eg aldri hørt om, men ein skal aldri si aldri -! Kanskje meir forsking kan fortelja oss om ei omfattande historie frå eldre tider?

Namn er fasinerande: I stigen rett nord for Rausteinvarden ligg Himmelspeildokka, ei lita moltemyr med ein vassdipil i. Og nord for Søgje, som er namnet på dæla mellom Bufjell og Svartetjønn, har me Himmelsynnatten. Alle toppane rundt er høgare, men utsikten herifrå er likevel god, både til Veggli og Tekslehogget. I lia nordafor, opp frå setervollen på Bufjell, var det bra beite for bølingen om kvelden. Lia heiter Saltblekklia. Forskarar har funni ut at vassplanter har mykje høgare saltinnhald enn andre. Dette visste dei gamle - og elgen, som du ofte ser står uti vatnet og et! Derfor vart fleire av plantene våre knytta til våtmark, i gamal tid kalla "Saltblekkje" her i dalen. Det gjeld blant anna bukkeblad og mjødurt, utan at eg har greidd å finna nokon av dei i denne lia. Lia er nok alt for attgrodd med skog for desse plantene no. Namnet finns andre stader og, i Flesberg ligg Saltblekktjønn nord for Fleksåsen, omtrent på deilet mellom Evju og Kjølset.


fredag 29. januar 2010

Meir gaupe og Gløersen.

Gaupejakta startar 1.februar, altså mandags morgon. Det er tydelegvis meir gaupe i området enn nokon gong før, med rekordskader på saueflokkane rundt oss i sommar. Dei 2 gaupene som vart merka her i bygda i fjor, Torstein og Kari, har havna ut av dalen til andre jaktmarker. Truleg pressa ut av ei stamme som alt fyller terrenget?!
Medan jegerane i Nore og Uvdal har skyti 1-2 gauper kvart år i mange år, må me nesten 50 år attende til den siste gaupa vart felt her i Rollag, av Andres Fløtterud. Men i kveld var rundt 20 jegerar samla i kjellaren på herredshuset, for å organisera gaupejakta betre, som oppi dalen!

Utgangspunktet skulle vera det beste:
Etter siste blogginnlegg, der eg skreiv om gaupa med rådyrkadaveret sønnom Våsedokk, fekk me i forrige veke gaupebesøk rett ovanfor hagen her. Ho hadde lista seg oppover mot dei 13 foringsdyra me har gåande ute rett oppi skogen, 100 meter frå husa. Dei var tydelegvis veldig interessante, i likhet med ein elgfamilie rett ovanfor! Gaupa hadde passert like ved kyrflokken, og teki ein runde eller to før ho drog vidare sørover i retning mot dei tomme revebura i Meli.

Ikkje nok med det; Frå mandag til tirsdag overnatta eg og eit par andre i Svartetjønnbua. Me vakna til ein fantastisk soloppgang, og i løpet av natta hadde det komi ei stor gaupe nordafrå over Bufjellnatten, fylgd spora våre rett ovanfor hytta, og teki strake vegen østover ned "Himmelstigen" i retning Sigdal. På same tida vart det meldt at ei anna gaupe hadde passert over Ulvikbrua - til vestsia av Laugen.

Med litt tur bør me derfor no få vår deil av årets kvote på 3 dyr i Numedals-regionen. Lite tydar på at me med denne avskytinga greier å høsta tilveksten, eit mål som normalt gjeld for ei balansert forvaltning av ei viltstamme!

Så til Jacob Gløersen:
Midt i januar reiste me til Uppsala etter bildet frå Sigdal (sjå forrige blogg). Ein litt travel tur til ein gamal flott by, som eg gjerne skulle besøka på sommaren. Bildet var nesten større enn eg hadde tenkt meg, ettersom den originale ramma satt på. Ramma var forgylt, av høvla bord på 7-8 tommar, og med eit dekorativt gipsmønster frampå. Sjølv om ramma ikkje er spesielt fin, blir ho liksom ein deil av heile kunstverket.
I mellomtida var fleire Gløersen-bilder til salgs på auksjon i Oslo, og det eine fekk eg tilslaget på. Eit vinterbilde kalla "Snøveir" frå Dagali, skrivi med Gløersen si eiga handskrift bak på lerretet. På blindramma står dette: "GAVE TIL SIMON THORBJØRNSEN FRA ONKEL JAKOB GLØERSEN". Kven var så dette? Han var sjølv kunstmålar, er omtala i Norsk kunstnerleksikon, og var son til ei syster til Jacob Gløersen.
Dermed var eg plutseleg eigar av to originale Gløersenmaleri - i tillegg til det eg har frå før - "Der Erlkønig" etter diktet til Gøethe!
Her er eit dårleg bilde av maleriet.

mandag 9. februar 2009

Kampen for tilværelsen

Det fantastiske vinterværet heldt seg, og med kulda og djupsnøen kjem fuglar og dyr ut av skogen og søkjer inn til folk.


No "tussar" det av elgspor oppover i skogen heilt ned mot tunet her. I natt har det liggi dyr under epletreet ved grisestallen, etter fyrst å ha kosa seg med kvistar frå siljua og morelltreet ved postkassa. Frå bergryggen ovom grisestallen har elgen hatt flott utsikt til tunet - og dramaet som det var så tydelege spor etter då me kom ut i dag:

Etter vegen mellom bygningane her var det spor etter både rådyr og rev. Begge hadde heldi stor fart. Tydeleg at det eine dyret hadde jaga det andre - og gjett kven? Det fyrste eg såg var spor etter rådyr i lange hopp rett mot huset vårt. 3 meter unna hadde det bråsnudd attende rundt tuntreet. Men bak lønnen hadde reven tydelegvis kutta svingen, angripi rådyret i eit par byks og fått det i bakken. Etter litt basking hadde rådyret kjempa seg i tunge hopp nokre få meter til det deisa i bakken att. Parallelt med rådyret var spora etter bakbeina til reven, som tydelegvis hadde hangi på rådyret. Sjå bildet.

Rådyret hadde kjempa seg laust att, byksa ein runde rundt bua - med reven etter! Deretter i full fart nedom huset vårt, ein runde inn under verandaen - og reven etter. Rart ingen av oss vakna?
Så i fullt sprang nord mot låven, under låvebrua og ned i snøhaugen nordom låven, der reven på nytt hadde fått rådyret i bakken. Eit nytt basketak før dyret slapp laus att, ein kjapp sving rundt foringsplassen til kyrne nedmed bjørka, med reven i hælane, den hadde kutta svingen utan å nå att rådyret denne gongen.

Etter å ha følgd kyrtråkket nedom låven, forsvant spora nedover jordet, inn i eit skuterspor ned til huset til tante Sigrid nedst i jordet. Reven hadde hoppa etter oppi rådyrspora, men neppe i full jakt, og spora forsvant til skogs nordover mot boligfeltet. Det var ikkje blodflekkar å sjå på "kampplassane", berre nokre få hår.

Dette vart litt av ei historie, og kva som vidare skjedde, om rådyret greidde seg i djupsnøen, eller reven fekk steika si, veit eg ikkje, for her stoppa sporinga mi. Det er sjeldan ein kan "lesa" så tydeleg ein kamp på liv og død - og det rett utanfor eiga stugudør! Og at rådyra har strie dagar no, sjølv utan reven i hælane, er det ikkje tvil om.
Reven har forresten vori gjengangar her dei siste nettene. Så da katta vart borte nokre dagar før helga, rekna me med at ho hadde enda som revemat. Men den gang ei, her ein morgon var ho ved fjøsdøra att, utan ei skramme. Og katta har som kjendt ni liv!



På foringsplassen i dag kosa kyrne seg som vanleg i solskinnet, utan å ane kva for drama som der hadde gått føre seg nokre timar tidlegare.