Viser innlegg med etiketten fugl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fugl. Vis alle innlegg
søndag 3. april 2011
Dataproblemer og vårstemning.
Data kan vera både eit fantastisk hjelpemiddel og ei plage! Ved nyttårstider tok datavirus innersvingen på meg, og sia vart det masse problemer, både med epostar og adgang til bloggen. Enden vart ei ny datamaskin (på tide likevel) og ny epostadresse: lid.narve@gmail.com Men alt dette er gløymt når våren er i anmarsj, og fuglesangen kjem igang. Meisane har haldi på lenge alt - kjøttmeisen med si velkjende ti-ti-tuu, ti-ti-tuu, og dei siste dagane bjørkefinken med sin langtrekte lokkelyd.
Og idag såg eg den fyrste fevrillen i vår. Egentleg var det to, ein liten som eg ikkje kom i nærleiken av - og så denne flotte "sørgekåpa" som sette seg ned i sola nordpå jordet! Vår aller vakraste sommarfugl var veldig tidleg ute! Håpar han greier seg i vårværet! Litt om gamle knivar:
På Kongsbergmarken var det som vanleg masse knivfolk samla. Sjølv var eg berre innom onsdag, men fekk likevel sjå litt av kvart av knivstell. Her eit par frå Flesberg:
Fyrst ein fin bunadkniv laga på Ranvik. Eg trudde det måtte vera Hellik som var knivmakaren, for det var han som laga dei aller fleste knivane derifrå. Men eigaren meinte det skulle vera faren som hadde gjort denne kniven?! Eg har berre hørt om Hellik og brørne Niri og Ola som knivmakarar frå Ranvik, så dette må me undersøka meir om. Så er den fine gamle tvislira, som og er frå ein gard i Flesberg. Knivane manglar, og bildet er heller dårleg. Eg kunne derfor ønska meg betre tid og fleire bilder av både denne slira og av Ranvik-kniven.
Til slutt litt om planene for utstillinga på bygdetunet til sommaren. Me skal stilla ut bilder av Anstein Risteigen, vår lokale kunstmålar. Utstillinga av originalbilder blir to laurdagar: 25.juni og 31.juli. I mellomtida blir tekstar og kopi av bildene hengande oppe for alle som kjem innom og vil sjå. Me er igang med registrering og fotografering av dei måleria me kjenner til. Her er fotokunnige frå Flesberg igang med fotografering, medan Bygdetunets Venner noterer ned alle data om bildene.
onsdag 30. september 2009
Frå Vidda
Bjornesfjorden "Morgon" og "Kveld"
Jakta gikk bra i starten: Even fekk simla si og eg bukken alt fyrste jaktdagen. Seinare gikk det ikkje fullt så bra. Me fylte ikkje kvoten på 5 dyr, men hadde fleire sjanser og dyr i området dei fleste jaktdagane.
Ellers er det alle merkene etter bruken av Vidda gjennom århundrer ein legg merkje til. Og da særleg alle steinbuene som ein finn restar av nesten overalt. Her er tre bilder: Fyrst to frå Kilebua, som har hatt eige lagerrom ved sida av bua. Så restar av ei steinbu ved Langebuåa.
Er forlengst nede att frå Vidda - med ein masse inntrykk og gode opplevelsar! 
Ein ting var det fantastiske fisket i Bjornesfjorden. Med gjennomsnittstørrelse på råkåfisken på 800 gram etter sløying. Her ein stolt fiskar i full jobb.
Resultat av årets råkåfisk blir presentert på Fjellmatfestivalen i Uvdal. Sjå http://www.fjellmatfestivalen.no/default.aspx?ArticleID=52942&MenuID=10712
Ein ting var det fantastiske fisket i Bjornesfjorden. Med gjennomsnittstørrelse på råkåfisken på 800 gram etter sløying. Her ein stolt fiskar i full jobb.
Resultat av årets råkåfisk blir presentert på Fjellmatfestivalen i Uvdal. Sjå http://www.fjellmatfestivalen.no/default.aspx?ArticleID=52942&MenuID=10712
No har Ola fått si eiga heimeside om råkåfisken frå Vidda, der du kanskje kjenner att eit par bilder frå denne sida? http://hardangervidda-rakfisk.no/index.php
Jakta gikk bra i starten: Even fekk simla si og eg bukken alt fyrste jaktdagen. Seinare gikk det ikkje fullt så bra. Me fylte ikkje kvoten på 5 dyr, men hadde fleire sjanser og dyr i området dei fleste jaktdagane.
Ellers er det alle merkene etter bruken av Vidda gjennom århundrer ein legg merkje til. Og da særleg alle steinbuene som ein finn restar av nesten overalt. Her er tre bilder: Fyrst to frå Kilebua, som har hatt eige lagerrom ved sida av bua. Så restar av ei steinbu ved Langebuåa.
Seint ein kveld flaksa det plutseleg ei svær ugle i lommelyktskinnet utanfor bua. Kasta seg omtrent som ei flaggermus, berre eit par meter over hovudet på oss. Den såg heilt kvit ut under vengane, men var kanskje i minste laget til å vera ei snøugle. Ein kveld seinare var det 3 ugler der i skumringa, og på Fønnebu hadde dei besøk av 4 ein kveld. Det var dessverre så mørkt at dei var vanskelege å artsbestemma.
Når eg kom heim frå fjellet, var siste nr. av Knivbladet komi, med artiklen min om "Kittelsengeita og tussekniven". Moro å sjå det ein har skrivi på trykk.
torsdag 4. juni 2009
Sekkepipe i Rollag?
For midt på bildet sto det tydeleg fram ein sekkepipeblåsar! Med sekkepipa, og ei kasse på bakken ved sia av seg! Og folk sto rundt og hørte på han. Brura var heilt i ytterkanten til høgre i bildet, så det kunne neppe vera noko seremonielt for brudeparet, truleg berre eit reint underhaldingsinnslag på bryllupet.
Men så kjem det rare: På internett står det at den siste sekkepipeblåsaren i Norge reiste til Amerika i 1849! Så kanskje me har oppdaga ein sensasjon?
Even Traaen tok tak i spørsmålet, og fant ut at det måtte vera ein tilreisande, helst ein italienar etter sekkepipemodellen å døma. Helst truleg Ludvigio Berto Torelli, som budde på Øvre Skjørstad i Oppdal, og reiste rundt med lirekasse. Han var født i Nord-Parma i 1862, og fyrst trudde me han hadde sekkepipe og. Lirekassa hans mm er på bygdemuseet i Oppdal, så bilder derifrå kan kanskje bekrefta om me har rett. Slik kan eit gamalt bilde plutseleg bli veldig interessant! (No viser det seg at Ludvigio ikkje hadde sekkepipe sjølv, og kanskje heller ikkje spela på sekkepipe, dermed er det berre å starte på nytt - og forska vidare. Kom med innspel hvis du veit noko)Her eit bilde frå internett til sammenligning. Sjå fleire: http://74.125.39.132/translate_c?hl=no&langpair=en%7Cno&u=http://www.prydein.com/pipes/&prev=/translate_s%3Fhl%3Dno%26q%3Dbagpipe%2Basia%26tq%3Dbagpipes%2Basia%26sl%3Dno%26tl%3Den&rurl=translate.google.no&usg=ALkJrhgOxncUZVptjakvCUlhHT6-yHbJsg
Ellers kom "Knivbladet" i dag, med artikkelen min om Stener Storemoen. Den blei bra, med flotte bilder! Og no i pinsehelga var me på knivtreffet på Eidsfoss, i kampingvogna til Halvor og Maren Næsset. Her var det noko for einkvar smak, eit imponerande arrangement i det varme sommarværet!
Fekk forresten nettopp melding frå Halvor at både han og eg var trekt ut med bukkekort på møte i kveld om høstjakta i Numedalsalmenningen! Da blir det både jakt og fiske ved Bjornesfjorden til høsten.
I efta var det ei voldsom piping nedi enga nedom huset vårt. Det viste seg at ei kvinandho var på veg nedover bakkane med eit kull med 8 svarte smånyster, og dette hadde pus oppdaga. Vesle-Viil og eg fekk såvidt berga dei frå katteklørne, men dei vart spreidde i 3 grupper. Den eine følgde me ned til åa, der den sømte av garde. Me får håpa alle fant att mor si til slutt!
lørdag 4. oktober 2008
Kongeørn.
Etter fleire dagar med gråvær og regn, klarna det opp utover dagen idag, noko som frista til skogstur. Derfor tok eg med sengeklær som skulle til Svartetjønnbua, og stappa i sekken, og kjørte Bufjellvegen til endes - til Milebotten.
Og maken til opplevingstur eg hadde oppå høgda i efta, skal ein leita lenge etter! Frå Milebotten til Damtjønn (ein tur på ein snau kilometer) skremte eg opp 4 skogsfuglar. Fyrst ei røy, så ei jerpe, ein orrhane, og den siste såg eg ikkje, men kunne høras ut til å vera ein orre.
Men så - skreik det plutseleg rett over hovudet på meg! Og der, omtrent 20 meter oppe, seila det ei ørn! Ho skøltes kjempestor. Eg har aldri vori så nær ei frisk kongeørn før. Og over og rundt henne to falkar. Og høgt oppe ei ørn til! Ørna ”mi” forsvant over nordkanten av Kvigebergo, medan eg hørte små, korte varselrop heile tida. Og like etter kom ho låtande attende, litt høgare denne gongen, og seila opp på toppen av Bufjellnatten, der ho sette seg. Eg glømte sjølsagt at eg hadde det vesle digitalkameraet i beltet, klart til ”skot”. Slik er det ofte, opplevinga kjem så brått og uventa at du ikkje rekk å tenkja på bilde - før motivet er borte!
No var dei andre rovfuglane borte, og snart sleppte ørna seg ut frå toppen og seila nordover mot Fagerliåsen, heilt innåt åsen, like over ”Sankt Olavs
nakkehøl”, og vart borte. Heilt utpå kanten av åsen er det eit hol i berget, omtrent som etter skallen på ein mann. Eigentleg ei bitte lita jettegryte. Eg rakk å spørja mor, før ho vart for sjuk, kva som var opphavet til dette namnet? Og det var i siste liten, for ho var truleg den siste som kjente dette sagnet. Det hadde seg slik, at St.Olav ein gong kom med hæren sin austante landet, over Sigdal. Da dei kom frampå Fagerliåsen fekk han sjå ned i Rollagsbygda. Dette synet var så fint, at han i pure gleda sto på hovudet utpå kanten. Og sia har det vori eit søkk etter hovudet hans i fjellet, som har fått namnet ”Sankt Olavs nakkehøl”.
Det øvre bildet viser ein hatt ved sia av hølet. Ikkje St.Olav sin, men min!
Før eg sluttar, må eg fortelja at like etter episoden med ørna, flaug det opp enno ein storfugl. Og på vegen heimatt enno ein, litt nordafor den fyrste. Både fuglejegarane og harejegeren me leiger ut til, fortel om rikeleg med fugl og hare i år. Det kan eg ikkje nekta for etter dette.
Eg gjekk om Bufjellvollen heimatt, langs setervegen på nordsida av vatnet. Komen omtrent ved Snikjestein, kom det ein korp flygande, rett over Lomestein som ligg midt uti vatnet, og mot Bufjellnatten. Jaha, tenkte eg, kanskje ligg det eit slakt etter ørna der. Men korpen svinga berre bortåt Natten og forsvant nordover att, framom Fagerliåsen.
Alt i alt ein utruleg hendelsesrik tur - på vel 2 timar ;-)
Og maken til opplevingstur eg hadde oppå høgda i efta, skal ein leita lenge etter! Frå Milebotten til Damtjønn (ein tur på ein snau kilometer) skremte eg opp 4 skogsfuglar. Fyrst ei røy, så ei jerpe, ein orrhane, og den siste såg eg ikkje, men kunne høras ut til å vera ein orre.
Men så - skreik det plutseleg rett over hovudet på meg! Og der, omtrent 20 meter oppe, seila det ei ørn! Ho skøltes kjempestor. Eg har aldri vori så nær ei frisk kongeørn før. Og over og rundt henne to falkar. Og høgt oppe ei ørn til! Ørna ”mi” forsvant over nordkanten av Kvigebergo, medan eg hørte små, korte varselrop heile tida. Og like etter kom ho låtande attende, litt høgare denne gongen, og seila opp på toppen av Bufjellnatten, der ho sette seg. Eg glømte sjølsagt at eg hadde det vesle digitalkameraet i beltet, klart til ”skot”. Slik er det ofte, opplevinga kjem så brått og uventa at du ikkje rekk å tenkja på bilde - før motivet er borte!No var dei andre rovfuglane borte, og snart sleppte ørna seg ut frå toppen og seila nordover mot Fagerliåsen, heilt innåt åsen, like over ”Sankt Olavs
nakkehøl”, og vart borte. Heilt utpå kanten av åsen er det eit hol i berget, omtrent som etter skallen på ein mann. Eigentleg ei bitte lita jettegryte. Eg rakk å spørja mor, før ho vart for sjuk, kva som var opphavet til dette namnet? Og det var i siste liten, for ho var truleg den siste som kjente dette sagnet. Det hadde seg slik, at St.Olav ein gong kom med hæren sin austante landet, over Sigdal. Da dei kom frampå Fagerliåsen fekk han sjå ned i Rollagsbygda. Dette synet var så fint, at han i pure gleda sto på hovudet utpå kanten. Og sia har det vori eit søkk etter hovudet hans i fjellet, som har fått namnet ”Sankt Olavs nakkehøl”.Det øvre bildet viser ein hatt ved sia av hølet. Ikkje St.Olav sin, men min!
Før eg sluttar, må eg fortelja at like etter episoden med ørna, flaug det opp enno ein storfugl. Og på vegen heimatt enno ein, litt nordafor den fyrste. Både fuglejegarane og harejegeren me leiger ut til, fortel om rikeleg med fugl og hare i år. Det kan eg ikkje nekta for etter dette.
Eg gjekk om Bufjellvollen heimatt, langs setervegen på nordsida av vatnet. Komen omtrent ved Snikjestein, kom det ein korp flygande, rett over Lomestein som ligg midt uti vatnet, og mot Bufjellnatten. Jaha, tenkte eg, kanskje ligg det eit slakt etter ørna der. Men korpen svinga berre bortåt Natten og forsvant nordover att, framom Fagerliåsen.
Alt i alt ein utruleg hendelsesrik tur - på vel 2 timar ;-)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
