lørdag 4. oktober 2008

Kongeørn.

Etter fleire dagar med gråvær og regn, klarna det opp utover dagen idag, noko som frista til skogstur. Derfor tok eg med sengeklær som skulle til Svartetjønnbua, og stappa i sekken, og kjørte Bufjellvegen til endes - til Milebotten.
Og maken til opplevingstur eg hadde oppå høgda i efta, skal ein leita lenge etter! Frå Milebotten til Damtjønn (ein tur på ein snau kilometer) skremte eg opp 4 skogsfuglar. Fyrst ei røy, så ei jerpe, ein orrhane, og den siste såg eg ikkje, men kunne høras ut til å vera ein orre.
Men så - skreik det plutseleg rett over hovudet på meg! Og der, omtrent 20 meter oppe, seila det ei ørn! Ho skøltes kjempestor. Eg har aldri vori så nær ei frisk kongeørn før. Og over og rundt henne to falkar. Og høgt oppe ei ørn til! Ørna ”mi” forsvant over nordkanten av Kvigebergo, medan eg hørte små, korte varselrop heile tida. Og like etter kom ho låtande attende, litt høgare denne gongen, og seila opp på toppen av Bufjellnatten, der ho sette seg. Eg glømte sjølsagt at eg hadde det vesle digitalkameraet i beltet, klart til ”skot”. Slik er det ofte, opplevinga kjem så brått og uventa at du ikkje rekk å tenkja på bilde - før motivet er borte!
No var dei andre rovfuglane borte, og snart sleppte ørna seg ut frå toppen og seila nordover mot Fagerliåsen, heilt innåt åsen, like over ”Sankt Olavs nakkehøl”, og vart borte. Heilt utpå kanten av åsen er det eit hol i berget, omtrent som etter skallen på ein mann. Eigentleg ei bitte lita jettegryte. Eg rakk å spørja mor, før ho vart for sjuk, kva som var opphavet til dette namnet? Og det var i siste liten, for ho var truleg den siste som kjente dette sagnet. Det hadde seg slik, at St.Olav ein gong kom med hæren sin austante landet, over Sigdal. Da dei kom frampå Fagerliåsen fekk han sjå ned i Rollagsbygda. Dette synet var så fint, at han i pure gleda sto på hovudet utpå kanten. Og sia har det vori eit søkk etter hovudet hans i fjellet, som har fått namnet ”Sankt Olavs nakkehøl”.
Det øvre bildet viser ein hatt ved sia av hølet. Ikkje St.Olav sin, men min!

Før eg sluttar, må eg fortelja at like etter episoden med ørna, flaug det opp enno ein storfugl. Og på vegen heimatt enno ein, litt nordafor den fyrste. Både fuglejegarane og harejegeren me leiger ut til, fortel om rikeleg med fugl og hare i år. Det kan eg ikkje nekta for etter dette.

Eg gjekk om Bufjellvollen heimatt, langs setervegen på nordsida av vatnet. Komen omtrent ved Snikjestein, kom det ein korp flygande, rett over Lomestein som ligg midt uti vatnet, og mot Bufjellnatten. Jaha, tenkte eg, kanskje ligg det eit slakt etter ørna der. Men korpen svinga berre bortåt Natten og forsvant nordover att, framom Fagerliåsen.
Alt i alt ein utruleg hendelsesrik tur - på vel 2 timar ;-)

2 kommentarer:

Unknown sa...

Hei Pappa, så fin historie. har ikke hørt det sagnet om St Olavs nakkehøl før. Kan du ikke skrive mer om sagn her inne? klem fra Marte på Gautes ID

eviil sa...

Det er foerste gang jeg hoerer det sagnet og. Saa goey med alle fuglene du saa paa turen! Typisk aa bli saa oppslukt i situasjonen at man glemme at man har kameraet med seg naar noe spennende skjer.