lørdag 1. november 2008

Røvsrovedalen og Tjuveskuten

"Blogge-Viel" frå Juveligrenda syntest det var moro å lesa om stadnamna i bloggen min! Så her kjem meir: Er du østpå Mørkje (Røllagsdialekt for Marka), og kjører vegen til endes forbi avkjøringa til ny-hytta til Per på Løken, da endar du i Røvsrovedalen. Eit rart namn vil mange si, men her er forklaringa.

Røvsrove var det lokale namnet på Skogsnelle (Equisetum sylvaticum) her i bygda før. Slektsnavnet Equisetum kjem av Equus som betyr hest og Seta som betyr børste eller stivt hår. Den er meir buskute og mjuk enn dei andre snelleartane, og er i gamle skrifter her frå dalen kalla Ikønrove! Eit anna namn er Kjerringrokk, som er bruka om fleire av snellene. Kjerringrokk vart i folkemedisinen bruka som urindrivande middel, men da er det Åkesnelle me tenkjer på. I likhet med kråkefot-plantene formerar snellene seg med sporer, og ikkje med frø som andre planter. Dei kan leva på våtlendt og rå mark med lite oksygen, fordi den kiselrike stilken er fylt med luftekanalar til å hjelpa oksygenet ned til rotstokken eller rotknollen under bakken.

Frå Uvdal fortel Andreas Flom i brev til botaniker Ove Arbo Høeg i 1941 om bruk av kjerringrokk, at ”Ullen av denne plante ble brukt til putefyll. Den var meget mjuk og behagelig til hodepute, og denne ull er nesten uslitelig”. Sjå meir om røvsrove på http://linnaeus.nrm.se/flora/orm/equiseta/equis/equisyl.html

I åsen ovanfor Røvsrovedalen ligg Tjuveskuten. På 80-talet organiserte Rollag Mållag innsamling av stadnamn frå bygda. Mor reiste rundt på gardane her i grenda, og samla namn med forklaringar, og merka dei inn på kart.Alt i mellomkrigsåra hadde skuleungar rundt i landet registrert stadnamn rundt på gardane, og dette materialet var til god hjelp der det fanns! Tjuveskuten har eg nok så vidt hørt om som gut, men namnet er forlengst borte frå daglegtala. Når eg no fann det i mors notater, med forklaringa at det er ein bergskut (skorte/hule?) der det eingong i gamal tid er funni tjuvegods, vart eg nysjerrig på å sjå plassen. ”Skut” er såvidt eg veit namnet på eit lite overbygd rom med åpen front i f.eks. ein gamal låve.

Ein fin søndag no i oktober drog eg på leiting, og omtrent der den var merka på kartet, var det ei ganske stor fjellhylle under eit overheng. Som ein ser på bildet er det fin utsikt til det karakteristiske Tekslehogget som ligg på grensa mellom Flesberg og Rollag (og nesten Sigdal).


Rett ovanfor denne åsen ligg Tjønnmyra, der kunstmålar Jacob Gløersen måla brenning av kolmile ein vinter, med gamle Kølsru`n frå Lyngdal som milebrennar. Det får eg fortelja meir om ein annan gong.

4 kommentarer:

gvass sa...

Litt meir om namnet skut. Norsk Ordbok som skal vera ferdig i 2014, har ei enorm samling med lokalord med forklaringar i Setelarkivet, som du kan søke på i Internett.
http://64.233.183.104/search?q=cache:9N-xJ_Ojtq8J:www.edd.uio.no/perl/search/search.cgi%3Ftabid%3D436%26appid%3D8+setelarkivet&hl=no&ct=clnk&cd=1&gl=no
Det var litt av ei nettadresse!
Eg søkte på skut og fekk 174 svar!
Bl.a. i båt og som sval eller åpent rom på hus. Både Andreas Mørch i Sigdalsboka og Johannes Skar i Setesdal har skrivi om "ein skut innunder ein stein". Nærast Tjuveskuten kjem forklaringa til J.Mjaavatten frå Vegårshei: "FJELLSKUT. Berg som skyt fram eller luter framover slik at ein kan sitja innunder og ha tak over hovudet". Den satt!

gvass sa...

Søker du under "Stadkode" (siste lina) på Rollag, får du opp 1584 ord på dialekta kans ;o)

-viel- sa...

Artig! Forresten hadde vi en seanse her ogsåi vår/sommer her, med å kartfeste særdeles lokale stedsnavn, de fleste av dem har jeg nok hørt før, men hadde nok ikke visst hvor halvparten av dem var hen om det ikke var for Odd og Asbjørn, disse elgbikkjekarene får stupa seg borti enhver slags krinkelkrok:-) Forøvrig kan jeg nevne at det var linket til bloggen din på http://rollagdailyphoto.blogspot.com/ Skal nok få gjort det inne hos meg en dag også, men ting tar tid serru...

gvass sa...

Dei to som har sendt inn flest ord til Setelarkivet her frå Røllag, er Ingeborg Hoff (språkforskar utan tilknytning til Hovs-gardane i R) og Torstein Torsrud. Så her har Kjetil litt og leva opp til ;-)