lørdag 7. mars 2009

Marken, knivlaget mm

Markensonsdagen starta med skallebank, snørr og hoste - og litt feber, og slik fortsatte det resten av veka :-(
Dermed vart det ingen Markenstur, for fyrste gong på mange år! Gjerne blir det både 1-2 og 3 besøk, for det er alltid spennande gamle knivar å sjå på, og trivelege knivfolk å prata med! Mange skjønar ikkje heilt sjarmen med dette, men når mange knivfolk er samla, er det alltid masse kunnskap å få - og kanskje blir det ein og annan handel - eller skal me kalla det "snyteri"?
Skulle gjerne vori der i år, for det dukka opp nye opplysingar om fleire av dei "ukjende" knivmakarane frå Kongsberg. Knivane eg viste i blogginnlegget før Marken er no identifiserte: Ludvik Engebretsen, bestefar til Erik Engebretsen ved Bergverksmuseet, er meister for den spesielle Kongsbergkniven med svaner og børser på nedre slireholken. Og originalknivane med fløy på nedre holken, som Trygve Bjerknes hadde kopiert, skal vera laga av Hilmar Ulleberg, og antakeleg ikkje på KV slik eg trudde. Her er 2 knivar laga av Trygve.
Sjå bloggen til Per Toresen: http://kniver.blogspot.com/search/label/Kongsberg-Marken%202009

Sist onsdagskveld hadde me årsmøte i knivlaget vårt. Som vanleg hadde me besøk av knivekspertise som faginnslag på møtet. Denne gongen var det Gunnar Berg frå Tønsberg som viste oss sliresøm og sveising av sølvholk/toppholk på knivskaft. Etter å ha hatt besøk av Arne Mjøseng med Sigdalsknivar, og Gunnar Hope med foredrag om valbjørk og demonstrasjon av flott gravering tidlegare år, ser me at kvar og ein har utvikla "sin" eigen arbeidsmåte, og at det er ei mengd med tips å henta for oss alle frå dei som har erfaring. Gunnar Berg laga sin fyrste kniv i 15-årsalderen, og har no passert 2000 produserte knivar. Ikkje rart at han han vorti ein meister, ikkje minst sliresaumen er ofte eit eige lite kunstverk! Og kona Elsa, var med som vanleg, og sat å strikka heile kvelden! (Tok bilde med mobilen, med dårleg kvalitet: Gunnar lagar sølvholk, med Jan, Jose og Halvor som ivrige tilskuarar)

Ingen kommentarer: