torsdag 9. desember 2010

Fint besøk i tunet på Nordli!


Me har stadig besøk av ei rådyrmor med to bukkekje i tunet. Dei står i husveggen og et roseknuppar, eller grev etter epler under snøen. Tørre bringebærblad smakar visst godt og.

Kjea er nesten like store som mora, og runde og fine i pelsen.

Midt i tunet tok bukkane plutseleg rennafart og small isammen med pannebraskane, akkurat som geitungar og lam ofte gjer. Fekk dessverre ikkje filma det, men duverden så moro det var å sjå på!

Gaupa har vori nordpå jordet her 2 veker på rad, og da såg det ut til at rådyra stakk ned i bygda. Gauper tok fleire rådyr rundt her i fjor vinter! Truleg var det 2 gauper i følgje denne gongen, etter spora ned på jordet frå grendevegen å døma. 

Har teki mange bilder av rådyra med det nye kompaktkameraet mitt. Og dei fleste bildene står eg inne i stugu og tek ut gjennom glaset :) Kanskje legg eg ut fleire på Picasa internettalbum.

2 kommentarer:

Anonym sa...

hei Narve! Har nettopp fått to mailar, ein frå narvelid@hotmail.com og ein frå narve.lid@gmail.com. Teksten i mailane var den same. Han var skriven på svært dårleg norsk og handla om at du hadde vore i London på handletur og hadde blitt rana. Du spurte derfor om pengar.

Kona mi hadde sett denne teksten før.. Me fryktar du har fått virus på datamaskina di.

Vil råda deg til å skifta passord på mailadressene dine, sidan det virkar som nokon har fått tak i det. Det kan også vera lurt å installera antivirusprogram.

Mvh,
Hallvard Lid.

gvass sa...

Hei. Du har rett.og eg har vori sperra frå å koma inn på epostane mine, bloggen mm. Veldig kjedeleg, men no er eg endeleg inne att på gmailen/bloggen - med nue passord ;)