Og som vanleg hadde me utlodding av ein kniv laga av ein av medlemene i laget. Etter å ha sleppi unna dei tidlegare 4-5 åra, var det no min tur til å laga kniven. Etter skaden på venstrehanda før påske, av gjerdesaga, hadde eg neppe fått til noko kniv, om den ikkje alt hadde vori halvferdig. Fyrste gong me seldte lodd på kniven, var på "knivdagen" på Rollag bygdetun midt i juli. Sia var loddboka hjå "Stasjonsfruene" på Rollag stasjon , og salget vart avslutta på Vegglidagen. Vinnar av kniven vart Birgit Teksle Eriksrud!
I vår kjøpte eg 3 knivar på nettauksjon. Dei er veldig ulike, som ein ser på fotoet til høgre. Alle er nokså grovt laga. Den øvre er den kniven der kniv og slire er best tilpassa, men mønsteret på holkane er nokså grovt og enkelt gjort. Kniven kan vera halling, eller kan vera gjort av kven som helst, kanskje av taterfolket?
På dei to nedre knivane, er det dårlegare tilpassing mellom kniv og slire. Den med skori treslir sit alt for høgt i slira etter min smak, omtrent slik Nils Deildok ville ha dei (2/3-del av skaftet over slirekanten). Treskuren er svært djup og nokså grovt gjort, men med sikker
skjæring og originalt mønster. Holkane, som alle er små eller smale, er sikkert graverte med originale mønster. Det same er sideskinnene på slira, som "manglar midtbelte. Sideskinnene er derfor festa med mange naglar, jamnt fordelt og tilpassa gravyren.
Så til den tredje kniven, som er den mest spennande! Den er laga av bein, og kniven har alt for kort og unøyaktig skaft i forhold til slira. Men graveringa av holkane er flott arbeid, med masse fine detaljar. På leiting etter gamle knivar med holkar med liknande mønster, kom eg over ein svært interessant kniv avbilda på s.131 i "Norsk knivbok" av Øystein Kostveit. Denne kniven har holkar laga av Eivind G Tveiten, graverte av Lars O Griffenfelt i 1922. Ekstra interessant er det at Kleppo-brørne og Aasmund Hovden studerte graveringa på denne kniven fleire gongar, på den tida dei for alvor starta med knivarbeid!
Oppå toppen av toppholken på knivane, har dei eit ganske likt og svært sjeldant mønster. Begge har graverte "snippar" som er nokså vanleg, men derifrå og ut til kanten går er det gravert tett i tett med radiale strekar som fyller resten av flata. På beinkniven er dette utført med ein stikkel med fleire eggar svært tett saman. Den er og bruka som utfylling av blanke flater, bl.a. på doppskoen.
Ein annan likhet, som er ganske sjeldan å sjå, er at øvre holken på begge slirene er bøgd innover, slik at sølvet dekker heile slirekanten. Kanskje er desse likheitane tilfeldige, men det er lov å undra seg!
Ein annan likhet, som er ganske sjeldan å sjå, er at øvre holken på begge slirene er bøgd innover, slik at sølvet dekker heile slirekanten. Kanskje er desse likheitane tilfeldige, men det er lov å undra seg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar