mandag 23. februar 2009

Martnàn på Røros og kniv frå Gudbrandsdalen


Så var Røros-Martnàn over, ei stor oppleving for den som aldri har vori der før! Masse folk, stapp fulle gater i eit kompakt arrangement, bakgårdar med hestefolk, husflid, salg av varmmat, felespell, alt i ein eim av tradisjonar i denne velfortente "Verdensarven"! Og dans på fleire stader frå kl.12 om dagen til langt på natt. Riktignok stort sett pols, men som alle skjønar har det vori flotte dagar på Røros, og fin temperatur rundt -5 grader.
Ekstra moro var det å treffa ein trøndersk numedøling med feleskrin og toradervenner. Det vart flott musikk og stor stemning i Kaffestuggu, takka vera Bjørnar!
Det einaste eg sakna var knivar. Riktignok var det sameknivar i mange salgsboder, både fabrikklaga og heimegjorte, men berre nye. Eit par lokale knivmakarar sat og viste knivmakeri - flott arbeid, og eit par svenskar seldte eigne knivblad og knivar frå salgsbua si. Men knivhandel med eldre knivar (og klokker) såg eg ikkje. I alle fall var det langt att til aktiviteten på Kongsberg-Marken, som kjem denne veka.
Me overnatta på Vinstra på turen til Røros, og her dukka det opp ein go`bit for ein knivkar: Ein gamal kniv frå Sel som skulle vera frå 1800-talet! Og svært original så langt eg kunne sjå. Knivmakaren visste ingen noko om, men frampå slira sat det ei nysølvplate med navnet G.Rudset inngravert med gamal skrift (Navnet ser ut til å ha vori skori inn i slira under skiltet fyrst).

Det er felt inn perlemor som pynt i skaftet, og rissa eit enkelt geometrisk mønster i treet som ramme rundt perlemorplatene. Innerst på knivbladet er det ei brei pynteplate i nysølv heilt rundt bladet, dekorert med to paralelle striper. Slira har ein enkel doppsko i nysølv nederst, og ingen holk høgare opp. Den er nokså originalt dekorert, med ein utskoren figur forma som eit tre i læret over doppskoen. Ellers er det opphenget som ein legg merke til; Fyrst ei enkel hempe av lær sydd bak på slira. Til ein messing?ring på toppen av hempa, er det festa ei lærreim med spenne i, klemt fast av ei nysølvramme og med ei trekanta nysølvplate i tuppen av reima. Begge er pynta med enkel dekor.

Her er bilder som viser kniven og nokre av detaljane. Dei kunne vori betre, men viser litt av det eg har beskrivi. Eg vil gjerne høyra frå folk som veit meir om knivmakar eller eigar.

Ingen kommentarer: