mandag 1. desember 2008

Kvennhølet kraftverk

Her om dagen hadde kraftverket mitt 5-årsjubileum. 5 år - du verden kor tida går! Eg syns nettopp eg dreiv å bygde det, med god hjelp av Leif Haug frå Borgegrenda i Nore. Og den 11.09.03 (nøyaktig 2 år etter Twin Towers) slo Al Kaida? til under kraftverksarbeidet i tunet her, og slapp ein kumring av betong ned på okla mi så den vart knust. Deretter ein 4 timars operasjon med montering av jernskinner, skruar og spiker. Den var heldigvis vellykka, så eg kunne dansa numedalsspringar på den fyrste nyttårsfesten etterpå!

Men attende til kraftverket; eit såkalla mikrokraftverk - eller kanskje det bør kallas eit mikromikrokraftverk. Ingeniøren frå Tsjekkia kalla den i hvert fall "ungen sin", den minste av dei nærare 50 han hadde hatt ansvar for. Kvennhølet kraftverk har fått sin plass i referanselista til Hydrolink /Hydrochom 2003, ( http://www.hydrohrom.cz/reference.htm ) saman med Grønhovd kraftverk som Anders Bjørnsrud i Sigdal kjøpte på turen saman med Sigmund Båstad og meg til Praha. Mikrokraftverk er navnet på dei aller minste, under 100 kilowatt, så har me minikraftverk opp til 1000 Kw, og småkraftverk vidare opp til 5000 KW.

Så korleis har det gått desse 5 åra? Den tsjekkiske Pelton-turbinen berekna på 86 m fall, kan produsera opptil 14 kilowatt. Rundt 10% av dette blir friksjonsvarme i kraftverket. Ved å kjøra verket på ca.11 Kw går det stort sett utan problemer. På 5-årsdagen den 26.november hadde eg produsert i alt 376000 KwH. Altså 75200 KwH i året i gjennomsnitt. Det er omtrent det me bruka her på garden da kraftverket vart bygd, og me enno dreiv med mjølkeproduksjon.
Men produksjonen er ikkje jamn gjennom året, og heller ikkje frå år til år. Li-åa, som i hovudsak kjem frå Bufjellvatnet og frå tjønnet nordom Skarpmosetra, er ein typisk flaumbekk. Den flyg veldig opp i regnvær og vårløysing, og blir omtrent tørr i lengre tørkeperiodar. Heilt typisk i fjor (2007) da alle hugsar 50/100-årsflaumen fyrst i juli. Bildet øverst er teki den 3.juli da vatnet i åa var på det største. 2 månader seinare, fyrst i september, var Li-åa tørr!
Som alle skjønar gjev dette svært ujamn produksjon, og periodevis mykje pass av vatn og utstyr. No brukar me litt mindre strøm enn det me produserar i året. Derfor blir litt levert på nettet - til spot-pris. Andre periodar må me kjøpa strøm, som alle andre, til full pris. Differansen blir som regel pluss i strøm, men minus i "blanke kronur"!
Heile investeringa var på omtrent ein halv million kroner (På størrelse med ein ny VAN 4-hjulstrekk). Slik det no ser ut kan pengane tenas inn att i løpet av 15 år, i spara strømutgifter, og utan å rekna på renter og arbeid/pass. Så det stemmer vel det som eg vart fortalt på kurs om småkraftverk før eg starta opp: "Den som satsar på småkraft, han lever fattig, men dør rik"! Kvennhølet blir nok ingen rik av, men turbinen bør kunna gå lenge etter mi tid. Legg merke til spikeren og konestykket på bildet, som balanserer oppå turbinen. Inga "slingring i valsen" her!

1 kommentar:

Marte sa...

Ja, her har det blitt investert for framtida, og om det blir klima/finanskrise-krig, er det greit å være på Nordli, med egen strøm og egen brønn (så vi har rent vann hele tiden). Hehe.