søndag 28. desember 2008

Jul, løypekjøring mv.


Me er midt i romjula, og her i huset er dei fleste julegjestene no reist. Det har vori ei litt spesiell jul, med sjuke og skadde folk. Verst gikk det ut over Gaute, som ser ut til å ha rivi av korsbandet i eine kneet under aking nedi bakkane her! Det skjedde forrige dagen – andredag jul.
Om kvelden kjørte eg han til lagevakta i Veggli. Derifrå vart han sendt vidare med drosje til Kongsberg sjukehus for å ta røntgen, og ein ny drosjetur til Kongsberg dagen etter til spesialist/ortoped. Dermed må han truleg gjennom ein operasjon - med ventetid opptil eit halvt år -. Ikkje heilt lystelege utsikter.
Me andre har vori gjennom ”fårången” etter tur, med magesjau og kvalme. Vesle Viil hadde nok smitta med seg frå barnehagen i Oslo. Deretter vart mamma Marte sjuk, og tilslutt eg og Mona. Ho har vori meir i senga enn på beina like frå juleeftan til idag!

Men uansett er det veldig triveleg med masse folk i huset, og rikeleg med god mat.
Juleeftan vart det Marte som fekk hovudansvar for festmaten, noko ho greidde med bravour! Ribba var fyrsteklasses og moltekremen sette spissen på måltidet. Så var det gavedryss, utan nissebesøk. Men seinare i jula hadde me eiga nissejente på garden! Sjå bildet.

Som ein fortsettelse på den forrige bloggen min, såg me 2.-dags morgon eit rådyr som låg daudt i vegkanten ovanfor idrettsplassen. Det var eti på av rovdyr, og me tenkte straks på gaupe. Eg ringte rovdyrkontakt Sigurd, men da han kom litt seinare på dagen var dyret borte. Her er eit bilde eg tok av rådyret der det låg. Dyret var tydelegvis flytta 10-15 meter. Heile halsregionen var eti opp, men ellers var det ikkje ei skramme å sjå. Truleg har reven vori på ferde, for den prøvar gjerne å få laus hovudet for å ta det med seg. Det var ikkje tydelege spor etter større dyr eller kamp, så helst truleg er dyret påkjørt og har daua momentant. I tilfelle har sjåføren gjort noko ulovleg, for Viltnemnda har ikkje fått melding om påkjørsel, slik lova pålegg!




Med det fantastiske vinterværet me har fått, vil eg anbefale ein skitur i løypene oppå høgda. Slik såg det ut da eg kjørte løypa over Barketjønnmyra, akkurat i solnedgangen forrige dagen! Saman med Nils i Torsrud har eg kjørt og slodda løypa frå Langevatn og sørover, nesten til Vrågå. For å koma heilt dit, må me ha meir snø. Men dei som vil gå ei fin rundløype no, kan starte i Søre-Bergan og følgje vegen til Korsløkjin. Deretter oppkjørt løype langs Møretjønnvegen nordover til Svartetjønn, Holmetjønn og Langevatn, og heimatt om Bufjell og ned løypa etter vegen til Bjørndalen. Ein passeleg dagstur no tidleg på vinteren!
Ellers er det moro å sjå at Sigurd Pettersen er i draget att, sjølv om dei beste er samla i hoppuka. Håpar han snart slær heile hurven att! http://www.laagendalsposten.no/article/20081228/SPORT/288557785/1099

Ei fortsatt god jul og eit godt nytt år ønskas alle blogglesarar her frå Nord-Li!