fredag 9. januar 2009

Livets gang.

Så er eit langt og strevsamt liv over. Mor sovna stille og fredeleg inn i går efta på Bygdeheimen, der ho har vori pleiepasient sia ho fekk slag hausten 2000. Det vart ein brå overgang frå full aktivitet "døgnet rundt", til eit liv i rullestolen. Det å mista taleevna var nok aller verst, men ho har vori sterk og tapper heile tida. Det er visst vanleg at slagpasientar får depresjonar, men hjå mor har eg aldri sett gråt eller tårer desse åra. Berre ei oppgjeven risting på hovudet når ho har prøva å svara oss eller ønska å fortelja noko. Akkurat det har vori aller verst!

Etter å ha stelt si eiga mor (og mi bestemor) som senil pasient dei siste åra ho levde, bestemte mor seg for at ho skulle på Bygdeheimen hvis ho nokongong kom i same situasjon. Så det var ein godt motivert pleiepasient som kom dit for vel 8 år sia. Og maken til godt stell og ettersyn som ho der har fått, det skal ein leite lenge etter!

Eit par bilder frå ulike bolkar av livet hennar:

Fyrst saman med far, Håkon Lid, på Heimesetra Bufjell der han for og fridde rundt 1940. Bildet viser den flottaste setervollen oppå høgda her, der skogen no er i ferd med å overta heilt, midt inne i Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat. Tenk om setervollen eingong kan hoggas og åpnas att som det viktige landskapselementet det er – trass i vernevedtak! (Problemet rundt vern, attgroing og skjøtselsplaner kjem eg attende til ein annan gong).

Det andre bildet er ganske nytt, og viser 4 kvinnelege generasjonar her i tunet på Nord-Li. Mormor Gunhild i rullestolen, dottera Vigdis som er eldste syster mi. Dotter hennar heiter Hilde, og ho er mor til tvillingane Agnes og Helene.

Ingen kommentarer: