søndag 7. desember 2008

Knivbladet og tussekniven frå Sigdal

Ja, no er siste nr. av Knivbladet for i år komi, med masse interessant stoff, mest frå Telemark. I bladet nevner redaktøren bloggen min. Og den til Per Toresen, som er ein rein knivblogg med masse knivstoff. Bloggen min er og kalla knivblogg, sjølv om eg skriv om mange andre ting og. Men tanken er at litt av det eg veit om knivmakarar og gamle knivar vil eg gjerne fortelja om i bloggen min - og gjerne få kommentarar til!
Eg har vori med i knivforeninga sidan starten, og har etterkvart ei stor samling med "Knivblad". Når ein blar i desse, dukkar det stadig opp nye ting som ein ikkje har lagt merke til før, og som får ny aktualitet fordi kunnskapen min om kniv aukar. No har eg sendt inn eit par artiklar til bladet. Ein er basert på noko eg har skrivi om her i bloggen, men litt meir utfyllande om emnet. Den andre er svar på eit spørsmål i Knivbladet på 90-talet. Her er det bilde av eit knivskaft med innrissa nissar/tussar, med spørsmål om nokon har opplysingar om kniven.

Eg har hatt fleire slike tusseknivar gjennom åra. Den eg har no er ikkje spesielt fin, med sprekk i skaftet. Men akkurat den kniven som vart vist i Knivbladet, fekk bestefar min, Nils Bjørge, som betaling for ei geit han hadde på setra ein sommar. Eigar av geita var Kittelsen frå Sigdal. Eg har trudd det var kunstmålar Theodor Kittelsen, som budde på Lauvlia ved Sonern mange år, men det ser ikkje ut til å stemma.
Meisteren for tusseknivane er Engebret Båse frå Sigdal. Knivane er store etter dagens standard, godt over 20 cm lange, og er som regel utan slir. Engebret hadde visstnok ein skomakar til å laga slirer for seg. På dei knivane eg har sett er det gjerne 4 tussar/nissar rundt skaftet, 2 på kvar flatside. Ofte spelar ein av dei fele. Tussane er rissa inn med såkalla "kolrosing": Figurane er fyrst rissa inn med ein kvass kniv, og deretter gnidd inn med ei blanding av finmalen ore- eller furubark og olje. Når dette blir gnidd bort og pussa fint, kjem mønsteret tydeleg og skarpt fram.

Men meir om geita og gjevaren kjem i Knivbladet.

3 kommentarer:

Anders i Bryna sa...

Hej
Intressant blog du har, läste om den i Knivbladet.
Välkommen till min knivsajt med över 2000 äldre Nordiska knivar, www.cultur.nu
Du får gärna länka till den.
Anders

gvass sa...

Hei.
Veldig hyggeleg med kommentar frå knivfolk i Sverige. Eg kjenner knivsida di, og er innom og ser på alle dei flotte knivane som har vori på auksjon! Korleis finn du alle? Litt av ein jobb...
Har ikkje funni plass på bloggen til lenker, men følgjer med vidare. For andre interesserte er adressa: http://www.cultur.nu/knivar/index.shtml

Asbjørn Solheim sa...

Hei. Har også blitt en "Blogger", men det er ikke så mange knivblogger jeg har funnet ennå. Legger meg til som følger av deg, og kanskje vil du ta en titt på min blogg?