
No "tussar" det av elgspor oppover i skogen heilt ned mot tunet her. I natt har det liggi dyr under epletreet ved grisestallen, etter fyrst å ha kosa seg med kvistar frå siljua og morelltreet ved postkassa. Frå bergryggen ovom grisestallen har elgen hatt flott utsikt til tunet - og dramaet som det var så tydelege spor etter då me kom ut i dag:
Etter vegen mellom bygningane her var det spor etter både rådyr og rev. Begge hadde heldi stor fart. Tydeleg at det eine dyret hadde jaga det andre - og gjett kven? Det fyrste eg såg var spor etter rådyr i lange hopp rett mot huset vårt. 3 meter unna hadde det bråsnudd attende rundt tuntreet. Men bak lønnen hadde reven


Rådyret hadde kjempa seg laust att, byksa ein runde rundt bua - med reven etter! Deretter i full fart nedom huset vårt, ein runde inn under verandaen - og reven etter. Rart ingen av oss vakna?
Så i fullt sprang nord mot låven, under låvebrua og ned i snøhaugen nordom låven, der reven på nytt hadde fått rådyret i bakken. Eit nytt basketak før dyret slapp laus att, ein kjapp sving rundt foringsplassen til kyrne nedmed bjørka, med reven i hælane, den hadde kutta svingen utan å nå att rådyret denne gongen.

Dette vart litt av ei historie, og kva som vidare skjedde, om rådyret greidde seg i djupsnøen, eller reven fekk steika si, veit eg ikkje, for her stoppa sporinga mi. Det er sjeldan ein kan "lesa" så tydeleg ein kamp på liv og død - og det rett utanfor eiga stugudør! Og at rådyra har strie dagar no, sjølv utan reven i hælane, er det ikkje tvil om.
Reven har forresten vori gjengangar her dei siste nettene. Så da katta vart borte nokre dagar før helga, rekna me med at ho hadde enda som revemat. Men den gang ei, her ein morgon var ho ved fjøsdøra att, utan ei skramme. Og katta har som kjendt ni liv!

På foringsplassen i dag kosa kyrne seg som vanleg i solskinnet, utan å ane kva for drama som der hadde gått føre seg nokre timar tidlegare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar