mandag 16. februar 2009

Marken, Oskar-knivar mv

Snart er det Marken på byen att, men fyrst reiser Mona og eg til Røros-Martnàn. Det blir ei ny oppleving, med eit ekte folkeliv med hestar, dans og musikk som ingen andre kan oppvisa maken til - ifylgje omtala på førehand. Kanskje tek eg med nokre knivar, for det finns sikkert knivfolk her som på alle andre markenar. Spennande blir det i alle fall. Me skal bu hjå svigerforeldra til Marte midt i byen!

Neste veke kan me fortsetja på Kongsberg, der knivfolket no har fått eigen samlingsplass i den søre fløya innanfor utstillarane i Bergverksmuseet - ei framifrå løysing etter mitt syn. Per Toresen skriv meir om dette i sin blogg, og i referatet frå fjoråret presenterar han ein kniv laga på Kongsberg, som ingen veit kven har laga. Nedre doppskoen er dekorert med både svaner og gevær. Er det nokon her i distriktet som har peiling, er me fleire som gjerne vil høyra. Sjå nederst i artikkelen http://kniver.blogspot.com/search/label/Kongsberg-Marken%202008

Trygve Bjerknes, som no er død for nokre år sia, var tidlegare KV-arbeidar og ivrig knivmakar. Eg køpte ein gong ein kniv av han, som skulle vera ein etterlikning av ein Kongsberg-kniv laga på KV. Modellen var svært lik dei andre knivane han laga, lik ein Numedalskniv, men på den nedre doppskoen var det forma ei fløy rundt enden av kniven (sjå bildet). Eg er og veldig interessert i om det finns nokon som kan bekrefta det Trygve fortalte, eller kjenner til gamle knivar som liknar denne.

Eg har tidlegare nevnt Oskar Bye, som dreiv keramikk-verkstad her på garden. Han var veldig glad i besøk, og satt gjerne med noko trearbeid i hendene medan praten gikk. Enten vart det sleiver eller treskeier, eller han laga knivar. Det var typiske bruksknivar, gjerne med gjennomgåande tange og ein gamaldags dansk 25-øre med hol i som topp-plate på skaftet.
Ein spesiell knivtype han spikka, med snitta skaft, hadde han i ungdomen sett ein gamal kar på Rødberg som gjorde. Her er bilde av Oskarknivane me hadde på utstillinga på Rollag Bygdetun for eit par år sia. Den med snitta skaft er nr.2 til høgre. Denne modellen har eg prøvd å laga etter, med slir som står litt i stil med skaftet. Her ei gave til Terje, etterfylgjaren min som skogbrukssjef i Flesberg.

Lågdalsmuseet på Kongsberg fekk ei fin gave frå arvingane til Oskar, både keramikk og trearbeid/knivar. No i Marken er nokre av knivane hans stilte ut der saman med trearbeidet, medan keramikken er teki vekk for å gje plass til teikningar og maleri av Kongsberg-kunstnaren Herman Gundersen. For interesserte er utstillinga åpen frå 10-15 på kvardagane.

Ingen kommentarer: