Eigentleg er det to vidt forskjellige tema eg ville skriva om, nemleg Gaupe og Gløersen -.
Her om dagen var det ferske spor etter gaupa att, rett nedom kraftverksdammen sønnom Våsedokk. Det er no meir vanleg å sjå gaupespor enn det var å sjå elgspor da eg var liten - på 50-talet. Da hugsar eg me gjekk "mann av huse" ein vinter for å sjå på elgspor som kryssa vegen ovanfor garden!
Attende til gaupespora. Fyrst såg det ut til å vera fleire i følgje, men så såg eg at gaupa hadde gått i same sporet i begge retningar. Dette er visstnok ganske vanleg iflg. rovviltkontakt Sigurd Storemoen, som kom og såg på spora.

Bildet viser kvileplassen, med rådyret mellom bjørka og grana bak, og husa på Våsedokk.
Så var det Jacob Gløersen, kunstmålaren som med jamne mellomrom gjennom mange år budde og måla sine bilder her i bygda. Fyrste gongen han var i Numedal, det me kjenner til, var på studiereise i 1884. Da reiste han gjennom Numedal, Sigdal og Krødsherad.
Eg har etterkvart samla ganske mykje opplysingar om Gløersen, bl.a. frå 122 brev i Håndskriftregisteret i Oslo, og bilder frå katalogar og auksjonar. Dei siste par åra har det vori "tørke" med Gløersen-maleri på internett, men i sommar dukka det opp eit bilde i Sverige, som
ikkje vart seldt. Da det på nytt dukka opp no seinhaustes, til rimelegare pris, baud eg på bildet. Så no er eg den lykkelege eigar av eit bilde måla i Sigdal i 1889! Eit flott maleri, etter min smak!
Kva veit eg så om dette bildet? Andreas Mørch skriv i bygdeboka for Sigdal at "Jens Varsla ble, som felemaker, malt av Jakob Gløersen i 1889, men bildet kom til Sverige". På Haustutstillinga dette året hadde Gløersen to bilder frå Sigdal, "Felemaker" og "Landskap". Det siste er sannsynlegvis bildet "mitt", som har tittelen "Landskap med vårbäck og flicka".
Korleis bildene har havna i Sverige, veit eg ikkje. Men det var nokså vanleg på den tida å senda bilder til utstillingar i Sverige, der det var meir internasjonal kunst og fleire kjøparar. Om nokon blogglesarar derute veit meir om dette, vil eg svært gjerne høyra :-)