lørdag 12. desember 2009

Nytt og gamalt frå skog og mark

Ei "intetsigande" bloggoverskrift ;)
Eigentleg er det to vidt forskjellige tema eg ville skriva om, nemleg Gaupe og Gløersen -.

Her om dagen var det ferske spor etter gaupa att, rett nedom kraftverksdammen sønnom Våsedokk. Det er no meir vanleg å sjå gaupespor enn det var å sjå elgspor da eg var liten - på 50-talet. Da hugsar eg me gjekk "mann av huse" ein vinter for å sjå på elgspor som kryssa vegen ovanfor garden!
Attende til gaupespora. Fyrst såg det ut til å vera fleire i følgje, men så såg eg at gaupa hadde gått i same sporet i begge retningar. Dette er visstnok ganske vanleg iflg. rovviltkontakt Sigurd Storemoen, som kom og såg på spora.

Så, knappe 100 meter sønnom dammen, låg det eit halv-eti kadaver av eit rådyr. Ja her hadde gaupa meska seg! På ein stein oppå ein haug rett på sørsida hadde ho liggi og kvilt, og spretti avgarde i lange byks sørover. Kanskje vart ho skremt da eg kom på snøskutern for å renska snø ved inntaket til kraftverket?? Ho hadde nok full kontroll, sjølv om ho kunne sjå bort til husa på Våsedokk!







Bildet viser kvileplassen, med rådyret mellom bjørka og grana bak, og husa på Våsedokk.





Så var det Jacob Gløersen, kunstmålaren som med jamne mellomrom gjennom mange år budde og måla sine bilder her i bygda. Fyrste gongen han var i Numedal, det me kjenner til, var på studiereise i 1884. Da reiste han gjennom Numedal, Sigdal og Krødsherad.

Eg har etterkvart samla ganske mykje opplysingar om Gløersen, bl.a. frå 122 brev i Håndskriftregisteret i Oslo, og bilder frå katalogar og auksjonar. Dei siste par åra har det vori "tørke" med Gløersen-maleri på internett, men i sommar dukka det opp eit bilde i Sverige, som ikkje vart seldt. Da det på nytt dukka opp no seinhaustes, til rimelegare pris, baud eg på bildet. Så no er eg den lykkelege eigar av eit bilde måla i Sigdal i 1889! Eit flott maleri, etter min smak!

Kva veit eg så om dette bildet? Andreas Mørch skriv i bygdeboka for Sigdal at "Jens Varsla ble, som felemaker, malt av Jakob Gløersen i 1889, men bildet kom til Sverige". På Haustutstillinga dette året hadde Gløersen to bilder frå Sigdal, "Felemaker" og "Landskap". Det siste er sannsynlegvis bildet "mitt", som har tittelen "Landskap med vårbäck og flicka".
Korleis bildene har havna i Sverige, veit eg ikkje. Men det var nokså vanleg på den tida å senda bilder til utstillingar i Sverige, der det var meir internasjonal kunst og fleire kjøparar. Om nokon blogglesarar derute veit meir om dette, vil eg svært gjerne høyra :-)

lørdag 5. desember 2009

Kurs i knivlaging og smiing av knivblad

Ja, så er knivkursa avslutta, med bra resultat :)
Det var 5 som fullførte kvart av kursa, slik at me no skulle ha fleire nye knivmakarar og smedar i laget. Kanskje me snart kan kjøpa blad av vår eigen knivsmed? Sist onsdag hadde me forresten besøk av Edvin Flesvik frå Rukkedalen, tidlegare Rødberg, med sine knivar og knivblad. Optimismen blant dei nye knivmakarane er stor, med innkjøp av mange knivblad!

Her er 3 av dei ferdige knivane. Og kursdeltakarar i arbeid, under kyndig leiing av erfarne medlemer i Rollag knivlag.
Og her er den flotte kommentaren på bloggen til ein av deltakarane på knivkurset vårt:

Frå smedkurset har eg desverre ikkje noko bilde, men kommentarane frå deltakarane hjå Jan på Søre Vatnebryn var og svært positive. Alle fekk smidd kvart sitt knivblad, og eit par greidde to. Deltakarane der kom både frå Oslo, Kongsberg og Rollag. Oslokaren som hadde lengst reiseveg, var ein skikkeleg tøffing som overnatta i eige telt på tunet på Vatnebryn - trass i snø og kuldegrader!
Så dukka det opp ein ny knivbloggar som kommenterte bloggen min da eg skreiv om kursa fyreåt. Kjempeflott med nye kontakter! Av bildene på bloggen hans ser han ut til å vera ein utsøkt knivsmed, Asbjørn Solheim frå Østfold. Sjå bloggen http://hobbysmed.blogspot.com/ og heimesida: http://home.online.no/~j-irenb/index.cfm

Forrige fredag var eg i på årsmøtet i Nore & Uvdal historielag og snakka blant anna om knivar og knivmakarar. (Hovedtemaet var om gamle plantenamn og bruk av planter, særleg frå Uvdal - der lærar Andreas Flom samla tradisjonsstoff på 1940-talet og sendte folkeminneregisteret i Oslo. Og litt om kunstmålar Jacob Gløersen sitt opphald i Nore i 1892. Altså ganske variert, kanskje i meste laget?)

På møtet hadde fleire med seg gamle knivar. Spesielt ei samling frå Øvre Uvdal var spesielt interessant. Fleire med Tinndølsblad. Blant anna denne frå 1918 med stempil som eg ikkje finn i smedboka frå Tinn!
Bildene er teki i all hast, men eg håpar å få betre tid og bilder ved eit seinare høve!