lørdag 5. desember 2009
Kurs i knivlaging og smiing av knivblad
torsdag 22. oktober 2009
SNIPP - SNAPP - SNUTE
Dette står i Laagendalsposten, lokalavisa her i Numedal og Kongsberg: http://www.laagendalsposten.no/article/20091022/NYHET/754474803/1099
6 grendeskular vart til ein sentralskule ved Rollag sentrum i 1958, og eg gikk det 7.skuleåret mitt her. Møtet i kveld fekk meg til å skriva denne kommentaren til Laagendalsposten:
"SNIPP - SNAPP - SNUTE.
Huff, detta vart ei flau forestilling for over 50 engasjerte frammøtte! Det fekk meg til å tenkja på folkeeventyret:
"Det var ein gong for lenge, lenge sia - i 2007, at 3 parti gikk til valg i Rollag kommune. Alle lova at dei neste 4 åra skulle det ikkje bli ny eigedomsskatt i kommunen, og skulestrukturen skulle ikkje røras!!
Alle tri vart valgte, og den store bukken Bruse fekk styringa.
- Så gikk eit laaangt år, og kommunen vart fattig må veta: No må me ha ny eigedomsskatt, sa dei største bukkane Bruse! Da fær me så mykje pengar, at me lovar å ikkje røra skulane (Greitt å lova påny det samma som ifjor). Slik pressa dei på - til dei fekk det som dei ville, koste kva det koste ville!
- Ikkje før hadde dei fått tak i desse pengane, så fant ein glup bukk på ein ny idè: Me fær "Bukken med havresekken" til å finna ut om 1 skule er billegare enn 2 - og det fant han greitt ut! Med eit enkelt reknestykke som han kalla "konsekvensanalyse"!
Da bestemte den største bukken Bruse at dette gjer me! Og han var så stor og sterk at den mellomste og den minste bukken Bruse ikkje hadde noko dei skulle ha sagt!
Og snipp, snapp, snute - så var Rollag skule ute!”
Ps. Problemet med dette eventyret er at politiske lovnader blir som døgnfluger - utan verdi dagen etter. Og interessa og respekten for politikk går den vegen høna sparkar, dessverre!"
Eg er ikkje den einaste som reagerer. Ganske sterkt frå Bloggen til CORVUS CORAX, med dette bildet:
"fredag 23. oktober 2009
Fader, forlat dem! for de vet ikke hvad de gjør.
- Lukasevangeliet 23:34 -"
Og ein anna blogg: http://rollagdailyphoto.blogspot.com/
lørdag 17. oktober 2009
Pentagon-samling!
forelesingar, og arrangerte privat fagtur rundt Sørland/Vestland i 14 dagar!Lenger vest ligg den idylliske strandstaden Sogndalsstrand, som frå gamalt av har vori deilt mellom gardane på Hauge, Aarstad, Frøiland og Haneberg. Her har Marit etablert
http://egersund-terracotta.no/Sommeraktiviteter.asp
Her renn elva Sokna ut i havet. Elva var eingong ei god lakseelv. Etter at grunneigarane langs elva fekk igang eit kalkingsprosjekt på slutten av 80-talet, er laksen no attende i elva i store mengder!
På den "nye" moloen ut frå ei nybygd amfiscene, er det laga kunst av naturstein, med stiliserte menneskefigurar plasserte med jamne mellomrom langs sjøsida.
lørdag 10. oktober 2009
Knivkurs og smikurs
I tillegg til knivmakarane, har me hatt eit betydeleg antal eggsmedar her i bygda, dei fleste aktive på slutten av 1800-talet. Da er det naturleg å ta med stempla knivblad, gjerne montert i gamle knivar som enno finns i bygda. På bildet er den øverste kniven ein spesialkniv til bruk ved snurufangst, laga av knivsmeden Knut Bjørndalen i 1910.
Så er det å få med knivar av dagens
Her om dagen kom det nytt nummer av Knivbladet, der artikkelen min om Kittelsengeita og tussekniven står. Det er moro å sjå det ein har arbeidd med koma på trykk, og i Knivbladet blir det meste bra!
mandag 5. oktober 2009
Snø og jakt.
Eit gammalt ordtak seier at "rogna skal ikkje bera bør to gongar same året". Her skjedde det same dagen! Men eigentleg betyr det at det skal bli lite snø i vinter - så me får sjå -.
Hadde forresten celebert foto-besøk i tunet, nemleg mangesidig bloggar Stormel, alias Corvus Corax. Sjå bilde av kryturflokken under Rollag Daily Photo https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjuug1jBVLKuPB2Cmk-fmhSOnvLreeFgLwR652WGLcItbxifkwsN9IJSFwLTsT822HhRGuR047QGUeiaP9nMgGNYM6KddFv7pxVjPFAlPVfpE4NN655yTqXT9MwZA9fU0B_NvGo2GFoEbCx/s1600-h/folk+og+fe3.jpg
Eg rakk og vera med på elgjakta 2 dagar sist veke. Og det morosame var at det same skjedde no som under reinsjakta i høst; Eg skaut dyr fyrste dagen! Det eg trudde var ei einsleg elgkvige, var truleg ei 2,5 år gamal kyr utan mjølk i juret. Altså utan kalv. Den datt ovanfor Hoffsmoen, rett sønnom Bergangrenda. I dette området er målet å redusera elgbestanden på grunn av beiteskadene på innmarka. Det same gjeld "Uttakleiva". Hittil har me fått 4 dyr på kvart område, og alt i alt 11 dyr fyrste veka. Ein elgukse er felt - slik som planlagt - og fleire flotte uksar er sleppte forbi postane. Så langt ser elgstamma ut til å vera minst like stor som før, og fortsatt kanskje i største laget i forhold til beitegrunnlaget -? Her er eit bilde av knivmaker og bikkjemann Ronny som åpnar buken på elgen "min" med sin spesielle bukåpnar-kniv.
Og eit bilde frå vidda. Det regna under slaktinga av reinsbukken eg fekk ved Meinsbunutane. Eit lite skimt av Bjornesfjorden mot Lågaros i bakgrunnen.
onsdag 30. september 2009
Frå Vidda
Ein ting var det fantastiske fisket i Bjornesfjorden. Med gjennomsnittstørrelse på råkåfisken på 800 gram etter sløying. Her ein stolt fiskar i full jobb.
Resultat av årets råkåfisk blir presentert på Fjellmatfestivalen i Uvdal. Sjå http://www.fjellmatfestivalen.no/default.aspx?ArticleID=52942&MenuID=10712
Jakta gikk bra i starten: Even fekk simla si og eg bukken alt fyrste jaktdagen. Seinare gikk det ikkje fullt så bra. Me fylte ikkje kvoten på 5 dyr, men hadde fleire sjanser og dyr i området dei fleste jaktdagane.
Ellers er det alle merkene etter bruken av Vidda gjennom århundrer ein legg merkje til. Og da særleg alle steinbuene som ein finn restar av nesten overalt. Her er tre bilder: Fyrst to frå Kilebua, som har hatt eige lagerrom ved sida av bua. Så restar av ei steinbu ved Langebuåa.
Seint ein kveld flaksa det plutseleg ei svær ugle i lommelyktskinnet utanfor bua. Kasta seg omtrent som ei flaggermus, berre eit par meter over hovudet på oss. Den såg heilt kvit ut under vengane, men var kanskje i minste laget til å vera ei snøugle. Ein kveld seinare var det 3 ugler der i skumringa, og på Fønnebu hadde dei besøk av 4 ein kveld. Det var dessverre så mørkt at dei var vanskelege å artsbestemma.
Når eg kom heim frå fjellet, var siste nr. av Knivbladet komi, med artiklen min om "Kittelsengeita og tussekniven". Moro å sjå det ein har skrivi på trykk.
torsdag 27. august 2009
Hardangervidda neste!

gull, i elfenbein og "årets kniv" frå Elverum for eit par år sia. Desse knivane håpar me å stilla ut ved eit seinare høve, så mange fleire får sjå dei. 