tirsdag 30. juni 2009

Høgsommar og travle tider

No har me hatt eit fantastisk sommarvær dei siste 14 dagane, med steikande solskin og borti 30 grader i skuggen. Naturen viser seg fram i dei mest fantastiske farver, sjølv for ein farveblind -. Derfor eit bilde teke frå verandaen vår, like etter at sola gikk ned bak Skagsåsen kl. halv elleve forrige kvelden.
Sist veke var det landskappleik, eller folkemusikkNM som det heiter no i år, når landskappleik og landsfestival er slått saman til eitt arrangement. Vi var på Geilo og dansa lagdansen onsdag (nr 31 og sist, sjølv om me syntest det gikk svært bra, med liv og latter ;-). For fyrste gong stilte Numedal spel- og dansarlag 2 lag, og ungdomane i det andre laget smelte til med ein 4.plass - gratulerer! Og formann Thov vart Norgesmeister på munnharpe, poenget framom vinnaren på fløyte, Steinar Ofsdal. Slå den!!

På dei hundrevis av bunadene som ein ser på dette arrangementet finns det eit utal av knivar, alle slags bunadknivar - i alle aldrar og modellar. Så her kan ein knivinteressert boltra seg hvis han vil. På ein Numedalsbunad oppdaga eg kniven til venstre. Slira er original og gamal, og kniven nylaga til slira, av svigerfar til beraren. Men kan den vera her frå dalen? Ikkje noko typisk
eksemplar i alle fall. Er det nokon av lesarane som veit noko?


På pinsetreffet i Eidsfoss i slutten av mai er det noko for ein kvar knivsmak! Emner, knivblad og gamle og nye knivar til salgs. Og samlarar med flotte samlingar, der dei flottaste "knivtya" ikkje er til salgs? Av nye knivar tok eg bilde av dei treslips- og knivmakar Martin Elgum frå Drammen hadde laga. Flott håndverk! Sjå heimesida hans: http://home.ebnett.no/melgum/index.html

Kva meir er å fortelja? Jau, at eg for ei tid sia kravla i brattaste lia under Ørneflaget. Frodig var det her øverst i lia; Hegg og rogn blomstra, og på bakken voks firblad og nybeita turt!
Og der, på eit toppbrekk i toppen av den grøvste grana oppunder åsen, låg ørnereiret. Tydelegvis ikkje bebudd i år, og rart er det: Ifjor var det liv her, sjølv om det iblant var snøskutertrafikk under lia. Men før jul fekk me muntleg beskjed frå Hege i kommunen om å stansa all kjøring her p.g.a.ørnereiret, etter fyrst å ha fått løyve til nyttetransport. Kravet kom visst frå Fylkesmannen. Så det var inga skuterkjøring her i vinter - og ikkje liv i reiret no sommaren etter! Dyrelivet er viss ikkje heilt logisk og beregneleg?

Innstillingane på kameraet mitt har svikta, så no ser eg ikkje korleis bildene blir før eg lastar dei ned på pc`en. Men idag dukka eit flott motiv fram nedom kraftverksdammen, og her er resultatet. Ei fevril, utan namn så langt.
Litt uskarpt vart det visst, men ok--.

torsdag 4. juni 2009

Sekkepipe i Rollag?

Gamle fotografier er moro, særleg når ein finn noko nytt i eit bilde! Det hendte meg her om kvelden, da eg satt og studerte nærare eit bilde me skal ha med på utstillinga på Bygdetunet i sommar, frå eit bryllup på Wårviken i 1914 - mellom dotter på garden Kjersti og Nils Ulvik.

For midt på bildet sto det tydeleg fram ein sekkepipeblåsar! Med sekkepipa, og ei kasse på bakken ved sia av seg! Og folk sto rundt og hørte på han. Brura var heilt i ytterkanten til høgre i bildet, så det kunne neppe vera noko seremonielt for brudeparet, truleg berre eit reint underhaldingsinnslag på bryllupet.

Men så kjem det rare: På internett står det at den siste sekkepipeblåsaren i Norge reiste til Amerika i 1849! Så kanskje me har oppdaga ein sensasjon?

Even Traaen tok tak i spørsmålet, og fant ut at det måtte vera ein tilreisande, helst ein italienar etter sekkepipemodellen å døma. Helst truleg Ludvigio Berto Torelli, som budde på Øvre Skjørstad i Oppdal, og reiste rundt med lirekasse. Han var født i Nord-Parma i 1862, og fyrst trudde me han hadde sekkepipe og. Lirekassa hans mm er på bygdemuseet i Oppdal, så bilder derifrå kan kanskje bekrefta om me har rett. Slik kan eit gamalt bilde plutseleg bli veldig interessant! (No viser det seg at Ludvigio ikkje hadde sekkepipe sjølv, og kanskje heller ikkje spela på sekkepipe, dermed er det berre å starte på nytt - og forska vidare. Kom med innspel hvis du veit noko)

Her eit bilde frå internett til sammenligning. Sjå fleire: http://74.125.39.132/translate_c?hl=no&langpair=en%7Cno&u=http://www.prydein.com/pipes/&prev=/translate_s%3Fhl%3Dno%26q%3Dbagpipe%2Basia%26tq%3Dbagpipes%2Basia%26sl%3Dno%26tl%3Den&rurl=translate.google.no&usg=ALkJrhgOxncUZVptjakvCUlhHT6-yHbJsg

Ellers kom "Knivbladet" i dag, med artikkelen min om Stener Storemoen. Den blei bra, med flotte bilder! Og no i pinsehelga var me på knivtreffet på Eidsfoss, i kampingvogna til Halvor og Maren Næsset. Her var det noko for einkvar smak, eit imponerande arrangement i det varme sommarværet!
Fekk forresten nettopp melding frå Halvor at både han og eg var trekt ut med bukkekort på møte i kveld om høstjakta i Numedalsalmenningen! Da blir det både jakt og fiske ved Bjornesfjorden til høsten.

I efta var det ei voldsom piping nedi enga nedom huset vårt. Det viste seg at ei kvinandho var på veg nedover bakkane med eit kull med 8 svarte smånyster, og dette hadde pus oppdaga. Vesle-Viil og eg fekk såvidt berga dei frå katteklørne, men dei vart spreidde i 3 grupper. Den eine følgde me ned til åa, der den sømte av garde. Me får håpa alle fant att mor si til slutt!

mandag 18. mai 2009

Tidleg vår! Og litt "skrytealbum".



Dette blir ein blogg med bilder frå det som har hendt i det siste:

2 hyblar er no omtrent klare i Schweigaardsgate - og utanfor balkongen blomstrar mandeltreet!







I slutten av april var me på Operaen, på Carmen, ei flott oppleving i eit fantastisk byggverk, både ute og inne!

Men fyrst var me ein tur på Huk med vesle-Viil. "På huk på Huk" var det masse rart å studera for ei nysjerrig sjel!






Så kom 17.mai-helga, med barnebarnet på besøk i Rollag. Mest interessant var alt som skjer på garden på denne tida: Nyfødte kattungar og kalvar (som beundras på litt avstand) og alle slags blomar som veks på jordet, i blomsterbed og oppe i trea (morelltrea på sitt vakraste).


Dermed vekkas sansane, og alt skal studeras. Og i sandkassa med utsikt over heile bygda var det intens jobbing!




For ei god veke sia, hadde eg besøk av sjølvaste redaktør Øystein Køhn i "Knivbladet", som kom for å ta bilder av knivar til eit par artiklar eg har sendt inn til bladet. Så no vert det spennande å sjå resultatet. Det blir sikkert fyrsteklasses, slik det alltid er når han har teki fotografia sjølv!
Og kniven frå Gudbrandsdalen som eg viste her i bloggen etter Røros-martnan, blir kanskje midtsidekniv? I alle fall er den både interessant og spesiell nok!

Den eine artikkelen er om knivmakaren Steinar Storemoen her frå bygda. Det vart bilder både av dei store knivane hans, med 2 og 3 mageband, og dei små som me ikkje er heilt sikre på. Her er den eine som det hører slir til.

I morgon går turen til Ørje ved svenskegrensa, for å studera kva Havass (Haldenvassdragets skogeierforening) har gjort for å laga næring av fiskeressursane sine. Med gjedda som ein stor attraksjon for utlanlandske turistar!

fredag 3. april 2009

"Hytte i byen", problemer i E-verket mm.

Ja, no har det gått "både vinter og vår", utan innlegg i bloggen. Men det betyr ikkje at det ikkje har skjedd noko, snarare tvert imot! Det skjer dagleg noko som kunne vori kommentert, men ikkje alt er interessant for lesarane, og noko skal heller ikkje ut "i det offentlege rom".

Som styreleiar i e-verket, er det fleire dagaktuelle saker å ta opp; som ny og sterkt auka eiegedomsskatt i Rollag kommune, eller at me har ei av landets høgaste nettleiger, eller det me no har stridd mest med: Dotterselskapet Numedal Fiber og deira ønske om nesten "ubegrensa" kapitaltilførsel frå oss eigarane! Dei to fyrste sakene har fått bra omtale i lokalavisa Laagendalsposten, også som leiarartikkel. Gode artiklar etter mitt syn, som her http://www.laagendalsposten.no/article/20090318/NYHET/366242588 Eigentleg ei rar sak dette, at me i vesle Rollag ikkje får det tilskottet dei andre i Numedal får, berre fordi me har KA som ein ekstra stor kunde! Verden er ikkje rettferdig!
Og i Numedal Fiber (forkorta til NuFi) har me måtta strupa att kranene. Me i styret har heile tida vori enige om eit heilt klart standpunkt: Breiband til alle er ei samfunnsoppgave for stat og kommune, og skal aldri belastas strømkundene våre!
Dette kjem eg kanskje attende til seinare.


Me som driv gardsbruk i bygda får og eigedomsskatt frå og med i år. Det kan seiast mykje om kommunen si handtering av denne saka, men eg nøyer meg i denne omgangen å seia at "vil du laga ei oppskrift på korleis du skal gå fram for å få alle mot deg, så bruk Rollag kommune si oppskrift for innføring av eigedomsskatt". Her ligg det an til mange omkampar framover!


I desse økonomikrisetider har all eigedomshandel stått omtrent stille, mange hus og hytter har vori til salgs, men få har kjøpt. Men me er unntaket: No har me kjøpt "hytte i byen", som andre har hytte på fjellet eller ved kysten. Me har kikka etter ein leilighet for Håken, med mogleg hybelutleige. Og i mars fekk me tilslaget på eit husvære i Schweigaardsgate, nesten oppmed Galgeberg, med ein liten veranda rett over inngangen til Joker-butikken. Sjå http://www.finn.no/finn/realestate/object?finnkode=15541761
Dette er sentralt i Gamlebyen, eit kvarters gange frå sentralbanestasjonen, og ganske nære operabygget og det nye satsingsområdet i Oslo. Så no er me igang med møblering og klargjering av hybelrom. Og Håken har alt flutt inn.


Så litt nytt frå heimen: Påska starta med fint vær og masse snø, men sol, regn og varmegrader har tært voldsomt på snøen, så no er jordene berre.
Igår var eg til Svartetjønn med lass på snøskuteren, truleg siste turen i vinter, for snøen i løypene bløtnar fort og det er overvatn på alle tjønnar. Våren er komen i Rollagsfjellet/Trillemarka, og linerle-paret var på plass i snøhaugen! Eit oppløftande og sikkert vårtegn - trekkfuglane. Forrige dagen såg eg 4 traner på jordene på Håråvenna.

Og i efta hadde me storfint besøk her på garden: For fyrste gong på mange år såg eg kattugla, fyrst på ein stein oppi beitet - og sea på toppen av ein stolpe ved vedskjulet. Deretter flaug ho og sette seg i ei furu like i vegkanten. Riktignok ingen trekkfugl, men allikevel -. Har nettopp overført bildene til pc`en. Dei blei dessverre ikkje særleg gode, men ei slik oppleving legg eg inn lell.

lørdag 7. mars 2009

Marken, knivlaget mm

Markensonsdagen starta med skallebank, snørr og hoste - og litt feber, og slik fortsatte det resten av veka :-(
Dermed vart det ingen Markenstur, for fyrste gong på mange år! Gjerne blir det både 1-2 og 3 besøk, for det er alltid spennande gamle knivar å sjå på, og trivelege knivfolk å prata med! Mange skjønar ikkje heilt sjarmen med dette, men når mange knivfolk er samla, er det alltid masse kunnskap å få - og kanskje blir det ein og annan handel - eller skal me kalla det "snyteri"?
Skulle gjerne vori der i år, for det dukka opp nye opplysingar om fleire av dei "ukjende" knivmakarane frå Kongsberg. Knivane eg viste i blogginnlegget før Marken er no identifiserte: Ludvik Engebretsen, bestefar til Erik Engebretsen ved Bergverksmuseet, er meister for den spesielle Kongsbergkniven med svaner og børser på nedre slireholken. Og originalknivane med fløy på nedre holken, som Trygve Bjerknes hadde kopiert, skal vera laga av Hilmar Ulleberg, og antakeleg ikkje på KV slik eg trudde. Her er 2 knivar laga av Trygve.
Sjå bloggen til Per Toresen: http://kniver.blogspot.com/search/label/Kongsberg-Marken%202009

Sist onsdagskveld hadde me årsmøte i knivlaget vårt. Som vanleg hadde me besøk av knivekspertise som faginnslag på møtet. Denne gongen var det Gunnar Berg frå Tønsberg som viste oss sliresøm og sveising av sølvholk/toppholk på knivskaft. Etter å ha hatt besøk av Arne Mjøseng med Sigdalsknivar, og Gunnar Hope med foredrag om valbjørk og demonstrasjon av flott gravering tidlegare år, ser me at kvar og ein har utvikla "sin" eigen arbeidsmåte, og at det er ei mengd med tips å henta for oss alle frå dei som har erfaring. Gunnar Berg laga sin fyrste kniv i 15-årsalderen, og har no passert 2000 produserte knivar. Ikkje rart at han han vorti ein meister, ikkje minst sliresaumen er ofte eit eige lite kunstverk! Og kona Elsa, var med som vanleg, og sat å strikka heile kvelden! (Tok bilde med mobilen, med dårleg kvalitet: Gunnar lagar sølvholk, med Jan, Jose og Halvor som ivrige tilskuarar)

mandag 23. februar 2009

Martnàn på Røros og kniv frå Gudbrandsdalen


Så var Røros-Martnàn over, ei stor oppleving for den som aldri har vori der før! Masse folk, stapp fulle gater i eit kompakt arrangement, bakgårdar med hestefolk, husflid, salg av varmmat, felespell, alt i ein eim av tradisjonar i denne velfortente "Verdensarven"! Og dans på fleire stader frå kl.12 om dagen til langt på natt. Riktignok stort sett pols, men som alle skjønar har det vori flotte dagar på Røros, og fin temperatur rundt -5 grader.
Ekstra moro var det å treffa ein trøndersk numedøling med feleskrin og toradervenner. Det vart flott musikk og stor stemning i Kaffestuggu, takka vera Bjørnar!
Det einaste eg sakna var knivar. Riktignok var det sameknivar i mange salgsboder, både fabrikklaga og heimegjorte, men berre nye. Eit par lokale knivmakarar sat og viste knivmakeri - flott arbeid, og eit par svenskar seldte eigne knivblad og knivar frå salgsbua si. Men knivhandel med eldre knivar (og klokker) såg eg ikkje. I alle fall var det langt att til aktiviteten på Kongsberg-Marken, som kjem denne veka.
Me overnatta på Vinstra på turen til Røros, og her dukka det opp ein go`bit for ein knivkar: Ein gamal kniv frå Sel som skulle vera frå 1800-talet! Og svært original så langt eg kunne sjå. Knivmakaren visste ingen noko om, men frampå slira sat det ei nysølvplate med navnet G.Rudset inngravert med gamal skrift (Navnet ser ut til å ha vori skori inn i slira under skiltet fyrst).

Det er felt inn perlemor som pynt i skaftet, og rissa eit enkelt geometrisk mønster i treet som ramme rundt perlemorplatene. Innerst på knivbladet er det ei brei pynteplate i nysølv heilt rundt bladet, dekorert med to paralelle striper. Slira har ein enkel doppsko i nysølv nederst, og ingen holk høgare opp. Den er nokså originalt dekorert, med ein utskoren figur forma som eit tre i læret over doppskoen. Ellers er det opphenget som ein legg merke til; Fyrst ei enkel hempe av lær sydd bak på slira. Til ein messing?ring på toppen av hempa, er det festa ei lærreim med spenne i, klemt fast av ei nysølvramme og med ei trekanta nysølvplate i tuppen av reima. Begge er pynta med enkel dekor.

Her er bilder som viser kniven og nokre av detaljane. Dei kunne vori betre, men viser litt av det eg har beskrivi. Eg vil gjerne høyra frå folk som veit meir om knivmakar eller eigar.

mandag 16. februar 2009

Marken, Oskar-knivar mv

Snart er det Marken på byen att, men fyrst reiser Mona og eg til Røros-Martnàn. Det blir ei ny oppleving, med eit ekte folkeliv med hestar, dans og musikk som ingen andre kan oppvisa maken til - ifylgje omtala på førehand. Kanskje tek eg med nokre knivar, for det finns sikkert knivfolk her som på alle andre markenar. Spennande blir det i alle fall. Me skal bu hjå svigerforeldra til Marte midt i byen!

Neste veke kan me fortsetja på Kongsberg, der knivfolket no har fått eigen samlingsplass i den søre fløya innanfor utstillarane i Bergverksmuseet - ei framifrå løysing etter mitt syn. Per Toresen skriv meir om dette i sin blogg, og i referatet frå fjoråret presenterar han ein kniv laga på Kongsberg, som ingen veit kven har laga. Nedre doppskoen er dekorert med både svaner og gevær. Er det nokon her i distriktet som har peiling, er me fleire som gjerne vil høyra. Sjå nederst i artikkelen http://kniver.blogspot.com/search/label/Kongsberg-Marken%202008

Trygve Bjerknes, som no er død for nokre år sia, var tidlegare KV-arbeidar og ivrig knivmakar. Eg køpte ein gong ein kniv av han, som skulle vera ein etterlikning av ein Kongsberg-kniv laga på KV. Modellen var svært lik dei andre knivane han laga, lik ein Numedalskniv, men på den nedre doppskoen var det forma ei fløy rundt enden av kniven (sjå bildet). Eg er og veldig interessert i om det finns nokon som kan bekrefta det Trygve fortalte, eller kjenner til gamle knivar som liknar denne.

Eg har tidlegare nevnt Oskar Bye, som dreiv keramikk-verkstad her på garden. Han var veldig glad i besøk, og satt gjerne med noko trearbeid i hendene medan praten gikk. Enten vart det sleiver eller treskeier, eller han laga knivar. Det var typiske bruksknivar, gjerne med gjennomgåande tange og ein gamaldags dansk 25-øre med hol i som topp-plate på skaftet.
Ein spesiell knivtype han spikka, med snitta skaft, hadde han i ungdomen sett ein gamal kar på Rødberg som gjorde. Her er bilde av Oskarknivane me hadde på utstillinga på Rollag Bygdetun for eit par år sia. Den med snitta skaft er nr.2 til høgre. Denne modellen har eg prøvd å laga etter, med slir som står litt i stil med skaftet. Her ei gave til Terje, etterfylgjaren min som skogbrukssjef i Flesberg.

Lågdalsmuseet på Kongsberg fekk ei fin gave frå arvingane til Oskar, både keramikk og trearbeid/knivar. No i Marken er nokre av knivane hans stilte ut der saman med trearbeidet, medan keramikken er teki vekk for å gje plass til teikningar og maleri av Kongsberg-kunstnaren Herman Gundersen. For interesserte er utstillinga åpen frå 10-15 på kvardagane.