I kveld starta me opp att med knivkveldar i sløydsalen på Veggli skole. 4 av oss i den faste gjengen møtte. Nokon er nok opptekne med elgjakta enno. Asbjørn hadde med seg 2 gamle knivar frå ein gard i Nore. Eg hadde med ein kniv til opp-pussing fra Sissel og Vidar Lerstad, med blad smidd av bestefar til Sissel, Gunnar O Fjøslien. Stempil GOF. Han var bror til oldefar min, der 4 av brørne var aktive kniv- og ljåsmedar. Ved sida av Gunnar, var det Knut, Kristoffer og Erik.
Den eine av knivane frå Nore var temmeleg sikkert laga av Steinar Storemoen, frå Rollag, med litt utypisk toppholk på slira, og slirelær med saumen bak og utan trykkmønster. Men alt det andre stemmer med hans knivar, m.a. med serrateringsmønsteret på holkane og toppkula. Bladet, som var knekt, var stempla K.OLSEN TIN. Kjetil Olsen Bjerke.
Den andre var ein typisk Båse-kniv frå Sigdal. Helge Båse var storprodusent av knivar i Sigdal, og mange kom og hit til Numedal, med eller utan slire. Kniven hadde blad av Svein Brynjulfsen Tverberg (ST TINN), som er nokså vanleg på gamle knivar. Eg hadde forresten fått med maken Båse-slir med Fjøslikniven, og tok bilde av slirene saman.
Tidlegare i dag såg me 2 ukjende småfuglar på nysåninga rett utanfor huset vårt. Dei likna litt på linerler, men med gulfarga underside, og hadde nesten grå overside som gikk over på meir brunt på vengene. Etter litt studering fann me ut at det var 2 vintererler. Eg har tilgang til å melda inn observasjonar på internettside om fuglar, så no er dei registrerte under http://www.artsobservasjoner.no/ (Ser ikkje slik ut?)
Meir om vintererle kan du finne på heimesida til Norsk Ornitologisk Forening, og på bl.a. http://www.birdlife.no/fuglekunnskap/fugleatlas/?art_id=235
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar