torsdag 2. oktober 2008

Rollagsfjell og Knivbladet

Dette vart ein ”rørin” tittel. Og for å blanda enda meir; Eg fekk nettopp SMS frå Mona om at ho hadde landa i Vilnius, der ho er på weekend-tur med gamle venninner frå Bærum/SAS. Håpar dei får det triveleg!

Før ho reiste, hadde me 2 dagars besøk av Hauk og Jon. Dei er 2 brør som har vori hjå oss her på garden minst ein gong i månaden i over 4 år no, og dette var siste gongen. Men det har vori veldig moro å ha dei her, og me har fått øvd oss på å vera ”besteforeldre”- før tida! Natt til tirsdag overnatta me i Svartetjønnbua, som no er såpass i orden at me kunne vera alle 4 der. Her er bilde av bua og båthuset slik det no ser ut. Og finare skal det bli, når alt er ferdig. Eg var heldig som fekk byggeløyve i god tid før vernesaka Trillemarka-Rollagsfjell kom opp. Hvis ikkje, hadde det gått med meg som med grannen Per. For 5-6 år sia vart han nekta løyve til å setta opp ei 150 år gammal laftebu der, på grunn av planer om freding. Heilt tragisk, spør du meg!



Og eit bilde av Hauk og Jon i ”kamp” på tunet her heime. Jon med sjølvlaga sverd og Hauk med eit fangan drøsslauv frå lønn! (Bildet driv og dett ut av sida :-(

Endeleg kom nytt nr. av ”Knivbladet” i posten i går. Og da gjeng timane fort, med å studera bilder og lesa knivstoff!

Alle dei nyare knivane som er med i tevlingar på Elverum, Seljord og andre knivtreff ser heilt fantastiske ut. Det er så ein fuskar i faget kan bli skremt. Ikkje rart at dei fleste av oss aldri vågar det spranget det er å senda knivane våre på bedømming! Dette er eit spørsmål som stadig blir stilt i spaltene i bladet. Dei fleste er vel fornøgde med hobbyen sin likevel, utan å bli (be)dømt.

Ellers er det stoffet om gamle knivar og tradisjonar eg likar best. Og denne gongen var det litt av kvart. Fyrst ein flott presentasjon av ”Sterke-Nils-kniven”, som Vest-Telemark museum kjøpte på auksjon til over 150.000 kr! Minst like interessant var artikkelen om 2 sliretyper frå Meldalsområdet, skrivi av Arvid Hoff, som og stend for heimesida http://www.murul.no/ .

I artikkelen skriv han om dekoren på den såkalla ”Gjømsslira”. Han fortel at han manglar litt på nomenklaturen, men beskriv svært godt og presist ein teknikk som eg har hørt kalla ”serratering”.

Her frå Rollag er det knivmakaren Steinar Storemoen (1854-1934) som er kjend for å ha bruka serraterings-dekor. Og nokre knivsamlarar har trudd at det berre er han som har bruka slik dekor. Utstyret han bruka, skal ha vori i Storemo-bygningen, før den vart flutt til Rollag bygdetun. Sia veit ingen kor det har vorti av. Dekoren hans var nokså karakteristisk, med gjennombrotne hjerter og hol og enkel gravering på holkane - og dei regelmessige mønsterlinene etter serrateringshjulet. Desse finns til og med på dei smalaste magebeltene på slira og på kula på toppen av skaftholken på nokre av knivane hans. Meir om Storemo-knivane seinare.

Du kan og lesa om serratering på Wikipedia, med bilde av verktøy. Og under ordet ”preging” i ”Metallurgisk ordbok” på nettet, med forklaringa ”Trykking av mønster inn i en metallisk flate ved hjelp av små, harde ruller som er forsynt med mønster på rulleflaten”.

2 kommentarer:

gvass sa...

At nokre knivsamlarar har trudd at det berre er Steinar Storemoen som har bruka serrateringsmønster på knivane sine, bør kanskje forklaras litt meir. Ettersom dei fleste Storemo-knivar er laga for over 100 år sia, er dei nokså ettertrakta i dag. Det finns derfor "laus-knivar" i markedet som gjerne blir seldt som Storemo-knivar, fordi dei har dette mønsteret. Gjerne utan at andre kjennemerke blir vurdert. Men såvidt eg skjønar har slike mønster vori bruka av knivmakarar andre stader i landet, noko artikkelen i Knivbladet viser.

eviil sa...

Saa artig bilde av Hauk og Jon. De har blitt litt stoerre siden sist jeg saa dem...