torsdag 25. september 2008

Skribentar og diktarar

Eg sendte e-post her om dagen til Per Thoresen, med spørsmål rundt kniv-bloggen hans, og fekk ei hyggeleg og oppmuntrande melding attende! Men samtidig ein stusseleg nyhet, at han har svulst i hovudet som bl.a.set grenser for skrivinga hans på data.

Han er ein svært kunnskapsrik knivsamlar, og har skrive fleire bøker om kniv. Eg har 2 av dei i bokhylla mi. Den boka eg oftast blar i, er ”Litt av hvert om kniver”. Det er ei bok om laust og fast rundt temaet kniv, der gamle fabrikk-knivar har fått like mykje plass som dagens flottaste konkurranseknivar. Ei bok med personlege tankar og massevis av fakta.

Den andre heiter ”Kniver og knivmakere”. Her er det som vanleg lite stoff frå Numedal. Det næraste ein kjem er eit avsnitt om knivsmeden Einar Lauvlid, opprinneleg frå Lyngdal. Og om ein "kunstnar" på sitt felt frå Kongsberg, stempelgravøren Leif Røraas, som graverte ”stempil” til meg for nokre få år sia.


Idag fekk eg ein annan e-post eg sette stor pris på. Om at Oddbjørn Aardalen var valt ut til ”Månedens poet” i ”Diktkammeret” til Dagbladet! Fantastisk! Oddbjørn er ein av dei studievenene mine frå Ås som eg stadig har kontakt med. Han er fylkesskogmeister i Vest-Agder, med planer om snarleg pensjonering. Så får han betre tid til diktinga! Han har gjeve ut 2 flotte diktsamlingar på Setesdalforlaget.

I august var me 3 forstkandidatar frå 1970 på 100-års jubileumsarrangement for diktaren Olav H Hauge i ”Bokbyen ved Skagerak” Tvedestrand. Bildet viser Oddbjørn (nærast) og Torleiv Tho blant publikum denne dagen.

På heimesida
er det intervju med Oddbjørn, og omtale av diktet ved Helge Torvund.

Adressa er http://www.dagbladet.no/kultur/2008/09/17/547201.html


Her er pris-diktet ”Postludium”:


Ved inngangen til gravlunden
sit ein dau mann
ein Nokia N95
i venstrehanda

eg gjeng så nær
at eg høyrer den dempa musikken

eg kjenner ikkje melodien
men ei søtleg lukt av Sergio Tacchini
blandar seg med augustkvelden
si dose av kaprifol

han har eit ferskt persilleblad
i knappholet
og ser lukkeleg ut