tirsdag 14. oktober 2008

Ukjende knivar.


På knivutstillinga som Rollag knivlag hadde på bygdetunet forrige året, dukka det opp ein ny knivmodell. Dette er ikkje heilt riktig, for eg har sett ein av knivane før, med ei slir som me har lura på om er den originale til kniven. Me har trudd at kniven er gjort av Steinar Storemoen (1856-1936), på grunn av serrateringsmønsteret på skaftet. Så dukkar det opp 3 til, omtrent like både i størrelse og utforming. Men utan slir. Alle dei 4 knivane finns på gardar her i Rollag, og må vera laga av same knivmakaren. Ettersom me berre kjenner til desse 4 knivane av denne modellen, er dei helst truleg laga her i bygda? Dei er små, på størrelse med ein gutekniv. Dessverre passa eg ikkje på å ta mål av dei på utstillinga. Bildet viser alle "Storemoknivane" me hadde på utstillinga, med dei 4 nede til høgre.


Alle knivane har like blad, som er svært spesielle. Dei ser ut til å vera laminerte, med stål i midten og kopparplater på kvar side! Og utan stempel. Det andre som er spesielt på desse knivane, er holkane på skaftet. Dei er så lange at dei dekker mesteparten av skaftet, ja ofte heile skaftet! Og dei er pynta med graverte ringar med serrateringshjul, slik som Steinar bruka på knivane sine. Så kanskje er det rett når han har fått ”æra” av å vera knivmakaren, utan at me hittil har greidd å dokumentera dette sikkert. Heller ingen av eigarane kan svara på det.


No kan me laga teoriar om andre moglege opphavsmenn. Rundt 1900 budde kunstmålaren Jacob Gløersen (1852-1912) her i bygda. Fyrst var han i Fjøslien, og seinare på Ulvik og i Bjørndalen. På alle desse gardane var det aktive kniv-/ljåsmedar på denne tida. Frå Ulvik sender han brev til kunstnarvenen Gerhard Munthe: ”Ulviken smier Kniver. Med meget kunstige Blade tildels, om ikke nettopp kunsteriske ... Til tidsfordriv kommer jeg vist til at bli Knivmaker ivinter”. Ulviken kan vera Nils, som da var ein eldre mann, og stempla blada sine N ULVIG. Eller det kan vera sonen Ola, som stempla OU.

Og i eit seinare brev til Gerhard og Sigrun Munthe, skriv Gløersen: «Vil Dere kjæbe Bjørneskind? Jeg har arbeidet en svær Kniv, som passer udmerket til at flaa Bjørner med nemlig. Og saa tænker jeg paa at udvikle Knivindustrien ved Hjælp af forskjelligfarvede Metaller paa Beslagene. Blir ikke det storartet? Jeg har ikke de nødvendige Instrumenter enda.»


Sjølv om ”våre” knivar neppe er egna til bjørneflåing, og dei absolutt ikkje er svære, er dei laga med ”forskjelligfarvede metaller”. Men ikkje på beslaget, men bladet. Er det mogleg at Gløersen her har realisert planene sine om å bli knivmaker? Serrateringsmønsteret kunne han reist nord til grannegarden Storemoen for å få gravert på. Uansett, dette blir berre spekulasjonar – som det så ofte er når det gjeld gamle knivar. Og sikkert svar får me vel aldri? Så me endar vel opp med at Steinar sjølv er knivmakaren -?

4 kommentarer:

gvass sa...

Eg bytta visst om på Ola og Nils Ulvik. Nils var den eldste, født i 1830 og død i 1917. Far hans heitte Ole Nilsen Bjørge, og var av smedætt. Barnebarnet Ola, er født i 1863 og døydde i 1946. Både Nils og Ola var begge kjende egg-smedar, slik det står i bloggen.

Marte sa...

Dette var spennede! Hadde det vært mulig å spore opp arvinger etter Glørsen for å se om det var kniver i arven etter ham? eller kanskje han tegna/måla noen kniver?

gvass sa...

No har eg retta opp feilen med ombyttinga av Ola og Nils Ulvik på bloggen.

gvass sa...

Gløersen var ungkar heile livet, men hadde mange sysken, som sikkert har etterkomarar. Det hadde vori spennande om nokre av dei kan ha arva knivar eller anna etter han!