tirsdag 1. mai 2012
1.mai og Stabbursnatt
Her heime har det komi nye liv, både idag og før helga. Idag kom vårens 2 fyrste kalvar, fyrst Reiulf og like etter Gro, som på ein 1.mai-dag ville ha kontrollen! Begge er fantastisk flotte dyr, med utsjånad sterkt påverka av faren, som hadde mykje SNT (Sida nordlands- og trønderfe) i blodet. Dei er raude og kvite, Gro med flekkute ansikt og Reiulf heilt kvit, med ei umiskjenneleg kvit stripe etter ryggen. På bildene er kalvane 2-4 timar gamle, og utruleg spreke!
Her er fleire av same rasa: http://www.stn-avl.no/ og http://no.wikipedia.org/wiki/Sidet_tr%C3%B8nder-_og_nordlandsfe
Før helga kom det 4 kattungar, og ein er fortsatt i live. Det blir nok kosekatten her i sommar!
I går natt hadde me den fyrste overnattinga på stabburet! Tante Sigrid på snart 97 år skjøna ingen ting; Da ho var ung flutte dei aldri på bue før uti juli, når det var skikkeleg varmt i været! Dette var heller inga vanleg "Stabbursnatt", men ein del av ein test-tur som reiselivsmagasinet "Reiselyst" ville ha til Stasjonsfruene og Stabbursnatt, for å skriva om oss i sommarmagasinet sitt! Natta vart kald, ned mot 0 grader, men gjestene var godt budde og hadde hatt ei god og varm natt under dyna, og sovi godt!
Under frokosten hjå Stasjonsfruene byrja det å regne, så Even og eg fylgde dei til Alfstad-loftet fyrst. Sjå http://www.visitmiddelalderdalen.no/default.aspx?MenuID=10449
Hovedtemaet for heile dagen var alle dei flotte middelalderbygga me har her i dalen, og det tette samkvemet med Kongsberg og Sølvverket, og via dei den europeiske kultur. Derfor alle dei fine stabbura som folk no kan få oppleva :)
Så var det eit sterkt ønske om dressintur, trass i det kalde været. Turen gikk frå Rollag stasjon til bygdetunet, stavkyrkja, og til Kari på Me-Tråen med lefse og råkåfisk frå Bjornesfjorden, servert på bue som ho leiger ut til Stabbursnatt. Avslutning med lunsj på stasjonen.
Alt i alt ein kald men likevel fin dag saman med trivelege folk. No er me spente på "fasiten" frå Marte i Reiselyst!
Tidlegare har Stabbursnatt fått masse flott omtale, og her har Hytteavisa ei oppsummering: http://www.hytteavisen.no/stor-interesse-for-lverdens-minste-hotellkjeder.4919598-49617.html
mandag 6. februar 2012
Fyrste bloggen i 2012
søndag 11. september 2011
Admiralen
Idag fekk Mona besøk medan ho kvilte med avisa i solskinnet, i husveggen. Admiralen satt i lange tider på foten hennar - og heldt sin søndags-siesta der, i stoisk ro! Han brydde seg i alle fall ikkje særleg om kompaktkameraet mitt, som berre var 10-20 cm unna på det næraste.
mandag 15. august 2011
Knivstand, utlodding og gamle knivar
Og som vanleg hadde me utlodding av ein kniv laga av ein av medlemene i laget. Etter å ha sleppi unna dei tidlegare 4-5 åra, var det no min tur til å laga kniven. Etter skaden på venstrehanda før påske, av gjerdesaga, hadde eg neppe fått til noko kniv, om den ikkje alt hadde vori halvferdig. Fyrste gong me seldte lodd på kniven, var på "knivdagen" på Rollag bygdetun midt i juli. Sia var loddboka hjå "Stasjonsfruene" på Rollag stasjon , og salget vart avslutta på Vegglidagen. Vinnar av kniven vart Birgit Teksle Eriksrud!
Kassereren i knivlaget vårt hadde med seg dei to finaste knivane til Elverum sist helg, og der fekk me bekrefta at graveringa på beinkniven i hovudsak var gjort av Griffenfelt. Kniven er dermed ein tidleg representant for stasknivtradisjonen i Telemark! Dette gjer kniven svært interessant! Når vi studerer kniven nærare, f.eks. på kollasjen over, ser vi at knivmakeren har bruka same "fleirtanna" gravørstikkel både som nerver i bladmønsteret på holkane, som fyll på botnflatene på doppskoen og til radialstrekar på toppen av toppholken på sjølve kniven!
Det er fleire likheiter på dei to knivane med fine graveringar, trass i den store forskjellen:
Ein annan likhet, som er ganske sjeldan å sjå, er at øvre holken på begge slirene er bøgd innover, slik at sølvet dekker heile slirekanten. Kanskje er desse likheitane tilfeldige, men det er lov å undra seg!
søndag 3. april 2011
Dataproblemer og vårstemning.
torsdag 9. desember 2010
Fint besøk i tunet på Nordli!
Me har stadig besøk av ei rådyrmor med to bukkekje i tunet. Dei står i husveggen og et roseknuppar, eller grev etter epler under snøen. Tørre bringebærblad smakar visst godt og.
Kjea er nesten like store som mora, og runde og fine i pelsen.
Midt i tunet tok bukkane plutseleg rennafart og small isammen med pannebraskane, akkurat som geitungar og lam ofte gjer. Fekk dessverre ikkje filma det, men duverden så moro det var å sjå på!
Gaupa har vori nordpå jordet her 2 veker på rad, og da såg det ut til at rådyra stakk ned i bygda. Gauper tok fleire rådyr rundt her i fjor vinter! Truleg var det 2 gauper i følgje denne gongen, etter spora ned på jordet frå grendevegen å døma.
Har teki mange bilder av rådyra med det nye kompaktkameraet mitt. Og dei fleste bildene står eg inne i stugu og tek ut gjennom glaset :) Kanskje legg eg ut fleire på Picasa internettalbum.
onsdag 10. november 2010
Gjetargutane på Løkmyra
Våren og sommaren 1893 er kunstmålaren Jacob Gløersen på eit studieopphald i Paris. Han trivs ikkje i Paris, og skriv til sin gode ven Gerhard Munthe: "Her er ækkelt.... Jeg vil forsøge at lægge mig til Skogen etsteds - iaar". Og det gjer han. Han reiser heimatt til Norge - og Fjøslien, og målar dette bildet, som han kallar "Gjetergutter"!
Bestefar Narve H Lid, f.Fjøslien, skriv om dette i "Fjøsliboka"(Ola Kvisle mfl: I ring om Fjøslia): "Ein somardag med gråver og regn kom Gløersen og vilde få meg med. Han hadde da «tufta» eit maleri nede på Løkmyran. Ola Aasberg og eg skulde vera «modell» som gjætslegutar. (O.Aa. var gjætar i Fjøslia den somaren). Vi heldt oss under ei svær lurvegran inni ein haug i myra. Ola stod innått granleggen med ein sekk over aksler og rygg til varning mot regnet. Eg satt på ei høg granrot og hadde ei velbrukt oljetrøye som regnverje. Framfor oss hadde vi ein bra varme og laut verja oss mot røyken. Buskapen hamna - rogjengde i regnet - nordover dei lange myrane. I bakgrunnen regntung dis over lendet som stig mot Gudbrandsæterfjellet. Dette maleriet fekk Gløersen 800 kr for. Det var mange pengar i dei tider.”
Seinare har bildet komi fram i dagslys; Siste gong eg såg det var i 2003, da det hang utstilt saman med m.a. "Kampen for tilværelsen" av Chr.Krogh, i lysverksbygget i Bergen, som da var det nye maleriutstillingslokalet i byen.
Gløersen blir buande i Fjøslien heile vinteren, og målar no fleire av dei mest kjende billeda sine. Både «Gjetergutter», «Tømmerkjørere» og «Vinter» er med på Haustutstillinga året etter.
Venen Elling Holst skriv om ei reise frå Kongsberg gjennom Lyngdal til Sigdal i”Den norske turistforenings Årbok” i 1896: ”Fra Lindteigen tog vi indover vildmarken, holdt uden synderlig bestemt sti paa nordsiden af den langstrakte eg Teksle, hvorfra der skal være ypperlig udsigt, i retning af Øinevandene, hvor den øverste af de to fjeldgaarde Fjøslien ligger og lyser lang vei.” Etter eit par timar kjem han fram til Fjøslien. ”Da jeg kom ind, kjendte jeg mig igjen, jeg kjendte baade stuen og folkene. Gløersen har boet der og malt altsammen. Det har hængt i forskjellige udgaver paa høstudstillingerne, og skogen i vinterdragt hænger i Nationalgalleriet”.