søndag 11. september 2011

Admiralen


I aprilbloggen min viste eg eit bilde av ein fevrill (sommarfugl på Rollag-dialekt), som eg kalla den finaste sommarfuglen me har. No er eg meir usikker, etter å ha møtt "admiralen" fleire gongar i sommar! Kan ikkje hugse å ha sett den tidlegare, for hadde eg det, burde eg ha hugsa han! Fantastisk flott å sjå på!



I sommar flaksa det mange eksemplar i grannehagen til Marte på Abildsø! Dei heldt til på blomane til ei mynte-plante, ei av våre krydderplanter.

Idag fekk Mona besøk medan ho kvilte med avisa i solskinnet, i husveggen. Admiralen satt i lange tider på foten hennar - og heldt sin søndags-siesta der, i stoisk ro! Han brydde seg i alle fall ikkje særleg om kompaktkameraet mitt, som berre var 10-20 cm unna på det næraste.



For eit par dagar sia, hadde eg maken eksemplar på besøk på foten min, medan eg var på ei hytte utanfor Risør! Altså: Reine invasjonen!!


Admiralen, som heiter Vanessa Atlanta på latin, er sommargjest her hjå oss. Dei overvintrar i Sør-Europa, i Pyrineene mellom Spania og Frankrike, og kjem hit om våren, legg egga sine her - og døyr. Larvene lever av nesleblad, og etter klekking flyg dei sørover til varmare land for vinteren. Dei lever altså berre i eitt hektisk år, og gledar oss med dei fantastiske fargene sine!

mandag 15. august 2011

Knivstand, utlodding og gamle knivar



Sist laurdag, den 13.august, var årets Vegglidag. Rollag knivlag hadde som vanleg "stand" på hjørnet bak bakeriet, ned mot scena og jernbanen. Dessverre kolliderte det med knivdagane på Elverum - nær sagt som vanleg :(

Og som vanleg hadde me utlodding av ein kniv laga av ein av medlemene i laget. Etter å ha sleppi unna dei tidlegare 4-5 åra, var det no min tur til å laga kniven. Etter skaden på venstrehanda før påske, av gjerdesaga, hadde eg neppe fått til noko kniv, om den ikkje alt hadde vori halvferdig. Fyrste gong me seldte lodd på kniven, var på "knivdagen" på Rollag bygdetun midt i juli. Sia var loddboka hjå "Stasjonsfruene" på Rollag stasjon , og salget vart avslutta på Vegglidagen. Vinnar av kniven vart Birgit Teksle Eriksrud!











I vår kjøpte eg 3 knivar på nettauksjon. Dei er veldig ulike, som ein ser på fotoet til høgre. Alle er nokså grovt laga. Den øvre er den kniven der kniv og slire er best tilpassa, men mønsteret på holkane er nokså grovt og enkelt gjort. Kniven kan vera halling, eller kan vera gjort av kven som helst, kanskje av taterfolket?










På dei to nedre knivane, er det dårlegare tilpassing mellom kniv og slire. Den med skori treslir sit alt for høgt i slira etter min smak, omtrent slik Nils Deildok ville ha dei (2/3-del av skaftet over slirekanten). Treskuren er svært djup og nokså grovt gjort, men med sikker skjæring og originalt mønster. Holkane, som alle er små eller smale, er sikkert graverte med originale mønster. Det same er sideskinnene på slira, som "manglar midtbelte. Sideskinnene er derfor festa med mange naglar, jamnt fordelt og tilpassa gravyren.



Så til den tredje kniven, som er den mest spennande! Den er laga av bein, og kniven har alt for kort og unøyaktig skaft i forhold til slira. Men graveringa av holkane er flott arbeid, med masse fine detaljar. På leiting etter gamle knivar med holkar med liknande mønster, kom eg over ein svært interessant kniv avbilda på s.131 i "Norsk knivbok" av Øystein Kostveit. Denne kniven har holkar laga av Eivind G Tveiten, graverte av Lars O Griffenfelt i 1922. Ekstra interessant er det at Kleppo-brørne og Aasmund Hovden studerte graveringa på denne kniven fleire gongar, på den tida dei for alvor starta med knivarbeid!


Kassereren i knivlaget vårt hadde med seg dei to finaste knivane til Elverum sist helg, og der fekk me bekrefta at graveringa på beinkniven i hovudsak var gjort av Griffenfelt. Kniven er dermed ein tidleg representant for stasknivtradisjonen i Telemark! Dette gjer kniven svært interessant! Når vi studerer kniven nærare, f.eks. på kollasjen over, ser vi at knivmakeren har bruka same "fleirtanna" gravørstikkel både som nerver i bladmønsteret på holkane, som fyll på botnflatene på doppskoen og til radialstrekar på toppen av toppholken på sjølve kniven!


Det er fleire likheiter på dei to knivane med fine graveringar, trass i den store forskjellen:

Oppå toppen av toppholken på knivane, har dei eit ganske likt og svært sjeldant mønster. Begge har graverte "snippar" som er nokså vanleg, men derifrå og ut til kanten går er det gravert tett i tett med radiale strekar som fyller resten av flata. På beinkniven er dette utført med ein stikkel med fleire eggar svært tett saman. Den er og bruka som utfylling av blanke flater, bl.a. på doppskoen.
Ein annan likhet, som er ganske sjeldan å sjå, er at øvre holken på begge slirene er bøgd innover, slik at sølvet dekker heile slirekanten. Kanskje er desse likheitane tilfeldige, men det er lov å undra seg!

søndag 3. april 2011

Dataproblemer og vårstemning.

Data kan vera både eit fantastisk hjelpemiddel og ei plage! Ved nyttårstider tok datavirus innersvingen på meg, og sia vart det masse problemer, både med epostar og adgang til bloggen. Enden vart ei ny datamaskin (på tide likevel) og ny epostadresse: lid.narve@gmail.com Men alt dette er gløymt når våren er i anmarsj, og fuglesangen kjem igang. Meisane har haldi på lenge alt - kjøttmeisen med si velkjende ti-ti-tuu, ti-ti-tuu, og dei siste dagane bjørkefinken med sin langtrekte lokkelyd. Og idag såg eg den fyrste fevrillen i vår. Egentleg var det to, ein liten som eg ikkje kom i nærleiken av - og så denne flotte "sørgekåpa" som sette seg ned i sola nordpå jordet! Vår aller vakraste sommarfugl var veldig tidleg ute! Håpar han greier seg i vårværet! Litt om gamle knivar: På Kongsbergmarken var det som vanleg masse knivfolk samla. Sjølv var eg berre innom onsdag, men fekk likevel sjå litt av kvart av knivstell. Her eit par frå Flesberg: Fyrst ein fin bunadkniv laga på Ranvik. Eg trudde det måtte vera Hellik som var knivmakaren, for det var han som laga dei aller fleste knivane derifrå. Men eigaren meinte det skulle vera faren som hadde gjort denne kniven?! Eg har berre hørt om Hellik og brørne Niri og Ola som knivmakarar frå Ranvik, så dette må me undersøka meir om. Så er den fine gamle tvislira, som og er frå ein gard i Flesberg. Knivane manglar, og bildet er heller dårleg. Eg kunne derfor ønska meg betre tid og fleire bilder av både denne slira og av Ranvik-kniven. Til slutt litt om planene for utstillinga på bygdetunet til sommaren. Me skal stilla ut bilder av Anstein Risteigen, vår lokale kunstmålar. Utstillinga av originalbilder blir to laurdagar: 25.juni og 31.juli. I mellomtida blir tekstar og kopi av bildene hengande oppe for alle som kjem innom og vil sjå. Me er igang med registrering og fotografering av dei måleria me kjenner til. Her er fotokunnige frå Flesberg igang med fotografering, medan Bygdetunets Venner noterer ned alle data om bildene.

torsdag 9. desember 2010

Fint besøk i tunet på Nordli!


Me har stadig besøk av ei rådyrmor med to bukkekje i tunet. Dei står i husveggen og et roseknuppar, eller grev etter epler under snøen. Tørre bringebærblad smakar visst godt og.

Kjea er nesten like store som mora, og runde og fine i pelsen.

Midt i tunet tok bukkane plutseleg rennafart og small isammen med pannebraskane, akkurat som geitungar og lam ofte gjer. Fekk dessverre ikkje filma det, men duverden så moro det var å sjå på!

Gaupa har vori nordpå jordet her 2 veker på rad, og da såg det ut til at rådyra stakk ned i bygda. Gauper tok fleire rådyr rundt her i fjor vinter! Truleg var det 2 gauper i følgje denne gongen, etter spora ned på jordet frå grendevegen å døma. 

Har teki mange bilder av rådyra med det nye kompaktkameraet mitt. Og dei fleste bildene står eg inne i stugu og tek ut gjennom glaset :) Kanskje legg eg ut fleire på Picasa internettalbum.

onsdag 10. november 2010

Gjetargutane på Løkmyra

Der Fjøslibekken renn ned på det flate lendet nedom Fjøslien heiter det Løken, som betyr ein bekk som slyngar seg fram i flatt lende. Mykje av lendet her var før myr, og namnet er da naturleg nok Løkmyra. Litt lenger ned passerar bilvegen til Nybu over ei lita bru, før bekken kastar seg dei siste metrane ned ein foss ned i Øgnevatnet. Mykje av Løkmyra vart grøfta og planta til med skog på 1960-70-talet.

Våren og sommaren 1893 er kunstmålaren Jacob Gløersen på eit studieopphald i Paris. Han trivs ikkje i Paris, og skriv til sin gode ven Gerhard Munthe: "Her er ækkelt.... Jeg vil forsøge at lægge mig til Skogen etsteds - iaar".  Og det gjer han. Han reiser heimatt til Norge - og Fjøslien, og målar dette bildet, som han kallar "Gjetergutter"! 

Bestefar Narve H Lid, f.Fjøslien, skriv om dette i "Fjøsliboka"(Ola Kvisle mfl: I ring om Fjøslia): "Ein somardag med gråver og regn kom Gløersen og vilde få meg med.  Han hadde da «tufta» eit maleri nede på Løkmyran.  Ola Aasberg og eg skulde vera «modell» som gjætslegutar. (O.Aa. var gjætar i Fjøslia den somaren).  Vi heldt oss under ei svær lurvegran inni ein haug i myra.  Ola stod innått granleggen med ein sekk over aksler og rygg til varning mot regnet.  Eg satt på ei høg granrot og hadde ei velbrukt oljetrøye som regnverje.  Framfor oss hadde vi ein bra varme og laut verja oss mot røyken.  Buskapen hamna - rogjengde i regnet - nordover dei lange myrane.  I bakgrunnen regntung dis over lendet som stig mot Gudbrandsæterfjellet.  Dette maleriet fekk Gløersen 800 kr for.  Det var mange pengar i dei tider.”

Dette bildet dukka opp i ein katalog på Bergen Billedgalleri for mange år sidan, med denne beskrivelsen: “To gutter ved et bål under et grantre. Myrlendt terreng. Lett skodde.” "Gave fra banksjef C.J.Ege, 1907."  Altså same bildet! Dette måtte me sjå! Etter skriftleg søknad fekk me bli med, inn gjennom fleire stengde dører, til eit arkiv der det hekk masse verdifull kunst - og det flottaste av alle etter vårt syn - bildet med bestefar på - 110 x 91 cm stort. 

Seinare har bildet komi fram i dagslys; Siste gong eg såg det var i 2003, da det hang utstilt saman med m.a. "Kampen for tilværelsen" av Chr.Krogh, i lysverksbygget i Bergen, som da var det nye maleriutstillingslokalet i byen.

Gløersen blir buande i Fjøslien heile vinteren, og målar no fleire av dei mest kjende billeda sine. Både «Gjetergutter», «Tømmerkjørere» og «Vinter» er med på Haustutstillinga året etter.

Venen Elling Holst skriv om ei reise frå Kongsberg gjennom Lyngdal til Sigdal iDen norske turistforenings Årbok” i 1896: ”Fra Lindteigen tog vi indover vildmarken, holdt uden synderlig bestemt sti paa nordsiden af den langstrakte eg Teksle, hvorfra der skal være ypperlig udsigt, i retning af Øinevandene, hvor den øverste af de to fjeldgaarde Fjøslien ligger og lyser lang vei.”  Etter eit par timar kjem han fram til Fjøslien. ”Da jeg kom ind, kjendte jeg mig igjen, jeg kjendte baade stuen og folkene. Gløersen har boet der og malt altsammen. Det har hængt i forskjellige udgaver paa høstudstillingerne, og skogen i vinterdragt hænger i Nationalgalleriet”.

torsdag 28. oktober 2010

Bufjell, Rausteinvarden, Himmelspeildokka og Saltblekklia.

Finns det ei mykje gamlare historie enn den me idag kjenner til, her inni nærområdet vårt i Trillemarka - Rollagsfjell naturreservat? Ein kan sloss om namn, men namnet på verneområdet har vorti Trillemarka, sjølv om den opprinnelege Trillemarka ligg i Nedre Eggedal. - Og namnet er bra nok! Området "mitt" som eg no vil fortelja om, er rundt 20 km lenger sør (sør i Numedal er som kjent øst på kartet!), men godt inne i verneområdet lell!

Eg snakkar om Bufjell, som var heimsetra til Nord-Bjørge, der mor mi voks opp. Her setra mor i ungdomen , og her kom far på frieri (sjå bildet). Over vollen gikk den gamle ferdselsvegen mellom Rollag og Sigdal via Fjøslien, og her vart eg kløvja på hesteryggen "tørkesommaren 47" på veg til langsetra Nybu ved Øgnevatn. Dette har eg vorti fortalt. Det fyrste eg hugsar herifrå, var ein skitur i Påska "snøvinteren 50-51". Det var skirenn på Bufjellvollen, og skiløypa gikk over taket på eit av seterhusa! Utatt liane satt eg på stavane, i ei løype ned den bratte setervegen til bygds.

For 2-3 år sia oppdaga eg ei djup grop på Bufjellvollen, tydeleg opparbeidd av folk. Denne har eg aldri høyrt nokon snakka om. Under kulturminneregistreringane her i sommar vart gropa tolka som "Dyregrav". Interessant! Da kjem spørsmåla: Når er den laga? Kven laga ho? Budde dei her? Ingen hadde vel dyregrav langt av lei, utan å vera der? Historia her må i tilfelle vera mykje eldre enn seterdrifta! I tillegg viser det seg at staden er veldig typisk for eldre busetting: Ei solvendt li med god jord ut mot ein tange ut mot Bufjellvatnet. Kanskje er det meir å finna om ein leitar? Dette er spennande! 

Rett på nordsida (=vest) er Fagerliåsen med "St Olavs nakkehøl" (sjå bloggen min 4.okt.2008), og Rausteinvarden, som med sine 897 moh er den høgaste toppen i området. Stadnavn med "rau(d)" i, har som regel med jern å gjera.  Sjå til dømes bloggen til Randi under  http://mormors-skrivebordchable.blogspot.com/2008/11/eg-sit-ved-raustein-navnet-kjem-t-jern.html             Noko jernforekomst her har eg aldri hørt om, men ein skal aldri si aldri -! Kanskje meir forsking kan fortelja oss om ei omfattande historie frå eldre tider?

Namn er fasinerande: I stigen rett nord for Rausteinvarden ligg Himmelspeildokka, ei lita moltemyr med ein vassdipil i. Og nord for Søgje, som er namnet på dæla mellom Bufjell og Svartetjønn, har me Himmelsynnatten. Alle toppane rundt er høgare, men utsikten herifrå er likevel god, både til Veggli og Tekslehogget. I lia nordafor, opp frå setervollen på Bufjell, var det bra beite for bølingen om kvelden. Lia heiter Saltblekklia. Forskarar har funni ut at vassplanter har mykje høgare saltinnhald enn andre. Dette visste dei gamle - og elgen, som du ofte ser står uti vatnet og et! Derfor vart fleire av plantene våre knytta til våtmark, i gamal tid kalla "Saltblekkje" her i dalen. Det gjeld blant anna bukkeblad og mjødurt, utan at eg har greidd å finna nokon av dei i denne lia. Lia er nok alt for attgrodd med skog for desse plantene no. Namnet finns andre stader og, i Flesberg ligg Saltblekktjønn nord for Fleksåsen, omtrent på deilet mellom Evju og Kjølset.


onsdag 6. oktober 2010

Segn og sannhetar frå Tjønnsetertjønn

I heitaste striden om freding av kjempeområdet Trillemarka-Rollagsfjell, kravde me rundt 150 grunneigarane at kulturminnene i området fyrst måtte registreras, for å visa kor aktivt forfedrane våre har bruka området! Trua vår var at ”ansvarlege myndighetar” da ville skjøna at "urskog"-begrepet som naturvernforbundet bruka på skogen her var total skivebom? Men til inga nytte, dette ville dei ikkje kosta! No, etterat vernet er innført, er det likevel pengar, og registreringar er komne igang. Ikkje det grann for tidleg -!

Eg har vori med som kjentmann eit par dagar. Det er masse å visa fram, både av tidlegare verksemd og av stadnavn, som ofte fortel noko om bruken. Til dømes Kastet, ei steinrøys langs setervegen østafor Tjønnsetertjønn. Som gutunge hugsar eg så vel far sa at me måtte plukke med oss kvar vår stein, og kaste den på denne røysa når me gikk forbi. Kvifor det?
Frå ei skuleinnsamling av stadnavn i 1930-åra finns fleire segn, blant anna om dette kastet: "På den staden som heiter Kaste, er det sagt at ein mann som drog høy frå setra, sette seg ned for å kvile. Så sovna han og fraus i hel. Når folk gjeng forbi så kastar dei gjerne ein stein bortpå. Solein er det no ei heil røys her."

No finns det fleire segn om kvifor denne røysa er her; - at dette var kvileplass ein gong dei bar eit lik heim frå setra - eller at ei jente eingong skal ha fått eit dødfødt barn her. Ja, dei kan alle vera sanne nok - kven veit? I alle fall var dette ein naturleg kvileplass når dei drog heim høy frå setrane på kjelke, for her var dei akkurat ferdige med dei lengste motbakkane. På bildet til høgre ser ein Øgnevatn i bakgrunnen.

Navnet Tjønnsetertjønn er og litt rart, for her er inga seter som nokon kjenner til. Men i ei gamal segn fortel bestefar om at Bjørkesett, ei heimseter til Nord-Bjørge, vart ”utlagt” (nedlagt) fordi det spøkte så her. Så skriv han til slutt:
Elles er det nok fleire setrar her som er blitt utlagt nokonær av same grunn som Bjørkesett. Gamlevollane – litt vest for Minneskleiv - setrar under Skarpmoen, og Kjønnsetra i den gamle Hov, Bergan og Nessameiga, der vegen til Langsetrane og østmorkine går over – vart det på begge stader så brysamt og uhuglegt å vera at setrane vart utlagt.” Så forklaringa på navnet er grei nok. Gamlevollsetra har heller ingen visst kor var, før skogforskarar for få år sia fant tuftene.
Sjå http://www.skogoglandskap.no/filearchive/storaunet_et_al_aktuelt_5_05.pdf

At det har vori seter her, er ikkje så rart, for her er gode vekstvilkår. I ein artikkel i det lokalhistoriske tidsskriftet ”Under Norefjell” i 1985, står det at ”Det i mange år lå en kjempestokk under et tekke ute ved Warhus på Modum... - Vi lar Engebret Hiåsen fortelle: ”Je veit`kje akkurat året, men de måtte vel vøri fyst i tjueåra. Grana vart høggi oppi Tjønnseterskoroa i Røllageige, rett vest for Øgnevatna ved den gamle seterveigen te Berjanroa i Røllag. De e` frå `n Kal Bjørnsen je har detta. Kal Bjørnsen va mann som høgg `o, han og n` Sigvart..... Han Kal og n`Sigvart hadde høggi ein heil dag på denne buska, så `o va stor, ser `u...”

Ved utløpsoset på Kjønnseterkjønn ligg Kjøytehaugen. Navnet fortel at har det liggi ei kjøyte her - ei enkel skogskoie bygd av trevirke og jord, omtrent som ei same-gamme. Som regel kan ein sjå restar av ei pipe o.l, men her har eg ikkje funni noko, sjølv om eg har leita. Gunvald Bergan fortel at han hugsar far min og onkel Niri låg her og hogg tømmer. Kanskje låg dei da i kjøyta her, slik dei gjorde i 1930-åra i kjøyta heimom Svartetjønn, da dei låg der og hogg tømmer? Slik ser restane/pisten etter den ut.

På nordsia, omtrent midt på Tjønnsetertjønn, møtes to gamle setervegar. Stigen frå Bergan møter den stigen me gikk med sauer heimante, om Torsrudsaga og Gamlesett. Setervegen vår opp Tjønnseterlia var bratt og vanskeleg å finna. Ein gong me kom der, dreiv Ola Skuggerud (Våsedokk) og grov ny veg opp lia med spade og grev. Kanskje var det for tømmerkjøring, eller det berre var for å ha betre seterveg, - ikkje veit eg. Men resultatet vart bra!





Dette vart ein blogg med meir tekst enn vanleg, men når eg fyrst var i gang så... :)